Treskofabrikken
i Sellevåg
Forfatter: Olav Aaraas
Tresko er kanhende ikkje det mest kjende treproduktet
frå Sogn. Likevel var det eit plagg som var vanleg både på
liten og stor i eldre tider.
I ei lita bukt på austsida av Brandangersundet i
Gulen ligg garden Sellevåg. Inst i ein liten poll buldrar ein skummande
foss ut i sjøen, og midt i den ville fossen ligg eit kraftig jarnrøyr
som leiar ned til ein liten fabrikkbygning nede ved vatnet. Den gamle trebygningen
ligg støtt og godt i fjøra med ruvande bergveggar over og
attom seg. I sjøen ligg tømmer i lense og frå den store
døropninga høyrer du ramling av tunge hjul og kvininga av
skjerande sagblad. Treflis og spon flyt i sjøen, ligg i haugar kring
veggane og røpar at her arbeider ein med tre. Les
meir |