Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Attraksjonar
Vestnorsk Utvandringssenter
Western Norway Emigration Center
 

 

 

 
Vestnorsk Utvandringssenter
Forfattar: Vestnorsk Utvandringssenter
Publiseringsdato: 16.03.2003


Foto: Scandion

Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta i Radøy kommune vart opna 4. juli 1997. Senteret har, dei siste åra, arbeidd for å kaste lys over emigrasjonen i vid forstand, og for å halde oppe minnet om denne delen av norsk-amerikansk historie. 

Sidan har senteret trekt til seg turistar frå fjern og nær på leit etter slekt og vener i det unike utvandrararkivet som er knytt til senteret. 

Æresminne over norske utvandrarar og etterkommarane deira 


Foto: Scandion.

Vestnorsk Utvandringssenter 
Ei emigrantkyrkje, Brampton Lutheran Church, vart henta heim frå Nord Dakota i USA, og utgjer i dag ein sentral del av senteret. Sidan er det også kome fleire andre bygg frå nybyggjartida - over there. Ein skule, ein lærarbustad og eit privathus frå pionertida. I fjor opna amerikanaren John Serkland legekontoret til sin avdøde bestefar, og under festivalen i helga kan du være med på opninga av eit kombinert fengsel og rådhus. 

Det er reist fleire bautasteiner knytt til norsk-amerikansk historie og til den norske innsatsen i 2. verdskrigen. 

Bakgrunn 
Frå 1825 har meir enn 800.000 nordmenn utvandra til Amerika. Dette innebar at til tider vart ungdomskulla i bygdene våre halvert, familiar kløyvde og generasjonar skilde åt. 
 

I 1825 gjekk sluppen Restauration ut frå Stavanger, og i 1837 reiste hordalendingar med skuta Ægir. Røldalskvekarane vandra kollektivt ut i 1869. Slik kan ein lista opp korleis nordmenn i hopetal braut opp for å betre kåra sine på hi sida av havet. 

Dei som for var ofte småkårsfolk. Draumen om Amerika var sterk, og tilgong på jord og dollar vog jamt opp saknet av gamlelandet. Dei samla seg om det av fedrearven som dei kunne halde oppe i det nye heimlandet sitt. 

Utvandrararkivet 
Arkivet omfatter 96.000 namn over dei som emigrerte frå fylka Hordaland og Sogn og Fjordane fram til 1924. Arkivforskar Jahn Sjursen har over år arbeidd fram den informasjonen som her ligg føre. Parallelt med dette arbeidet har han samla mange bøker, tidsskrift, bilete og gjenstandar som var knytt til norske emigrantar. 

Emigrantkyrkja 
Emigrantkyrkja er den demonterte og atterreiste Brampton Lutheran Church frå prærie-settlementet Brampton i Nord-Dakota. 22. juni 1996 vart kyrkja, med komplett inventar, overrekt som ei gåve til Vestnorsk Utvandringssenter og til det norske folk. 

Kyrkja vart vigsla av biskop Ole Danbolt Hagesæther 6. juli 1997. Ho var opphavleg bygd av norske emigrantar som slo seg ned i Nord-Dakota. Den lokale kvinneforeninga av 1907 førte til skiping av kyrkjelyden 1. juli 1908. 

Det gav startskotet til bygging av kyrkja, som voks fram etterkvart som pengar vart tilgjengelege. Etter å ha vore i bruk nokre år, vart kyrkja offisielt vigsla 17. september 1922. 

Tårnet på kyrkja er tekt med ceder, slik det alltid har vore. Heile frontpartiet og austveggen er sameleis kledde med amerikansk ceder. Emigrantkyrkja står i dag fram i restaurert stand slik ho vart overdregen den norske eigaren. 

Bautasteinar 
Bautasteinane utanfor kyrkja understrekar kvar etter sin eigenart, norsk emigrasjon og sambandet mellom Noreg og Amerika. Dei vart avduka 6. juli 1997 under leiing av fylkesmann Håkon Randal. 


Foto: Scandion.

Hovudminnesmerket -Emigrandsambandet Noreg-Amerika - vart avduka av representantar frå Den amerikanske ambasade, Sons of Norway og Nordmandsforbundet. Dette hovudminnesmerket trekkjer historiske linjer gjennom tekst og årstal. 


Foto: Scandion.

99th. Infantry Battalion Sep., den norskspråklege bataljonen i den amerikanske hæren under siste verdskrigen, har fått sitt minnesmerke på Vestnorsk Utvandringssenter. 


Foto: Scandion.

Ein bautastein er reist over norske krigsseglarar og andre krigsveteranar etter siste verdskrigen som busette seg i utlandet. Bronseplata i krigsseglarminnet er utforma i USA av norske interessegrupper. 


Foto: Scandion.

Bautasteinen over -Præriepresten og kyrkjelyden hans, knytt til emigrantpresten Ole Ivarson Saetre, sumboliserer den sentrale rolla kyrkja fekk i dei norske utvandringsmiljøa i Amerika. 

 

 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no