Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Kyrkja
Manger kyrkje

 

   
Manger kyrkje
Tekst: Radøy kommune
Foto: Scandion.

Manger har vore kyrkjestad frå tidleg 1100-talet. Den fyrste kyrkja var ei stavkyrkje vigsla av den heilage Katarina. Kyrkja stod i rundt 400 år til den, gamal og nedsliten vart riven på slutten av 1500-talet. 

Den andre kyrkja var ei tømmerkyrkje bygd tidleg på 1600-talet. Kyrkja var bygd av flatøksa tømmer. Den stod på tresvillar direkte på bakken. Innvendig var den måla med blome- og bladmotiv og med bibelske bilete i 5 fargar. Kyrkja var uvanleg vakkert utsmykka. 

Kyrkja brann ned 18. januar 1738 i "et stærkt og grueligt Uveyr med Regn, Storm, Torden og Liunild". 

Den tredje kyrkja på Manger var ei steinkyrkje, vigsla 5. november 1743. Kyrkja var i privat eige gjennom mange år og vart dårleg vedlikehalden. Kyrkja vart riven i 1889 for å gi plass til ny, stor og tidmessig kyrkje. 

Kyrkja som no står på Manger vart vigsla 27. oktober 1891. Kyrkja er ei av dei største trekyrkjene i landet. Tårnhøgd over grunnmur er på 39,42 meter. Kyrkja har 550 plassar. 

Kyrkja er teikna av arkitekt Hans Henrich Jess og bygd av byggmeister Karl Askeland. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal