|  Attraksjonar Foto: Scandion
  Bjørn
West Museet 
  Kvamsdals
fargeri 
  Storsetehilleren 
  Trodalsamlinga 
  Saga
på Mollandseid 
  Fossen
kraftstasjon 
  Stegane
 For den som vil oppleve vakker og vekslande vestlandsnatur
er Masfjorden vel  verdt eit besøk. Frå nakne skjer utmed
Fensfjorden til ruvande fjell-landskap tusen meter over havet der snøfonnene
gir vatn til elvar som kastar seg utfor juv og  nedetter dalføre.
Som fjellturist må du gå langt før du slepp opp for
nye naturopplevelser.
 Stordalsområdet har eit vakkert fjellterreng både
sommar og vinter. Som båtmenneske kan du vere for deg sjølv
i eit avgøymt sund utanfor Risnes - eller du kan oppleve naturen
langs fjordarmane som strekker seg innover i landskapet. I kommunen, der
vasskraft og havbruk er dei viktigaste næringsvegane, bur det i dag
vel 1600 menneske. 
 Fram til 1870-talet var Sandnes sokn ein del av Lindås
kommune, prestegjeld og lensmannsdistrikt. Så kom det eigen sokneprest
i 1876, det kommunale sjølvstende kom i 1879 og eigen lensmann året
etter - då bonde, kyrkjesongar og stortingsmann Erik Arneson Riisnes
var tilsett frå 1880 til sin død i 1881.
 Ved kommunereguleringa i 1964 vart dei tre gardane Einestrand,
Eikebotn og Kikall overførde frå Lindås.
 I mellomalderen høyrde mesteparten av Masfjorden
til Gulen skipreide. Denne var då ein del av Hordafylket; det gamle
Gulatinget låg såleis innanfor fylkesgrensa på 900-talet. 
 På 1600-talet ser vi at størstedelen av Masfjorden
framleis høyrde til Gulen skipreide, medan Austfjordgardane framleis
høyrde til Eikanger skipreide. Desse vart overførte til Lindås
skipreide i 1853, og i 1879 vart altså Masfjorden eigen kommune. 
 Masfjorden er bygdelag med gode skogsvidder, og det har
vore skipa mykje ved og bygningstømmer utover til kystbygdene. Det
var vanleg å skaffa seg tømmer frå Masfjorden i byte
mot mot fisk. |