Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Leksikon

 

 
Masfjorden gjennom århundrer
Foto: Scandion

Masfjorden si historie er skapt av små og store hendingar gjennom århundrer. Mangt og mykje av denne historia kan ein lese om i gamle skrifter, kyrkjebøker, utvandringsprotokollar, bygdebøker, sogehefter o.l. 

Framleis er det informasjon om mange hendingar, i vår nære og fjerne fortid, som ikkje er komen på trykk, eller allment lett tilgjengeleg. 

For å få ei enkel oversikt over historia og det som har skjedd av utvikling i Masfjorden kommune, finn du her starten på eit leksikon over hendingar frå 1800-talet og fram til våre dagar. 
 

GEOGRAFI 
Tot. areal (fastland + øyer): 558 km² 
Areal fastland: 544 km² 
Areal øyer: 14 km² 
Tal øyer: 190 
Tal vatn: 310 
Areal vatn: ca.30 km² 
Høgste fjell: Årdalsryggen (Stølsheimen) 1047 moh 
Nest høgste fjell: Storevasseggja (Stølsheimen) 1044 moh 
Tal. innb. 3. kvartal. 2002………1733 

------------------------------------------------------------ 

1800 : 
Fyrste handelsstaden i Masfjorden var på Sandnes og dette året fekk Nils Halvardson Skauge kongel. løyve til å halda gjestgjevarstad på Sandnes med sal av øl og mat til ferdafolk. 

------------------------------------------------------------ 

1845 : 
12. oktober : Sandnes kyrkje vart vigsla. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1849 : 
Det første skulehus i Masfjorden vart bygd på Risnes, og kosta av Erik Riisnæs. 
3. juni : Masfjorden fekk kolerakyrkjegard i Amundsbotten. Vart aldri nytta. 

------------------------------------------------------------ 

1850 
Christen Rasmussen, som før hadde vore gesel i Bergen, kjøpte ein del av bnr. 1 på Sandnes der han sette opp våningshus og bakeri. Han dreiv bakeriet til han døydde i 1859. 

------------------------------------------------------------ 

1862 : 
Solheim kyrkjegard vart vigsla av prost Hveding. 

------------------------------------------------------------ 

1867 : 
15. februar : Fyrste poststaden i heradet var på Sandnes med namnet Masfjorden. Fyrste styrar var bonde Erik Monsson Sandnes. Frå 1/1 1919 er namnet endra til Masfjordnes, eit laga namn som ikkje finst nokon stad i bygda. 

------------------------------------------------------------ 

1873 : 
Fyrste fesjået vart halde i Masfjorden. 

------------------------------------------------------------ 

1876 : 
1. januar : Masfjorden vart eige prestegjeld. 
11. desember : Wilhelm Friman Koren Christie vart utnemnd til den fyrste sokneprest i Masfjorden. 
Jørgen Nilsson Solheim (f. Kalhovda) tok til med handel i ei bud på Solheim. 

------------------------------------------------------------

1879 : 
Ordførar Erik A. Riisnæs, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 
Masfjorden vart utskild frå Lindås Herad. 
Vegen mellom Frøyset og Sleire vart påbegynt. Ferdig i 1894. Fyrste vegen som vart bygd i Masfjorden med heradstilskot. 
23. april : Fyrste møte i fattigstyret i det nye Masfjorden herad. Presten Christie vart vald til formann. 

------------------------------------------------------------ 

1880 : 
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar Erik M. Sandnæs. 
Erik Arneson Riisnes vart kommunen sin første lensmann. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1881 : 
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar Erik M. Sandnæs.
16. februar : Thorbjørn Frølich vart utnemnt til sokneprest. 

"Frølichen", presteskyssbåten til soknepresten. 
Type: Åttring. Lengde: 6,97 m. 
Sprisegl. Båten vart bygd i Nordfjord i 1870 og kjøpt inn til Masfjorden. Presten i Masfjord, Th. Frølich, brukte han som skyssbåt i tidsrommet 1881-1892. Han budde i Botn og hadde eit rolag på fire mann. 
Skyssbåten er no på Hordamuseet i Fana. 

Karl Skauge vart tilsett som lensmann. Hadde stillinga til han døydde 1883. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1882 : 
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar Erik M. Sandnæs. 
23. januar : Masfjorden lærerforening vart stifta. Les meir 
24. mars : Solheim kyrkje vart vigsla.Les meir
1. juli : Solheim vert poststad. Fyrste styrar var Ola A. Solheim til 1919. Les meir 
Lars Tangedal tok til med handel i Torsvik. 
Sandnes kyrkje fekk sakresti med barnerom 

------------------------------------------------------------ 

1883 :
Ordførar Kristen T. Bergsvik, varaordførar Torgeir Haugsvær. 
Arne Gabriel Risnes vart tilsett som lensmann. Hadde stillinga til 1919. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1884 : 
Ordførar sokneprest Thorbjørn Frølich, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 

------------------------------------------------------------ 

1885 : 
Ordførar Torbjørn Frølich, varaordførar Torgeir Haugsvær. 
Risnes vart poststad. Fyrste styrar var lensmann Arne E. Riisnæs. Les meir 
Landhandlarane fekk løyve til å selja "tynt øl" (krusøl). 

