| Koronitt - Hordaland sin fylkesstein Forfatter: Fylkesmannen i Hordaland
 Publiseringsdato: 17.06.2005
 Koronitt er ein anorthositt med såkalla korona-struktur,
og er ein særeigen bergart for delar av Hordaland (særleg Bergensområdet)
og Indre Sogn. Den er å finne mange stader i dei såkalla Bergensbogane,
og ofte i gode førekomstar. 
 Den opptrer gjerne i nærleiken av gabbroar og gneisar.
Anorthositt er ein størkningsbergart, som er danna under svært
høgt trykk og temperatur. Koronitten er kvit/bleiklilla av farge
med jamstore, grove korn. I den homogene grunnmassa er det tilfeldige korn
av raud granat og pyroksen. Koronitt vart valt til fylkesstein i Hordaland
på midten av 1990-talet etter initiativ frå Norges Geologiske
Undersøkelser. 
 
 |