| Osterøy kommune  Oppretta
som eigen kommune i 1964 
  Kommunenr:
1253  Fylke: Hordaland  Administrasjonssenter:
Lonevåg 
  Flatevidd:
254 km²  Folketal:
7296 (2008)  Målform:
Nynorsk
 Osterøy kommune ligg på Osterøy, Nordeuropas
største innlandsøy som er 324 km2. Kommunen vart til ved
kommunesamanslåinga i 1964 då delar av dei tidlegare kommunane
Hamre, Haus, Hosanger og Vaksdal vart slegne saman til Osterøy kommune.
 I kommunen blomstrar ein allsidig og livskraftig småindustri
innan mekanisk, møbel, garveri, tekstil og næringsmiddelindustri.
Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset
omlag 300 personar og tømraryrket står framleise høgt
i kurs på Osterøy. 
 
 
 
   |