Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Noregs Riksmonument
Tekst og foto: Scandion

Tanken om å reise eit nasjonalmonument som minne over Harald Hårfagre kom opp i slutten av 1860-åra, og fekk tilslutning frå heile landet. Til 1000-års festen for Noregs samling 18. juli 1872, stod monumentet ferdig på Haraldshaugen ved Haugesund.  Monumentet vart høgtideleg innvigd av arveprins Oscar, den seinare kong Oscar II. 

Monumentet skal symbolisere samlingsverket og riksenheten. Den 17 m høge granittobelisken som reiser seg på den 5 m høge jordhaugen er riksenheten. Rundt haugen står 29 fylkessteinar (8 fot høge) frå dei 29 gamle norske fylka. Det er landsdelane som slår ring om riket.  LES MEIR

Ingvald Eidsheim
Tekst : Scandion

Ingvald Olsen Eidsheim (1909-2000), frå Eknesvågen i Lindås, var eit framståande medlem av Shetlandsgjengen under andre verdskrig. 

Han gjorde først teneste ombord på minesveiparar rundt Island, deretter blei han nestkommanderande på basen i Scalloway, før han blei skipssjef på KNM "Hitra" med 43 vellykka, men farefulle turar mellom Shetland og Noreg i perioden 1943 til 1945.

Eidsheim blei ein av dei høgast dekorerte allierte sjøoffiserane frå andre verdskrig. Han er mellom anna tildelt Krigskorset med sverd (1946), den engelske DSO-orden, og den amerikanske Medal of Freedom.  LES MEIR

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no