Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Meland
Attraksjonar
Holmestova
Meland golf og naturpark
Sjøbua på Holmeknappen

 

 

   
Attraksjonar i Meland kommune

Meland vart eigen kommune 15. oktober 1923 med omlag 2500 innbyggarar. Eige prestegjeld vart Meland i 1992. Landskapet, slik det er frå naturen si side og slik menneska har forma det til gjennom fleire tusen år gjev rike naturopplevingar. Her finn du sjøvaska svaberg, lune viker, frodige jordbruksområder, ein del skog og gode fiskevatn. 
 
Nordhordlandsbrua er verdas lengste flytebru utan sideforankring og vart opna i 1994. Avstanden mellom landfesta er 1246 meter. Brua kviler på 10 pontongar og har 2 køyrefelt og eit gang / sykkelfelt. Høgbrua er 172 meter lang og sidespennet er på 190 meter. Seglløp på 50 meter med høgde 32 meter. 

Folketal : 6016 (2007) 

Geografiske fakta: 
Totalt areal: 90,4 km2 
Av landarealet er halvparten skogdekt. 
Jordbruksarealet utgjer 13% av totalarealet 
Høgste punkt er Eldsfjellet (324 m.o.h.) 

Håøy
Håøy ligg midt i ei av hovudleiene inn til Bergen - med Håøysundet på sørsida, mor Meland, og Hagelsundet mot Lindåslandet. Veten på Håøy kan ha vorte bygd under skiping av leidang i Håkon den Godes tid, kring 950. På Håøytoppen finn ein restar etter forsvarsanlegg som var sentralt i den norske nøytralitetsvakta under den første verdskrigen. Anlegget vart avvikla i 1957. Her, ved varden, er det eit storfelt utsyn nordover leia, som viser til fulle den strategiske verdi som forsvarsanlegga her har hatt gjennom 1000 år. 

Eldsfjellet
Eldsfjellet er ei geologisk perle som gjennom mange år er inngåande studert av geologar frå fjærn og nær. Dei meiner at dei bergartane vi finn her, er løfta opp frå dei djupaste delane av jordskorpa (omlag 45 km) På og omkring Eldsfjellet kan vi mellom anna finne bergarten Eklogitt. Arbeidet forskarane har gjort her har vore med å byggja oppp eit nytt bilete av dei indre delar av jordskorpa, og vi finn namn som Eldsfjellet, Sætrevik og Hundskjeften i internasjonal geografisk faglitteratur. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredakt?r: Magne Opdal