Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Fjon frå fjell til fjord
4. årgang

 

   
 

 
Ungdomslaget "Syskinringen" 
Forfatter: Johanna Duesund 

"Dei unge i Noreg må vinnast for Gud, den oppgåva herleg oss helsar." Ja, det var mottoet for det kristne ungdomslag som vart skipa i 1922 ute i skulehuset på Solstrand, Tresdalsvik som var postadressa. Det var bygd nytt skulehus der. Og Oliva Andvik var lærar. I 1919-20 åra tok ho til med eit songkor, og nokre frå Duesund var med i det og. 

Kristen-leiaren i krinsen Erik Areklett og Halvar Duesund hadde begge store barneflokkar. Det hadde forresten alle i den tid. 
Dei såg det som ei stor utfordring å få samla dei unge til kristne møte og hyggjesamvær. I mange år hadde her vore eit fråhaldslag som heitte "Midtbygdens Fråhaldslag" der og Sandnes var med. 

I 1920 kom Sigurd Berg som nyutdanna prest til Masfjorden. Han var austlending, ein god talar og svært interessert i ungdomsarbeid. Han hadde drive eit gutelag der han kom frå. To av dei gutane kom med til Masfjorden. Den eine heitte Kristian Andebu og var konfirmert. Den andre heitte Dagfinn Bull Strandli og vart konfirmert i Sandnes kyrkje det første året dei var her. Dei skulle arbeida på prestegarden, for Berg ville ikkje ha paktar. Han ville styra prestegarden sjølv. 

Berg var ivrig for at her måtte skipast ungdomslag i Masfjorden. Ein fin haustdag 1922 var unge og eldre samla til møte i skulehuset på Solstrand. Berg skulle tala, og så skulle det skipast ungdomslag. Det vart forslag om kva laget skulle heita. Etter mange forslag sa Oliva Andvik: "Det må heita Syskinringen". Og det vart handklapp på det. Berg foreslo at det måtte meldast inn i ungdomsforbundet N.K.U.F. Ein årleg kontingent vart sett til kr 2,-. Det vart vald styre og formann. Og til formann vart vald Erik Areklett. 

Erik Duesund og eg var konfirmantar den hausten, og då møtet var slutt kom presten bort til oss og sa: "Nu må dere melde dere inn med en gang". Sjølvsagt gjorde me det. Og slik gjekk det med dei fleste i krinsen. Etter kvart som dei blei konfirmerte, kom dei med i ungdomslaget, og dei som hadde songstemme kom med i songkoret. Her var berre to kyrkjer i Masfjorden då, så dei sundagane det ikkje var preik i Sandnes, hadde me jamt ungdomsmøte. Me frå Duesund rodde sjølvsagt. Motorbåt var ikkje snakk om. Det var visst ikkje mange av dei i Masfjorden då. 

Det var óg skipa ungdomslag på Andvik og Haugsvær. Og alle var innmeldt i ungdomsforbundet. Det var Berg som foreslo det. 

Alle møte tok til med andakt og tale. Viss det høvde slik at her var ein reisetalar i krinsen, vart han nytta som talar. Elles hadde me ei handskriven avis som fekk navnet "Vårgry". Den gjekk på omgang. Ikkje alle hadde så mykje sjølvskrive, men Isak Areklett var ein god skribent som alltid hadde eit dikt eller noko både i skjemt og alvor. Det var vel knapt ei avis utan at det var noko frå hans hand. 

Etter eit møte hadde me ofte songøving, og koret vart etterspurd både til stemner og andre samvær i Masfjorden. I dei 5 åra Berg var prest song me alltid i kyrkja juledag. 

Me tok ofte ut på ein liten tur. Me vitja laget på Haugsvær og Andvik, og dei kom til oss. Lærar Steine hadde songkor på Andvik. Eit par gonger hende det at me øvde saman og song i kyrkja. 

I 1928 skulle det vara ei stor songarstemne i Bergen. Eit mannskor frå Amerika skulle mellom anna koma. Dirigenten og dei andre i styret tok til å snakka om at no må me ta ut på stortur til byen og gå på konsert. 

Det vart til at dei rigga ut den gamle notskøyta på Sandnes. Ivar Duesund hadde ansvar for skøyta med hjelp av eit par gutar frå Sandnes. Ikkje alle i koret vart med, men ein god del av oss og nokre frå Sandnes og Bauge. Det var høgsumar og strålande ver. Me sat på dekk og åt nista og song: "Når fjordene blåner". Tenk om me kunne få høyrt den i kor no? 

Nei, no skal det helst vera engelsk. Konserten gjekk over 3 kveldar, og me overvar alle. Om dagen gjekk me på byen, om kvelden på konsert. Ein dag tok me tur på Fløien. Nokre av oss hadde slekt og kjende i Fana, og tok tur der. Gutane låg ombord i skøyta og stelte seg sjølve. Dei fleste av oss jenter hadde kjende i byen me overnatta hjå. Billetten til konsertane hugsar eg ikkje. Kan tenkje meg ca. 2-3 kr. Og frakta med skøyta- ja, det var lik null. 

I påskehelga 1935 vart det av ungdomsforbundet halde eit leiarkurs i Masfjorden. Talarar var krinsformann Gullaksen og teolog Gjesdal frå Bergen. Kurset tok til skjærtorsdag. Gjesdal hadde 3 bibeltimar. 

Langfredag var det gudsteneste i Sandnes kyrkje. Påskeafta bibeltime i Halsøy skulehus. Påskedag gudsteneste i Solheim, der songkoret var med og song. Etter gudstenesta drog me til Matre der me skulle ha fest. Haugsvær og Matre musikklag gledde oss med sitt innslag. Andre påskedag var siste møte på Solstrand, der Gullaksen og Gjesdal tala. Ei gild påskehelg me seint gløymde. 

Ein ting me gledde oss til heile året var julefesten. Då var det alltid fullt hus. Dei kom frå Hosteland, og dei kom frå Kvamsdalen - nokre som hadde tilknytning til Areklett. Festdagen prøvde me alltid leggja slik at me kunne rekna med måneskin, grunna oss frå Duesund som måtte i båt. 

Ein replikk som sto i avisa frå ein julefest, lydde slik : "I år er månen oss huld, tenk sjølvast juledag, då er han full, så den suta skal me sleppa, og med festen me vona få heppa". 

Jau, me hadde oftast heppa med alle festane, bortsett frå ein gong: Det storma ein del då me rodde ut i halv tre-tida. Men det auka på utover kvelden, så då festen var slutt i ti-tida, storma det slik at Halvard kom inn og sa: "Det nyttar ikkje å ta ut no". 
Det var ikkje anna å gjera enn å fortsetja festen. Me song, gjekk om juletre, hadde gjettekonkurranse og småleikar. Halvard var støtt ute og lytta etter stormen. I tolv-halv eitttida kom han inn og sa : "No trur eg me må prøva - det har løya litt." 

Me tok farvel med dei på øylandet, som ynskte oss vel heim. Me høyrde susen i tretoppane då me kom ut. Skal innrømma at eg var redd. Godt me hadde stor båt, og Halvard til rors. Men me var last på båten, og eg hugsar at ein sjø slo inn så tiljane flaut. Me ausa, og me landa velberga ved naustet hans Halvard i Nesjane. 

Men då hadde bror min og eg ein kilometer å gå før me kom heim i svarte natta. Telefon var her ikkje då, så heime visste dei ingen ting. Sjø og båt var så vanleg at dei rekna visst oftast med at alt gjekk godt. Trur nok dei hadde sendt ei stille bøn opp til han som stiller stormen! 

Ja, Halvard var alltid med oss både i storm og stilla. Eg minnast ikkje eit møte der Halvard ikkje var med. Han var alltid smilande og likte seg i lag med ungdomen. Han gjorde mykje godt for det kristne ungdomsarbeidet i Masfjorden. 

I oktober 1930 kom Brand II til Solstrand. Då hadde dei først gått til Sandnes og Mollandseid og samla folk, så huset var fullt då møtet tok til. Fauske viste lysbilete frå mange turar rundt kysten og til Nordkapp. 

Ja, Brandbåtane var veldig populære for ungdomslaget vårt. Etter kvart det vart større båtar, tok han turer til både Sverige, Danmark og Tyskland. Det var óg arrangert tur til Midelhavet og Israel. Og dei i ungdomslaget som hadde pengar, vart med på langturane. Ein gong var heile songkoret med til Lærdal i Sogn, og koret song i kyrkja under møtet som var arrangert der. Ein gong skreiv Fauske til ungdomslaget at han hadde eit reisefylgje av svenskar som han gjerne ville ta innom Masfjorden, om me kunne laga til fest. Det vart lagd til Andvik. Jenny og Elisabeth pynta matsalen i bedehuset, og det vart eit umåteleg gildt møte. 
Mange av svenskane heldt tale. Og rosa både Noreg og Masfjorden. Den eine sa at han var så glad i Noreg på grunn av at han hadde fått så mykje godt gjennom Ludvig Hope. 

Mange av medlemane i ungdomslaget fekk arbeid ombord i Brandbåtane. Dei første var vel Ivar Duesund, Leif Areklett og Agnar Areklett. Olav Areklett var nyutdanna prest, men prestekall var det vanskeleg å få i dei dagar. Fauske spurde han om å vera med Brandbåtane, og han tok mot tilbudet. Ingolf Duesund byrja som matros i 1934. Tok seinare maskinistsertifikat og arbeidde i fleire år som maskinist ombord, ja, heilt til 1966. At så mange Masfjordingar var med, gjorde vel sitt til at me fekk så ofte besøk av Brandbåtane. 

I pinsehelga 1942 hadde N.K.U.F. leiarkurs i Masfjorden. Heile tre talarar frå forbundet kom. Det var: Johan B. Johnsen, pastor Utkilen og pastor Rossabø. Pinseafta var det møte i skulehuset. Pinsedag i Sandnes kyrkje, som var fullsett. Det kom folk frå Fjell, Strusshamn, Austrheim i stor motorbåt. Dei hadde med eit mannskor som song i kyrkje. Om ettermiddagen var det friluftsmøte i Arekletten. Mannskoret var med der og. Andre pinsedag samlast me i skulehuset kl. 10 til bibeltime og avslutning. 

Den 8. oktober 1942 hadde "Syskinringen" 20 års-fest. Skulestova var vakkert pynta, og fullsett med tilhøyrarar. Pastor Utkilen kom som talar. Halvard fortalde interessant om laget sitt arbeid dei 20 åra. 

Oliva Andvik var sjuk, og døydde frå oss i 1943. Så songkoret vart lagt ned. Etter nokre år stod det opp eit jentekor av 7-8 jenter. Gunvald Reknes var dirigent. Eit musikklag var og aktivt ei tid. 

Dei songglade jentene dreiv og med syforening, der me laga ting til inntekt for ungdomsmisjonen i Kina. Og utlodning hadde me gjerne på ei festtilstelning. Me fekk såleis besøk av ein ung fin misjonær som heitte Nicolai Kjær, som skulle til Kina, og me lova å støtte arbeidet. 

Fråhaldslaget hadde og vore i funkjson alle desse åra, og det hende ofte at ungdomslaget og fråhaldslaget hadde møte saman. Og det kom jamt ein fråhaldstalar som ville vitje laget vårt. 

Etter kvart vaks det opp ungdom i Reknes som ville vera med i ungdomslaget. Og no var her kome motorbåt både her og der, så det vart lettare på mange måtar. Og møta gjekk på omgang til Mollandseid, Duesund og Solstrand. Men mange ting følgde med utviklinga. Dei små skulane vart nedlagd. Ungdomen reiste ut av bygda på skule, og mange fekk arbeid andre stader. 

År om anna hadde me hatt konfirmantfest i ungdomslaget. Den siste var på Mollandseid i 1961. Me fekk brev om at den nye krinssekretæren Steinar Halseth ville koma og ha møte hjå oss og på Haugsvær. Me tenkte kanskje me skulle prøva med konfirmantfest då? Men festen vart ein skuffelse for oss som arrangerte. Ungdomane var så knisete og fnisete under festen, at me tykte det var ei skam. Me snakka om det med Halseth då me kom heim. Å ja, sa han, det har nok vorte mykje slik no. Det er nok ikkje så lett å samla dei unge til kristent møte no som det var før. Me lyt prøva nye vegar. Og det har dei og gjort. Leiararbeidet er ein ting som har vist seg vera ein god måte å få born og unge til å lytta til det kristne bodskap. 

Ja, det kunne vera mykje meir å skriva om "Syskinringen", men det får vera med dette. Eg kan berre seie at me som fekk vera med der, fekk ei vidunderlig rik og god ungdomstid som eg trur fekk prega oss heile livet. 

Rundt 60- talet vart ungdomslaget nedlagt. Desse har vore formenn: 
Erik Areklett 
Borghild Areklett 
Oliva Andvik 
Halvard Duesund 
Harald Duesund Halsøy 
Johanna Duesund 

Dei to siste berre korte periodar. 

----------------------------------------------------------- 
Fjon frå fjell til fjord nr. 4 1994 - Masfjorden Sogelag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal