|  Bryggjeslottet Foto: Scandion
 28. juni 2007 kunne ordførar Knut Moe klippe snora
og opna allaktivitetshuset "Bryggjeslottet" - storstova som har kosta 35
millionar kroner.
 Innbyggjarane i Modalen har fått eit innhaldsrikt
og vakkert kulturhus som innbyr til eit mylder av aktivitetar for små
og store. I opningstalen til ordførar Knut Moe inviterte han ikkje
berre bygdefolket til å ta den nye møteplassen aktivt i bruk,
men ønska også innbyggjarane i nabobygdene velkomen til å
gjere kulturhuset levande. 
 Bryggjeslottet inneheld ein fleirbrukshall som med enkle
grep kan forvandlast frå konsert/teatersal til idrettshall. Elles
er her velutstyrt treningsrom, bowlinghall, terapibasseng og folkebibliotek. 
 Kjelder: Hordaland fylkeskommune
 |