|  Næringsliv Jordbruk og skogbruk har frå gamalt av vore hovudnæringsvegen
i Modalen. 
 På 1800-talet levde så å seia alt folket
i Modalen av jordbruk. Jordbruket er framleis ein av dei viktigaste næringsvegane
i kommunen. 
 I 1930-åra byrja uttak av sand og grus, frakta på
skuter ut fjorden. Dette har etter kvart vorte ei viktig næring.
Ein del av sandressursane vert og foredla i Modalen og skapar arbeidplassar
innan sandindustrien. 
 Kommunen satsa tidlig på IKT-teknologi, og kunne
som første kommune i landet tilby alle husstandar og bedrifter tilgang
til breibandsnett alt i 2000. 
 Gründerbedrifter innan IKT-sektoren står i
dag for en stor del av arbeidsplassene i kommunen - og den største
bedrifta Uni Micro AS har over 40 arbeidsplassar. Bedrifta, som utviklar
økonomisystem, vart starta i 1986 av gründer Hans Jørgen
Neset. Hovedkontoret ligg i Modalen, med avdelingskontor i Bergen og Haugesund. 
 Otterstad bru over Modalselva der den renn ut i fjorden
på Mo. Bygd i 1936. 
Foto: Scandion.
 |