------------------------------------------------------------ 

1886 : 
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 
7. januar : Masfjorden Totalavholdsforening vart starta. 

------------------------------------------------------------ 

1887 : 
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 

------------------------------------------------------------ 

1888 : 
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 
Januar : Søre Kvingo vart poststad. Fyrste styrar var mølleeigar August Konow til 31/5 1906. Les meir 
Masfjorden herad vart delt i 10 fattigkrinsar med kvar sin tilsynsmann. 

------------------------------------------------------------ 

1889 : 
Ordførar Thorbjørn Frølich, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 
Kvamsdal Fargeri vart grunnlagt av Rasmus Kvamsdal i det nye bustadhuset hans på Sandnes. 

------------------------------------------------------------ 

1890 : 
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 
Sandnes kyrkje får orgel. Det var ei gåve frå Marta Riisnes, enkja etter kyrkjesongar Erik Arneson Riisnes. 

------------------------------------------------------------ 

1891 : 
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 
Ei nemnd vart vald for å førebu bygging av heradshus. 

------------------------------------------------------------ 

1892 :
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 
26. juni : Fredrik Olsen vart utnemnt til sokneprest. 
Masfjorden målleselag vart skipa. 

------------------------------------------------------------ 

1893 : 
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 

------------------------------------------------------------ 

1894 : 
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 
Skulehuset på Nordland for Andvik krins var ferdig. Kalkulert til kr. 2600,- 
Skulehuset på Sleire var ferdig. Hadde ikkje bustad. 
Haugsvær skule var ferdig. 
Vegen mellom Frøyset og Sleire vart ferdig. Påbegynt i 1879. 

------------------------------------------------------------ 

1895 : 
Ordførar Rasmus M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 
Nordre Kvinge fekk skulehus - med bustad. 
Indre Haugsdal vart poststad. Fyrste styrar var Rasmus F. Haugsdal til 31/3 1906. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1896 : 
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 
Det vart bygd veg til Solheim kyrkje. 

------------------------------------------------------------ 

1897 : 
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 
Hosteland vart poststad. Fyrste styrar var Kaspar G. Hosteland til 25/2 1942. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1898 : 
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 
Sandnes smie og mekanisk verkstad vart starta av Knut J. Otterstad. 

------------------------------------------------------------ 

1899 : 
Ordførar Torgeir R. Haugsvær, varaordførar Rasmus M. Haugsvær. 

------------------------------------------------------------ 

1900 : 
Ordførar R. M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 
Folketal : 2250 

------------------------------------------------------------ 

1901 : 
Ordførar R. M. Haugsvær, varaordførar Torgeir R. Haugsvær. 
Sparebanken i Masfjorden vart skipa. Les meir 
15. august : Andvik brevhus vert opna. Fyrste styrar Ola N. Andvik. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1902 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar R. M. Haugsvær. 
2. januar : Masfjorden Sparebanken hadde sin første opningsdag. 
Skulen på søndre Hope utan bustad var ferdig. Kostnad kr. 3400,- 
Skulen på Solheim utan bustad var ferdig. Kostnad kr. 3600,- 
Skulen på Tverbjørg var ferdig med eit par små rom til læraren. Kostnad kr. 3500,- 

------------------------------------------------------------ 

1903 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar R. M. Haugsvær. 
Matre vart poststad. Første styrar var Johannes R. Matre til 1911. Les meir

------------------------------------------------------------ 

1904 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar R. M. Haugsvær. 
Haugsvær fekk brevhus. Styrar Jetmund J. Haugsvær. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1905: 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar R. Eikemo 
Skulen på Sandnes fekk rom i heradshuset og lærarbustad. 
28. september : L. Kanestrøm var utnemnd til sokneprest. Overtok embetet 25/3 1906. 

------------------------------------------------------------ 

1906 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar R. Eikemo 
Matre og Haugsdalsvassdraga vart kjøpt opp av forretningsmannen Blaauw frå Bergen. 

------------------------------------------------------------ 

1907 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar R. Eikemo. 
D/S Masfjord vart sett inn i rute på Masfjorden. Les meir 

------------------------------------------------------------

1908 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Johannes R. Mjanger. 
Martin Hope starta med smie på Totland.
17. april : Frøyset kyrkjegard vart vigsla. 
9. juni : A/S Matrefallene søkte om konsesjon på å byggje ut kraftkjeldene i Haugsdals og Matrevassdraga. 
1. juli : Søre Hope vart poststad. Første styrar Ludvig L. Hope. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1909 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Johannes R. Mjanger. 
Haugsvær vart poststad. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1910 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Johannes R. Mjanger. 
Folketal : 2252 

------------------------------------------------------------ 

1911 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar Eikemo 
Politivedtekter for bygda vart vedtekne. 
Matre Hotell var bygd. 
Nordre Kvinge fekk brevhus. Styrar Mons J. Hope. Les meir 
Sandnes fekk rikstelefonstasjon. Namn: Masfjorden. Styrar Mons E. Sandnes. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1912 : 
Ordførar Hans B.Wergeland, varaordførar Ivar Eikemo 
Nye likningsreglar for heradet vart vedteke. 
Kyrkjegarden på Sandnes vart utvida. 
Sandnes kyrkje får omn. Det vart sett inn to magasinomnar. 
12. februar : Telegrafstasjon vart opna på Sandnes. 
Den første telefonsamtale var mellom Mons E. Sandnes og Thorbjørn Frølich. Les meir 
Kvamsdal skule bygd. Kostnad kr. 3124,- 
Hosteland fekk rikstelefonstasjon. Styrar J. G. Molland. Les meir 
Solheim kyrkje får orgel. 
Sandnes kyrkje får nytt orgel for innsamla midlar. Levert av Sandvåg orgelfabrikk. 

------------------------------------------------------------ 

1913 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar Eikemo. 

------------------------------------------------------------ 

1914 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar Eikemo. 

------------------------------------------------------------ 

1915 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar Eikemo. 
Veg vart bygt frå Matre til Hommelfossen 
Bergsvik fekk rikstelefonstasjon. Styrar Kristen T. Bergsvik. Les meir 
Matre fekk rikstelefonstasjon. Styrar hotelleigar Ola E. Sandnes. Les meir 
Solheim fekk rikstelefonstasjon. Styrar Rasmus A. Hope. Les meir 
Haugsvær fekk rikstelefonstasjon. Styrar Ola M. Haugsvær. Les meir 
Sandnes kyrkje fekk ny altertavle. Teikna av arkitekt Furst, Oslo. Arbeidd av bilethoggar Johnsen, Bergen. 

------------------------------------------------------------ 

1916 : 
Ordførar Hans B. Wergeland, varaordførar Ivar Eikemo. 
Risnes fekk rikstelefonstasjon. Styrar Laura Tangedal. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1917 : 
Ordførar Ivar R. Eikemo, varaordførar Lars N. Kvinge 
Ordføraren vart pålagd å senda søknad til stortinget om å få telefon til Sandnes og Andvik. 
Sildefabrikken i Andvik brann ned. 
23. juli : Kvinge musikklag vart stifta av Martin G. Hope. Han var og laget sin første formann og dirigent. 

------------------------------------------------------------ 

1918 : 
Ordførar Ivar Eikemo, varaordførar Lars N. Kvinge. 
17. mars : Thodor Ulleland vart utnemnd til sokneprest. 

A/S Sandneselvens Slip & Motorverksted vart skipa. Eit lutlag som hadde som formål å byggja båtmotorar, og starta av Johan J. Otterstad. Verkstaden skulle drivast med elektrisk kraft. Frå dette verket vart det så bygt kraftline til Sandnesgrenda. Ulempa var at det var lite oppdemmingsvilkår slik at i turkeperiodar så vart det lite både av kraft og spenning på nettet. 

Solheim får elektrisk straum via eit grendaverk. Anton og Nils Solheim var mekanikarar hjå Wikmann på Rubbestadneset. Dei bygde ein liten peltonturbin som dei sette opp i ein liten stasjon. Og med ein tilsvarande dynamo vart dette til lys for busetnaden på Solheim. 

29. oktober : Gravplassen på bruket Vangen i Indre Haugsdal vart godkjent av soknestyret. 

------------------------------------------------------------ 

1919 : 
Ordførar Ivar Eikemo, varaordførar Lars N. Kvinge. 
Erik Arneson Riisnes vart lensmann. Hadde stillinga til sin død i 1935. Les meir 
Nordre Kvinge Trevarefabrikk vart grunnlagt. 
Torgeir Nordland og ein Håland bygde ein liten trevarefabrikk på Nordland. Den vart driven med turbin, med kraft frå Nordlandelva. 

4. oktober : Sigurd Berg vart utnemnd til sokneprest. 

------------------------------------------------------------ 

1920 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Lars N. Kvinge 
Duesund fekk brevhus. Les meir 
Indre Haugsdal fekk elektrisk straum frå eige kraftverk. 
Folketal : 2240 

------------------------------------------------------------ 

1921 : 
Holsøy skule med bustad vart bygd. Kostnad kr. 28.117,- 
10. april : Hope meieri kom i drift. 
17. april : Kvinge meieri kom i drift. 
20. oktober : Skjerjebakken gravplass ved Mangersvågen vart vigsla av sokneprest Sigurd Berg. 
Betsy Varleite vart tilsett som jordmor. Var i tenesta til ho døydde 9/10 1956. 

------------------------------------------------------------ 

1922 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Lars N. Kvinge 
23. juni : Dronning Vilhelmina og kronprinsesse Juliana av Nederland vitja Matre. 
Ungdomslaget "Syskinringen" skipa i skulehuset på Solstrand, Tresdalsvik. 
Søre Kvinge fekk rikstelefonstasjon. Styrar O. S. Nygård. Les meir 
Søre Hope fekk rikstelefonstasjon. Styrar Ludvig L. Hope. Les meir 
Sokneråd var valt i Sandnes og Solheim sokn, i henhold til Lov om sokneråd av 1/1 1922 

------------------------------------------------------------

1923 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik 
Betsy Fosse Varleitet vart tilsett som jordmor 
Hatlevik skule med bustad ferdig. Kostnad kr. 31.726,- 
Molland skule med bustad fedig. Kostnad kr. 44.866,- 

------------------------------------------------------------ 

1924 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik 
Matre skule. Eit privat hus vart innkjøpt og innreidd til skule og lærarbustad. 

Thorbjørn Frølich gav ut boka "Fjon eller Masfjorden". I denne boka står det å lesa om alle dei framsteg som skjedde i Masfjorden på dei ulike område i hans tid. T. d. kan me lesa om korleis Frølich var den som fekk i stand 17. -maifeiring i Masfjorden. 

------------------------------------------------------------ 

1925 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik 
Nynorsk liturgi vart innført i Sandnes sokn. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1926 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 
Nynorsk liturgi vart innført i Solheim sokn. Les meir 
Mollandseid vart poststad. Styrar Elias O. Molland. Les meir 
Haugsdal fekk rikstelefonstasjon. Styrar Andreas Dyrkollbotten. Les meir 
Granneheimen stod ferdig. Vigsla av misjonsprest Hodneland, pinsedag 1927. 
21. oktober : Knut Geelmuyden vart utnemnd til sokneprest. 

Ungdomslaga i Masfjorden reiste bauta ved Sandnes kyrkje over "Herfolki frå Masfjord 1808-1814." Dette var dei som var utkommanderte til krigsteneste i krigane mot Sverige og England tidleg på 1800-talet. Korleis det gjekk med alle desse soldatane, veit ein ikkje. Ein del av dei miste livet i krigen, men ein stor del av dei kom heimatt då krigen var slutt. 

------------------------------------------------------------ 

1927 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik 
Pinsedag : Granneheimen vart vigsla av misjonsprest Hodneland. 

------------------------------------------------------------ 

1928 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 

------------------------------------------------------------ 

1929 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 
50 års-jubileum for Masfjorden som eige herad. 

------------------------------------------------------------ 

1930 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 
Vedteke skogvedtekter for bygda. 
Folketal : 2059 

------------------------------------------------------------ 

1931 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 

------------------------------------------------------------ 

1932 :
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar O. J. Holmås 

------------------------------------------------------------ 

1933 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar O. J. Holmås. 
Frøyset fekk rikstelefonstasjon. Styrar Mathilde Daae. Les meir 
Sleire fekk rikstelefonstasjon. Styrar Ragnvald A. Sleire. Les meir 
Andvik bedehus Betel stod ferdig. 

------------------------------------------------------------ 

1934 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar O. J. Holmås 

------------------------------------------------------------ 

1935 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar O. J. Holmås. 
Alf Ludvigson Holmås vart tilsett som lensmann. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1936 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar O. J. Holmås. 

------------------------------------------------------------ 

1937 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar O. J. Holmås. 
Frøyset kyrkje vart vigsla. 

------------------------------------------------------------ 

1938 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 

------------------------------------------------------------ 

1939 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 

------------------------------------------------------------ 

1940 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik. 
Hosteland skule utan bustad ferdig. 

------------------------------------------------------------ 

1941 : 
Ordførar Martin H. Matre, varaordførar Kristen T. Bergsvik 
1. januar : Heradstyret vart oppløyst. Fråtekne rettane til all styring. 
Andvik fekk rikstelefonstasjon. Styrar Jenny J. Andvik. Les meir 
Varden på Ådneburen var bygd enten dette året eller i 1942 av Richard Veland og Asbjørn Skuggedal. 

------------------------------------------------------------ 

1942 : 
Ordførar Gjert Daae, varaordførar Ola R. Hosteland 
Tyskarane kom til Matre med 200 russiske krigsfangar og 30 fangevaktarar. 

------------------------------------------------------------ 

1943 : 
Ordførar Gjert Daae, varaordførar Martinus Daae Børnes. 

------------------------------------------------------------ 

1944 : 
Ordførar Gjert Daae, varaordførar Martinus Daae Børnes. 
3. februar : D/S Masfjord gjekk på grunn ved Duesund og sokk. 11 mennesker omkom. 

------------------------------------------------------------ 

1945 : 
Ordførar Gjert Daae til 19/2 1945, varaordførar Martinus Daae Børnes. 
Ordførar Magnus Maurstad til 7/5 1945, varaordførar Martin Daae Børnes. 
Ordførar Martin H. Matre frå 8/5 1947, varaordførar Kristen T. Bergsvik 

6. oktober : Kommunen avdukar ein bauta på Sandnes kyrkjegard over dei frå Masfjorden som miste livet i verdenskrigen 1940-45. Minnesteinen står like utanfor kyrkjedøra på Sandnes kyrkje. 

------------------------------------------------------------ 

1946 : 
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar Arne J. Riisnes 
28. juni : Amund Lødøen vart utnemnd til sokneprest. 
Folketal : 1995 

----------------------------------------------------------- 

1947 : 
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar Arne J. Riisnes. 

------------------------------------------------------------ 

1948 : 
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar Jon Haugsvær. 

------------------------------------------------------------ 

1949 : 
Ordførar Magnus Halsøy, varaordførar Jon Haugsvær. 
29. juli : Kronprins Olav avduka minnesteinen over falne i Bjørn West. 
Eikemo - Fausdal krins fekk skulehus. 

------------------------------------------------------------ 

1950 : 
Eikemo skule vart innvigd. 
Duesund vart poststad. Les meir 

Kvinge Møbelverkstad vart starta av Magnus Kvinge, Monrad Kvinge, Bjarne Kvingedal, Trygve Kvingedal og Harald Kvingedal. Alfred Nygård var eigar av huset og eigde ein part i verkstaden. 

8. desember : Harald Øysæd vart utnemnd til sokneprest. 
Folketal : 1959 

------------------------------------------------------------ 

1951 : 
6. januar : Masfjorden Kommunale Kraftlag vart stifta. 
Nyevegen mellom Søre- og Nordkvingo var ferdig. 
Gamle Hommelfossen kraftstasjon stod ferdig. 

-------------------------------------------------------- 

1952 : 
Ny skule vart bygd på Tverbjørg. Kostnad kr. 80.000,- 
Kraftutbygginga startar i Matre. 
Olav Midtbø vart valt til skulestyreformann. 
Søndagsskulen på Haugsvær vart starta. 
22. desember : Heradsstyret gjorde vedtak om å byggja veg ned til skulen på Krossleitet. Vegen vart bygd på kort tid. 

------------------------------------------------------------ 

1953 : 

------------------------------------------------------------ 

1954 : 
Reknes Byggjevarer vart starta av Roald og Ivar Reknes. 

------------------------------------------------------------ 

1955
1. januar : Risnes idrottslag vart skipa. 
Solheim vart knytt til det kommunale elektrisitetsnettet. 
Det vart starta ferjerute (sommar) mellom Solheim og Fanebust. Nedlagt i 1957. Dette var det første ferjesambandet i Masfjorden. 

------------------------------------------------------------ 

1956 : 
1. februar : Gamleheimen var opna og teken i bruk. 
Første maskinene på Matre kraftverk vart starta. 

------------------------------------------------------------ 

1957 : 
Ny skule teken i bruk på Sleire. Innvigd hausten 1958 
Det vart starta ferjerute mellom Risnes - Fanebust - Halsvik. Overfartstid 1 t. 45 min. Nedlagt 1961. 
Starta ferjerute mellom Solheim og Sævråsvåg. 1. t. 45 min. Nedlagt 1967. 

------------------------------------------------------------ 

1958 : 
Eikemo skule fekk påbygg. Matrialane var for det meste teken frå andre høgda av Matre skule. 
Sleire skule var innvigd. 
Gabrielle Stokke vart tilsett som jordmor. Var i stillinga til 1960. 

------------------------------------------------------------ 

1959 : 
Frøyset kyrkje fekk orgel. Det kosta kr. 35.000,- og levert av Vestre orgelfabrikk. 
Garden Fosshaug fekk vegutløysing. 

------------------------------------------------------------ 

1960 :
Soknegrensene vart oppheva. Alle val vart difor gjennomførde i felleskap for heile kommunen. 
Aslaug Oseland vart tilsett som jordmor. Var i stillinga til 1967. 
Folketal : 2026 

------------------------------------------------------------ 

1961
10. mai : Matredal idrettslag vart stifta. 

------------------------------------------------------------ 

1962 :

------------------------------------------------------------ 

1963 : 
4. mars : Vegen mellom Haugsdal og Matre vart opna. 
4. august : Haugsvær bedehus vart vigsla av sokneprest Harald Øysæd. 

------------------------------------------------------------ 

1964 : 
Fjon ungdoms- og idrettslag vart stifta. 
(Einar Kvinge, Leif Nordland og Odd Birkestrand) 

22. februar : Matredal idrettslag skifta namn til Bjørn West idrettslag.
Sandnes skule vart teken i bruk om hausten. 
Vegen til Trodal ferdig. Påbegynt i 1956. 
Starta ferjerute Risnes - Sævråsvåg - Halsvik. Nedlagt 1967. 

------------------------------------------------------------ 

1965 : 
Sandnes kyrkje får ny benkar i forbindelse med restaureringa. Dei minner meir om dei opphavelege benkene. 
Ferjekaien på Risnes stod ferdig, og bilferja gjekk ikkje lenger til Halsvik. Vegen Ytre Haugsdal - Halsvik vart opna. 

------------------------------------------------------------ 

1966 : 
Indre Masfjorden musikklag vart starta. 
Lars Reimann vart tilsett som tannlækjar. Hadde stillinga til 1973. 

------------------------------------------------------------ 

1967 : 
1. april : Bergensmeieriet, avd. Duesund vart opna. 
4. desember : Vegen til Duesund og ferjekaia vart opna. Ferjeleie på Risnes vart nedlagt. Ny ferjekai på Masfjordnes. 
Ferjerute mellom Duesund - Masfjordnes - Sævråsvåg. Nedlagt 1980. 
Veg frå Vikanes til Masfjorden. 

------------------------------------------------------------ 

1968 : 
Matre skule var ferdig til bruk. 
Masfjorden forballag vart stifta. 
(Olav Skulstad, Håkon Torsvik og Odd Birkestrand) 

------------------------------------------------------------ 

1969 : 
1. januar : Masfjorden sparebank starta med bankbuss. 
Masfjorden kommune bygde tannlækjarbustad med kontor på Sandnes. 
Vegen til Hosøy ferdig. Bygd for kommunale midlar. 

------------------------------------------------------------ 

1970 : 
3. mars : Johannes Otto Helland vart tilsett som lensmann. Les meir 
Sandnes skulemusikk vart starta av Rolf Hagen 
Folketal : 1844 

------------------------------------------------------------ 

1971 : 
21. februar : Nordbygda skulekorps vart starta på Sleire skule. 
Matre Havbruksstasjon vart opna. 

------------------------------------------------------------ 

1972 : 
Reknes Byggjevarer bygde nytt kontorbygg. 

------------------------------------------------------------ 

1973 : 
Atle Garmannslund vart tilsett som tannlækjar. Hadde stillinga til 1974. 

------------------------------------------------------------ 

1974 : 
Gunnar Daae er ordførar. 
Roald Tvedt nr. 6 i NM på skeiser. Nr. 3 på 10000 m. 
Olaf S. Gundersen vart utnemnd til sokneprest og tok til i tenesta 1. september. 
Sissel Nicolaysen vart tilsett som tannlækjar. Hadde stillinga til 1975. 

------------------------------------------------------------ 

1975 : 
Kommunen byggjer industribygg på Duesund. 
Masfjorden får kyrkjelydssekretær. 
Matre får mellombels ungdomsskule. 
Haugsvær Auto starta drifta. Det var brørne Jetmund og Øyvind Haugsvær som bygde ein offentleg godkjend bilverkstad på Vassleite på Haugsværdalen. 
Reknes Byggjevarer bygde stort lagerbygg med moderne heise- og transportutstyr for trelast. 
Johannes Øpstad vart tilsett som tannlækjar. Er i stillinga. 

------------------------------------------------------------ 

1976 : 
18. februar : Administrasjonsbygget til Matre Havbruksstasjon vart innvia. 
Nordbygda skule opnar. 
Sandnes kyrkje får nytt orgel. 
Telefonnettet i Masfjorden vart fullautomatisert og knytt direkte til riksnettet. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1977 : 
442 bilar tilhøyrande i Masfjorden. 

------------------------------------------------------------ 

1978 : 
Masfjorden sjakklubb vart stifta. (Odd Birkestrand) 
Kommunestyret vedtek tre 1 - 9 skular, Matre, Nordbygda og Sandnes. 
Heimesjukepleien i Masfjorden vart oppretta. 

------------------------------------------------------------ 

1979 : 
100 års jubileum Masfjorden kommune. 2. utg. av Masfjordboka vert jubileumsbok. 

------------------------------------------------------------ 

1980 : 
3. april : Grunnsteinen til Fjon Fjellkyrkje vart lagt ned av Steinar Ihle. Det var denne dagen friluftsgudsteneste på tomta. 
27. april : Nordbygda pensjonistlag vart skipa med Martinus Daae Børnes som formann. 
9. juli : Masfjordvegen Krossleite - Duesund og Eikefettunnelen i Lindås opnar. Les meir 
Ferjeruta til Solheim vart nedlagt. 
Auto Mek A/S på Hosteland vart starta. 
527 bilar tilhøyrande i Masfjorden. 
Folketal : 1909 

------------------------------------------------------------ 

1981 : 
Sandnes skule vann NM i sjakk for barneskulelag. 
Trude Birkestrand representerte Noreg under EM i sjakk for jenter i Jugoslavia. 
Masfjorden kommune tilset tiltakskonsulent. 
Minnestein vert reist over ein av dei mest kjende og markante masfjordingar gjennom tidene, lekpredikant Ludvig Hope, som dermed fekk sitt minnesmerke i heimbygda. Minnesteinen står ved Sandnes kyrkje. 

------------------------------------------------------------ 

1982 : 
100 års jubileum Solheim kyrkje. 
Trude Birkestrand høgstscorande på det norske kvinnelandslaget under OL i sjakk i Sveits. 
Masfjorden Ten-sing gjev ut kassett. 
Masfjorden Sparebank vart til Sparebanken Vest avd. Masfjorden. 
Indre Masfjorden pensjonistlag vart skipa med Johannes Vågseth som formann. 

------------------------------------------------------------ 

1983 : 
Knut Fredrik Sørheim vart utnemnd til sokneprest 
Sandnes kyrkje fekk nytt bårehus med toalett. 

------------------------------------------------------------ 

1984 : 
Kommunen etablerer Kvamme industriområde. 
Matre får ungdomsskulebygg. 
Masfjordnes pensjonistlag vart skipa med Johannes Mjanger som formann. 

------------------------------------------------------------ 

1985 : 
27. februar : Fjordglimt 4H vart stifta. 
Nye Hommelfossen kraftstasjon vart opna. 
644 bilar tilhøyrande i Masfjorden. 

------------------------------------------------------------ 

1986 : 
Matreberg- og Trodalstunnelen opnar. 
25. oktober : Nordbygda samfunnshus vart opna. Historikk 

------------------------------------------------------------ 

1987 : 
16. august. Fjon Fjellkyrkje vart vigsla av vik. Biskop Monstad. 
Frøyset kyrkje - 50 års-jubileum. 
Kjekallvågen bru vart ferdig. 
Desember : Austfjordvegen opnar. 

------------------------------------------------------------ 

1988 : 
Ul Framstig arrangerer Bjørn West-utstilling, opptakten til Bjørn West-museet. 
Arbeid i gang med tre barnehagebygg, eitt i kvart sokn. 
Brita Haugsdal får kulturprisen for sitt arbeid for søndagsskule og frivillig organisasjonsverksemd. 
Mai : Austfjordvegen vart offisielt opna av Arne Rettedal. 

------------------------------------------------------------ 

1989 : 
Jernfjelltunnelen opnar. (Lengde : 981 meter) 
Startar idrettsskule.
Rolf Hagen får kulturprisen for skiping av musikkskule og arbeid med Masfjordfestivalen. 

------------------------------------------------------------ 

1990 : 
Ungdomsskulebygg Nordbygda. 
Kommunen forskotterer servicebygg til Akvakulturstasjonen. 
Kommunevåpen godkjent ved kronprinsreg. res. 28.09.1990. Ide: Jens Fosse. Teikna: R. Garmann. 
Jonas Riisnes får kulturprisen for museumsarbeid og skiping av sogelaget i kommunen. 
Kyrkjegarden på Sandnes vart utvida. 
Folketal : 1880 
------------------------------------------------------------ 

1991 : 
Fysioterapi-lokale ved helsetunet på Hosteland. 
Åshild Andvik og Ruth Kristin Karlsvik får kulturprisen for teaterarbeid i skulen og andre org. som innan 4H. 
Sjakk NM for jenter arrangert på Sandnes. 
Bergensmeieriet, avd. Duesund vart nedlagt. 
Sogeheftet "Fjon frå fjell til fjord" kom ut for fyrste gong. 

------------------------------------------------------------ 

1992 : 
Sandnes skulemusikk representerer Norge på verdsutstillinga i Sevilla, invitert av UD. 
Sandnes skulemusikk får Statoilprisen. 
John Torsvik får kulturprisen for sin store innsats for Masfjorden fotballag. 
848 bilar tilhøyrande i Masfjorden. 

------------------------------------------------------------ 

1993 : 
GMU - Gulen og Masfjorden utbyggingsselskap A/S skipa. 
Anna Østerbø og Alf Østerbø får kulturprisen for marknadsføring av bygda gjennom flott handverkskunst. 
Henning Haukeland får Kongens fortenestemedalje i sølv. 
17. juli : Knut Tangedal starta kiosk ved kaia på Risnes. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

1994 : 
15. oktober : Kong Harald V opnar Bjørn West-museet. 
Frank Kvinge får kulturprisen for sin store innsats for musikkorpsa og musikkskulen. 
3. februar : Minneplate vart avduka i Duesund der D/S Masfjord gjekk på grunn og sokk i 1944. 

------------------------------------------------------------ 

1995 : 
Masfjorden får ordførarskjede i gåve frå Agnar Areklett. 
13. juli : Ein containar frå 2. verdskrig vart henta opp frå 80 meters djupn i Krokevatnet. 
14. - 15. oktober : 150-års jubileum Sandnes kyrkje. Jubileumsgudsteneste. 
Rune Garmann får kulturprisen for sitt aktive kulturarbeid når det gjeld kulturvern / museum, Masfjordfestivalen og musikkliv. 
Masfjordboka band 1 og 2 kjem ut. 3. utgåve. Redaktør: Alf Strand. 
7. desember : Masfjordtunnelen vart opna. 

------------------------------------------------------------ 

1996 : 
Nordbygda sentralidrettsanlegg får grasbane. 
Jon Hope får kulturprisen for misjonsarbeid, Fjon fjellkyrkje og ungd. senter og Bjørn West-museet. 

------------------------------------------------------------ 

1997 : 
Kvamsdals fargeri er Masfjorden sitt bidrag til kulturminneåret. 
Matre Hotell får tilskot frå Norsk kulturråd, Hordaland fylke og Masfjorden kommune. 
Masfjorden kommunale kraftlag blir selt til BKK. 
Odd Birkestrand får kulturprisen for sin innsats for born og ungdom i Masfjorden sjakklubb. 
Postkontoret på Masfjordnes vart lagt ned. 

------------------------------------------------------------ 

1998 : 
Olav S. Trodal får kulturprisen for arbeidet med å bygga opp og vidareutvikla Trodal - samlinga og Trodalsmuseet. 
Magnus Stub Nilsen vert tilsett som lensmann. 

------------------------------------------------------------ 

1999 : 
Ordførar Helge Haukeland, varaordførar Erik A. Riisnes 
Silje Totland vart noregsmeistar i sjakk, yngste klasse. 
Elin Sletten Borge får kulturprisen for sin store innsats i lag og organisasjoner, som bl.a. korps og Masfjorden fotballag. 
13. juni : Einar Andvik får Kongens fortenestemedalje i sølv for sin innsats i det kristne arbeidet. 
"Fjorden" vert tusenårsstad. Les meir 
Erna Osland får brageprisen for boka "Salamanderryttaren" 
Lillian Ynnesdal Langhelle får Frivillighetsprisen for sitt breie, frivillige engasjement i bygda. 
15. september : Offisiell opning av omsorgsbustadane på Hosteland. 

------------------------------------------------------------ 

2000 : 
1. januar - Nyttårcruise på tusenårsfjorden med M/S Bruvik. Les meir 
27. januar - Bassenget på Matre er endeleg ferdig og vart offisielt opna av ordførar Helge Haukeland. 
1. februar vert det oppretta postfilial på kommunehuset på Masfjordnes. 
26. februar feira Sandnes skulemusikk 30 år. 
April. Erna Osland frå Matre får kulturprisen for produksjon av god barne- og ungdomslitteratur, samt undervisningsopplegg om den lokale historia. 

26. mai : Planting av tusenårstre ved Bjørn West Museet på Matre. 

Mai. Ei messinggruppe tar 3. plass i NM for ensamble i yngste klasse. Bak den flotte prestasjonen står 6. klassingane Anette Sleire Holmaas (kornett) Kathrine Skjelanger Kvinge (trombone) Trine Villanger (kornett) og Lillian Andvik (euphonium) 

Juni. Ann Kristin Rafoss vert tilsett som driftsleiar ved teknisk avdeling i kommunen. 
9. juni. Elevane på Sandnes skule kan ta i bruk den nye gymsalen ved skulen. 
Juni : Sandnes skulemusikk vinn 3. divisjon i årets NM i brass for skulekorps. 
Juli. To menn mistar livet i ei båtulukke ved Solheim. 
Oktober. Gulen-bedrifta Wergeland Holding As vinn kampen om å få drive kabelferje mellom Masfjordnes og Duesund. 
November. Kari Sørheim vert nominert på 5. plass på Hordaland KrF si liste ved stortingsvalet. 
Delar av eit oppdrettsanlegg går til botnar. Driftsbygning med fiskefór og tønner med tilsaman tusen liter diesel går under sjøflata. 
Desember. Frank Kvinge vert tildelt Frivilligprisen 

------------------------------------------------------------ 

2001 
Februar : Silje Totland (13) gjekk heilt til topps i klassen for lilleputt i jente-NM i sjakk. Dette er Silje sitt andre NM-gull på tre år. 
Nordbygda skulekorps kan feira 30 års jubileum. Svein Vea tromma saman til korps i Nordbygda i 1971. 
Mars : Sandnes skule tar dobbelsiger i kretsmeisterskapet for skulelag i sjakk. Skulen stiller med heile 5 lag. 
April : Masfjorden kommune spanderer gratis kinobillettar på alle innbyggarane som vil sjå suksessfilmen "Heftig og begeistra". Ei gåve til folket i det internasjonale frivillighetsåret. 

Masfjorden kommune får eiga heimeside på internett. 
Sandnes skule blir norgesmeister i sjakk for barneskular.. Skulen imponerar også ved å ta 4. plassen. 
Kamilla Kvamsdal (18) kjem ut med sin første CD, som er eit famileprodukt. Saman kallar dei seg for "Optimistane". 
August : Bjørn West marsjen samlar 365 startande frå Litlematrestølen til Stordalen. 
Aslaug Molland Takvam får kulturprisen for arbeidet med å rekonstruera den gamle masfjordbunaden. 

September : Solveig Kringlebotn vitjar for fyrste gong tunet der hennar forfedre strevde og sleit, og der hennar stolte etternamn stammar frå. Kringlebotn! Les meir 

Ruth Andvik fekk frivilligprisen 

------------------------------------------------------------ 

2002 
29. januar : Masfjorden sjukeheim på Hosteland vart offisielt opna. Les meir 
28. februar : Oppstart for Kabelferja "Fjon-M" mellom Masfjordnes og Duesund. Les meir 
Andrea Horgen Kvinge vann NM i sjakk for jenter, klasse lilleputt (nest yngste klasse). 
14. juli : Fiskefestival på Risneskaia. Les meir 
Anna Rubach får kulturprisen for sin innsats som organist og lærar i musikk- og kulturskulen og det frivillige musikklivet elles. 
August : Bjørn West marsjen har 20 års-jubileum. Les meir 
27. august : Sandnes skule vart valt som bonusskule og fekk utdelt 50.000 kroner av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet. 
1. desember : Henrik Frøiseth fekk frivilligprisen 2002 i Masfjorden. Les meir 

------------------------------------------------------------ 

2003 
1. januar : Masfjorden missar ambulansetenesta. Ambulansen vart flytta til Dalsøyra. 

9. januar : Den gamle sjukeheimen på Sandnes vart påført store vannskader. Sprinkelanlegget hadde løyst seg ut og fekk fosse fritt i nærmare 1 time. 

17. mars : Ungdomsråd vart oppretta. 
May Frida Øvergaard vart vald til leiar, Karen Margrethe Riisnes nestleiar og Torkel Kvinge Tande sekretær i det konstituerande møte i ungdomsrådet. 

10. april : Dagsenter for eldre vart opna på Sandnes. 

24. - 25. mai : Kraftspela 2003 på Matre og i Stordalen. Eit storstilt kulturarrangement i regi av Masfjorden kommune og BKK. Sjå fotoreportasje 

24. mai : Ivar Helge Matre får tildelt Masfjorden kommune sin kulturpris 2003. Prisen vart overrekt av ordførar Helge Haukeland med takk for langvarig innsats innan idretten i Indre Masfjorden. 

6. juni : Masfjorden SKU er 25 år - og sjakklubben markerte jubileet med ei tilstelling for medlemmar og foreldre på Sandnes skule. Les meir 

------------------------------------------------------------

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no