Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Haugesund
Attraksjonar
 

 

 
Noregs Riksmonument
Tekst og foto: Scandion
Publiseringsdato: 30.01.2005

Tanken om å reise eit nasjonalmonument som minne over Harald Hårfagre kom opp i slutten av 1860-åra, og fekk tilslutning frå heile landet. Til 1000-års festen for Noregs samling 18. juli 1872, stod monumentet ferdig på Haraldshaugen ved Haugesund.  Monumentet vart høgtideleg innvigd av arveprins Oscar, den seinare kong Oscar II. 
 
Monumentet skal symbolisere samlingsverket og riksenheten. Den 17 m høge granittobelisken som reiser seg på den 5 m høge jordhaugen er riksenheten. Rundt haugen står 29 fylkessteinar (8 fot høge) frå dei 29 gamle norske fylka. Det er landsdelane som slår ring om riket. 

På steinane er det innhogd dei gamle norske fylkesnamna og steinane er kosta av dei tilsvarande byer og landdistrikt, der dei også er henta frå. 

Harald Hårfagre var vestlandskongen som samla Norge til eit rike etter å ha bekjempa fleire småkongar i slaget ved Hafrsfjord i 872. Etter dette slaget la han hovedgarden sin på Avaldsnes. Ny forskning seier at Harald også hadde ættejord på Avaldsnes før han gjorde staden til Norges eldste kongesete. Alle Haralds kongsgardar låg i Rogaland og Hordaland. Andre områder i landet vart styrt av jarlar på Haralds vegne. Haralds mor var Ragnhild, dotter av sognekongen Harald Gullskjegg. 

Sagaen fortel at Harald var ein uvanleg vakker mann, sterk og stor og gavmild på gull, venesæl og høgt elska av folket. Han hadde mange koner og born, mellom dei var Gyda kongsdotter frå Hordaland og prinsesse Ragnhild frå Danmark. 

Harald samla seg store rikdommar på vikingferder over Nordsjøen. Han hadde nære kontakter med den engelske kong Adalstein som og var fosterfar til Haralds yngste son, Håkon. Sjølv held Harald mest av sonen Eirik Blodøks. Før Harald døydde, førte han Eirik Blodøks til høgsetet og gjorde han til overkonge. Harald døydde ca 930 e. kr. og vart gravlagt "på Haug ved Karmsund". 
Namnet Hårfagre fekk kongen fordi han svor på å ikkje klyppe håret før han var konge over heile Nordvegen (Norge). Ti år brukte Harald Hårfagre på å slå ned andre småkongar, før han etter slaget i Hafrsfjord i 872 e. kr. gjorde Avaldsnes til sitt kongesete. 

Det er Snorre Sturlason som har gjeve opplysningen om kvar Harald Hårfagre vart hauglagt. At Harald døydde sottedød i Rogaland (kongsgarden på Avaldsnes) og vart hauglagt ved Karmsundet. 

"Ved Haugesundet står det en kirke", heiter det i Harald Hårfagres saga. Vestanfor kyrkja ligg kong Haralds leiestein, den som låg over hans leie i haugen. 

Snorre må sjølv ha vore og undersøkt staden då han var i Norge i 1217. Den kyrkja Snorre då må ha sett, låg på den plassen Haraldshaugen vart reist i 1872. Kyrkja var ei lita steinkyrkje som kom i forfall i slutten av middelalderen, men restane av murane var synlege heilt til 1872. 

Håkon den Gode 
Etter Haralds død blei det kamp mellom sønene hans om kongemakta. Håkon Adalsteinsfostre, også kalt "den gode", kom attende frå England og utkjempa eit vilt slag på Avaldsnes med sønene til sin eldste bror, Eirik Blodøks. Slaget skal ha stått på det som i dag er kalla "Blodheia", og Snorre fortel at Håkon vann. Eirik Blodøks flykta til England og vart den siste skandinaviske konge i York. 
 
 

Haugalandet - Noregs første buplass 

Over heile Haugalandet finn ein spor etter mennesker gjennom uminnelege tider. Vi veit på bakgrunn av Norges eldste og største steinalderfunn av flintøkser, pil - og spydspissar gjort på Fosen i Karmøy kommune, at det har budd folk ved Karmsundet i minst 10.000 år. Desse første menneska som vandra inn i Norge etter at isen trekte seg tilbake for 12.000 år sidan, kom sannsynlegvis frå Nordsjøfastlandet som no er sunke i havet. Gjennom årtusen har Haugalandet hatt nokre av Norges mektigaste jordherrar, høvdingar og kongar. Det er spor etter dei over alt i landskapet; helleristningar, gravhaugar, bygdeborger, bautaer, steinkors og kyrkjer. 

Krossen på Krosshaugen 
Omlag 75 m sør for Haraldshaugen ligg Krosshaugen der det står eit steinkors frå den første kristne tida i Norge (omkring år 1000). Staden har vore tingplass og krossen er kanskje eit minne om at bøndene på tinget tok den kristne tru. 

Foto : Scandion 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal