| Nordhordlandsprisen (30.10.2006)
 Det er avisa Nordhordland og Nordea Bank som står
bak Nordhordlandsprisen, som er ein sjekk på 10.000 kroner og eit
kunstverk av ein lokal kunstnar. 
 2006 
Lindås Ungdomslag får prisen for sitt flotte
arbeid for barn og unge. Mellom anna driv laget eit imponerande revy- og
teaterarbeid med oppsetjinga av «My Fair Lady» som ein kjempesuksess.
 2005 
Tommy Urhaug er tildelt Nordhordlandsprisen 2005 for
sin imponerande innsats innan handicap-idretten i ei årrekkje. Trass
sin unge alder har bordtennisspelaren frå Radøy ei svært
lang merittliste frå internasjonale meisterskap.
 2004 
Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta har fått
årets Nordhordlandspris. Utvandringssenteret får prisen for
sin imponerande innsats for å ta vare på og vidareformidla
ein viktig del av historien til dette distriktet.
 2003 
Seim songkor fekk Nordhordlandsprisen for 2003. Prisen
var på 10 000 kroner, og vinnaren fekk også eit maleri av kunstnaren
Kjersti Isdal frå Lindås.
 Songkoret fekk prisen for si formidling av song og musikalar,
og det vart i grunngjevinga vist til at koret har solide plasseringar å
visa til både i norske og utanlandske kortevlingar. Det er Nordhordland
avis som saman med Nordea Bank står bak prisen, som vart delt ut
av juryformann Einar Dale. (Kjelde: Strilen) 
 2001 
Eikanger Bjørsvik Musikklag får Nordhordlandsprisen
2001. Korpset har i mange år vore blant dei beste brassbanda i Europa.
 2000 
Kjersti Wiik får Nordhordlandsprisen for sin innsats
som målberar av strilekulturen og som kulturformidlar.
 1999 
Ivar Medaas
 
 |