Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Tusenårsstaden
 

 

 
Tusenårsstaden
Foto: Scandion (02.01.2000)

Kvar kommune i landet har valt sin eigen tusenårsstad. Ideen med tusenårsstader er å setje fokus på den moderne tid sine møteplassar. 

I Masfjorden kommune er det fjorden som er valt til tusenårsstad. Det er fjorden som bind kommunen saman, og her kan ein få sett fokus på å halde oppe eksisterande møteplassar og skape nye av høg estetisk og miljømessig kvalitet langs den vakre Masfjorden. 
 
 


Nostalgisk tusenårscruise 
på tusenårsstaden

Eit minne for livet
Trass surt og kaldt ver stilte Masfjordingane tallrike opp for å vere med då gamle Bruvik, 1. nyårsdag, gjekk sin sigersgang frå kai til kai i Masfjorden som eit ledd i kommunen sin markering av fjorden som tusenårsstad. 

Tusenårsstaden skal væra ein stad som har både historisk og kulturell verdi for innbyggjarane i kommunen, og mange var dei som meinte at kommunen hadde trefft midt i blinken ved å utpeika fjorden som tusenårsstad og å nytta Bruvik i feiringa. 
 
 

Bruvik gjekk frå Bergen klokka halv ni om morgonen og direkte til Sandnes. Vidare til Duesund, Solheim, Matre, Andvik, Duesund, Sandnes og Risnes som var siste stopp på reisa. Mange av dei frammøtte mimra nok litt over gamle dagar då fløyta gjekk, og Bruvik nerma seg kaiene. 

Ombord i Bruvik gjekk praten livleg og mange underholdningsinnslag gjorde nautiske mil korte. I resturanten kunne ein kjøpe seg mat og kaffi - eller middag om det skrangla litt ekstra i magen. Bygdefolk var møtt tallrike opp på kaiene og tok i mot dampen med song og musikk. 

På kvar stoppestad vart det avdekka ei tusenårstavle. Ein gamal brødkasse fungerte som talarstol for ordførar Helge Haukeland som las opp eit opprop til bygdene om tusenårsstaden. I oppropet vart det slått fast at i dei neste fem åra skal Masfjordingane ta vare på, bruka og utvikla naturmiljøet og kulturlandskapet rundt fjorden. 

Det er sett av pengar på budsjettet til utvikling av fjorden og områda rundt fjorden. Med på turen var også Masfjordens eldste valurne. I den kunne dei frammøtte leggja ned sine framlegg om korleis fjorden skal utviklast vidare. 

I Andvik peikte ordføraren også på at ein i dagens samfunn manglar ein slik møteplass som båten var i gamle dagar. Det er ikkje lenger slik at bygdene har slike samlingsplassar som mjølkerampen og kaien var før i tida. - Vi treng slike møteplassar der folk treffest. Målet er at fjorden igjen skal verta ein slik stad, slo han fast før han gjekk om bord igjen og Bruvik letta fortøyningane for å halda fram på tusenårscruiset mot Duesund som var neste stoppestad. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no