Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Etne
Attraksjonar
 

    

 
Attraksjonar
 
Den største attraksjon i Etne kommune er ein mangfaldig natur, frå fjord til fjell og fonn. Langfoss, Etnefjella og Etneelva er då viktige stikkord.

Men du kan også oppleve eit variert tilbod av andre attraksjonar, både historiske og meir moderne som t.d. galleri, kunst i offentlege rom og særmerkte hageanlegg. Ved sida av mange kulturminne og bygningsmiljøet i Skånevik.

Hellerisningar
I Etne er det tillrettelagde hellerisningar på Helgaberg på Stødle og Duesteinen og Bruteigsteinen i Stordalen. Ved Bruteigsteinen er der infotavle, men diverre er figurane for tida litt svakt oppmalte.

Postvegen Etne - Skånevik

Postvegen i Rullestadjuvet
Gamal ferdaveg i dramatisk fosselandskap mellom Skromme og Rullestad i Åkrafjorden (frå om lag 1870). Vegen er under restaurering og noko uferdig i delar. Frå Skromme kan ein gå vidare opp stien til dei kjente jettegrytene.

Borgaråsen bygdeborg på Osnes
Natursti med infotavlar opp frå badeplassen i Honsvikjo. Bratt bakke opp siste del. I alt er der 4 bygdeborgar rundt Etne. Der er i dag ikkje særleg mykje att etter desse forsvarverka frå århundra før 600 e. Kr, anna enn nedraste murar.

Den gamle Åkrafjordvegen
Veganlegg bygd ferdig av tyskarane under siste verdskrigen. Rundt 1000 mann arbeidde her i 1940. Høgkvalitets ingeniørkunst. Vakkert fjordlandskap. Opent frå steinkvelvingsbrua ved Skålnes aust for Markhus, via Teigland til Tjelmeland (vinterstengt sistnemnte del). Fine utsiktspunkt. 

Gamal handelsstad på Kyrping
Viktig knutepunkt i Åkrafjorden frå gamal tid, med samferdel og handel, vare- og tenesteproduksjon til langt ut på lenge etter 1950. Bygningane er under oppussing til private føremål.

Gravfelt
Det ligg gravfelt og einskildgraver spreidt i heile den vestlege delen av Etne kommune. Dei største felta ligg på Stødle-Sørheimsterrassen (infoskilt kjem ved Stødle kyrkje) og Grindheim/Rygg. På Ebne på Skånevikstranda ligg eit særmerkt gravfelt ned ved sjøen. Ein av gravene har 4 steinstøtter i hjørnene (infoskilt kjem).

Industrielle kulturminne.
I samband med eit tusenårssprosjekt om Industrielle kulturminne på Vestlandet, blei det skreve om to plassar i Etne: 

Den gamle industristaden Håfoss

Sardinfabrikken i Skånevik

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal