Haugsvær Auto AS, 5983 Haugsvær. Tlf. 56 36 62 23 / Fax. 56 36 61 20 / Mob. 41 41 55 18 / E-post : haugsver.auto@nettstar.as
Hovudside Mekanisk / Elektrisk Karosseri / Lakkering Redningsteneste Historikk Ledig stilling



 
 
 
 
 
 
 

 

Kort historikk - Haugsvær Auto AS

Starta opp i årsskiftet 1990/1991 som familiebedrift, der far og to søner dreiv saman.
Inntekta kom hovedsakleg frå bilverkstadarbeid, bilbergingsteneste og understellsbehandling. I tillegg dreiv bedrifta sal av drivstoff som Statoil-forhandlar, med tilhøyrande kiosk med sukkervarer og rekvisita. Sal av bildelar frå lager og frå bestilling; også bildekk.

Hadde 2 bergingsbilar: 1 lettbergar og 1 tungbergar.

Rundt 1998 vart det bestemt å ikkje satse vidare på understellsbehandling p.g.a. nye krav til oppgradering av lokale m.m.

Bedrifta utvikla seg vidare på biloppretting og lakkering i moderne lakkboks med tilhøyrande blanderom.
Oppgraderte også diverse utstyr på verkstaden; rettegigg m.m.
Oppgraderte bergingsmateriellet: 1 flakbil og 1 tungbergar.

Ny mekanikar vart tilsett i 1998.

2000 gjekk senior av med alderspensjon.

F.o.m. 2005 vart drivstoffstasjonen lagt om til automatstasjon, dvs sal av drivstoff direkte frå Statoil via kortautomat. Statoil leiger området frå Haugsvær Auto AS.

Bedrifta knytta seg til Meca-kjeden, som forhandlar alle slags reservedelar til bil til gunstige prisar.

I ein periode var totalt 4 mekanikarar i jobb på verkstaden og med redningsbilkøyring.

I 2007 hadde bedrifta 3 mekanikarar i 100% stilling.

I 2008 blir bergingsmateriellet utvida; Byter ut Volvo tungbergar med ein større Scania, i tillegg til innkjøp av ein Dodge 4-hjulstrekkar.

Januar 2010 kjem det på plass ein ny flakbil Iveco 160E; som erstattar den gamle flakbilen.