Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Kristiansund
Lokalhistorie
 

  

 
Lokalhistorie
Foto: Scandion.
   
Kristiansund (Christians.-sund) vart grunnlagt og fekk sin offisielle bystatus den 29. juni 1742 av Kong Christian VI - som var konge av Danmark og Noreg frå 1730 til 1746. Men det har budd folk i dette området i ca. 10.000 år (Fosnakulturen). 

Byen har hatt tømmereksport, silde- og fiskeindustri, verftsindustri og trålarflåte som viktige næringar opp gjennom tidene. Fram mot 1806 hadde næringslivet i Kristiansund ei eksplosjonsarta utvikling, der byen vart tilført enorme rikdommar. Men det var som produksjonsstad og eksportør av klippfisk Kristiansund gjorde seg kjent. Denne perioden strekte seg frå 1600 - 1950 åra. 

 
2. verdskrig 
I slutten av april 1940 vart nesten heile byen ødelagt. 5 menneske mista livet og omlag 800 hus stod i brann etter fire dagars bombing frå tyske fly. Bakgrunnen for bombetokta var at tyskarane trudde at kongen og regjeringa oppheldt seg i byen. 

Nokre av dei eldste spor frå steinalderen er funne i Kristiansund. Fosnakulturen går heilt tilbake til kring 8000 f.Kr., då fosnafolket drog skinnbåtane sine på land, knekte skjel og veida, og slo seg til ved bredda av Atlanterhavet. Istida var på retur. Desse ytre distrikta vart tidleg isfrie, og i havet fanst rikeleg føde. Ein hadde òg tilgang på flint og andre harde bergartar. Ein har gjort fleire funn frå fosnakulturen i kommunen, blant anna ved Voldvatnet. Det første funnet vart gjort så tidleg som i 1909 av Anders Nummedal. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal