Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Hordaland
Fylkesblomst
 

    

 
Kusymra - Hordaland sin fylkesblomst
Forfatter: Fylkesmannen i Hordaland
Publiseringsdato: 17.06.2005
 

Kusymra er også ein typisk vestlending, som har tyngdepunktet i utbreiinga si i Hordaland. Mest vanleg er den i lauvskog, men den finst og langs bekkekantar, i eng og jamvel på dyrka mark.  

Namnet kusymre heng saman med sommar. I gamle dagar brukte dei bløminga til kusymra som eit teikn på at no var sommaren komen så langt at kyrne kunne sendast på beite. Men kusymra blir ikkje beita av kyrne. Den er nemleg giftig, og stoffet saponin frå planten vart i folkemedisinen nytta som sveittedrivande og slimløysande middel. Kusymra er Hordaland sin fylkesblomst. 
 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal