|  Lokalhistorie Foto: Scandion.
 
 Bygda og kulturen
 Folkefest med veteranar
 Modalen -between tall mountains
and deep fjords
 Modalen Kommune ligg inst i Osterfjorden i Hordaland fylke
og er den nest minste kommunen i landet når det gjeld innbyggjarar.
Flatevidda er 385 km2. 
 Kommunen har store naturrikdommar. Ein har gode og moderne
tilbod innan skule- og helsesektoren. Her er gode tilhøve for friluftsliv
og rekreasjon. Det første som møter deg når du kjem
til Modalen - både langs landevegen og sjøvegen - er den mektige
naturen, bratte fjell, fossefall og store vidder. 
 Livsnerva i dalen er Modalselva - ei klar og fin elv -
der du kan fiska ørret og laks. Laksetrappa i Hellandsfossen er
Norges lengste. Elva har opp gjennom tidene forma dalen og lagt grunnlaget
for sanddrift som næringsveg ved sida av jordbruket. Det er gode
høve til fiske i sjøen og fjellvatna. 
 Modalen har vore eigen kommune sidan 1910 og fekk sine
noverande grenser 1. januar 1964.  |