Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Austrheim
Fedje
Lindås
Masfjorden
Meland
Radøy
 
 

 

Samferdsle i Nordhordland
Kulturminne
 

 

  
Nordhordland
(01.08.2005)
Foto: Scandion

Nordhordland er ein region nord i Hordaland fylke som består av kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland og Radøy. Området grenser blant anna til kommunane Gulen og Modalen. Regionsenteret i Nordhordland er Knarvik. 

Nordhordlandsbrua - verdas lengste flytebru utan sideforankring - møter deg som kjem frå sør på vegen inn i Meland og Nordhordland. Frodige Holsnøy, hovudøya i Meland kommune byr på idyllar og historiske perlar som minner om den gongen då sjøen var ferdselveg. 
 
 

Attraksjonar med spennande opplevingar 
Frå du kryssar Nordhordlandsbrua, - eller kjem over Sognefjorden via Gulen, kan du få med deg ei mange små og store attraksjonar, innan ulike interessefelt. 
Historiske bygg og gardstun, fiske og fjellturar, riding og kano, museer og ei ope vegkyrkje og mykje, mykje meir. 
 
 

Nordhordland - heimlandet til «Strilen» 

«Stril», tidlegare eit skjellsord, men i dag eit uttrykk som blir brukt med stoltheit. Kva kom så dette uttrykket frå : Kanskje eit uttrykk for at landskapet var «strelete» eller stripete, eit landskap som endrar form etterkvart som du bevegar deg inn i det. «Stril» kan og komme av «stridig», fordi strilebøndene nekta å betale ekstraskatt til futen og skapte dermed den 18. april 1765 opprøret som sidan har fått namnet strilekrigen. Det var kongen som skreiv ut ekstraskatten for å retta opp statskassen etter all krigføringa. Dette skapte motvilje og fekk strilane til å gå til såpass harde mottiltak. Uår på fiske og korn gjorde ikkje tilstanden betre. 

I dette «riket» finn du eit av Noregs vakraste og mest varierte fjordområder med urørt natur, lune vikar og stupbratte fjell. Ytterst mot havet ligg eit særprega øylandskap, der opplevingane skiftar frå solrike svaberg til stormfullt og opprørt hav. 
Nordhordland er som skapt for «opplevingsferie». Kjem du landevegen, kan du på ein dag ta ein rundtur gjennom Lindås, Masfjorden, Austrheim, Radøy og Meland. Ein dagstur til Fedje er ein av distriktets mest populære. 
 

Men området utfordrar til meir enn det. 
Når du har lagt ein slik dagstur bak deg, vil du sikkert komme tilbake for å oppleve litt av det du ikkje rakk å få med deg på turen. 

Her finn du fossar og vatn, fjordar og fjell, der landskapet går direkte over i skogkledde øyar og urørte vidder. Spennvidda er stor i dette landskapet. 

Få minutt frå hovudvegen kan du vandre direkte inn i ville fjell og urørt natur og ha følelsen av å være åleine i verda. For deg som likar fotturar er turopplevinga like skiftande som landskapet. 
 

Opplev: 
- Fedje og Austrheim med sine svaberg og lyngheier. 
- Radøy, kjent som «den grøne øya» med skiftande vegetasjon frå strandkanten til dei høge åsane midt på øya. 
- Lindås og Meland med gangstiar frå kysten og opp til kjente fjellparti som Eldsfjellet og Gladihaug. 
- Masfjorden med distriktets mest særprega fjellkjennemerke, Ådneburen. 
- Eller Stordalen der du kan vandre rett inn i Stølsheimen, og ta turen til Sogn eller mot Voss. 

Båtturer 
Tenk deg ein båttur mellom holmar og skjær og inn mellom bratte fjell. Dette vakre området har vel så mykje å by på som kysten sør for Bergen. 

Kulturminner
Det er mange kulturminner i Nordhordland med historie heilt tilbake til steinalderen. Du finn informasjon om desse under kvar kommune. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no