|  Ola
Flytt Tekst og foto: Scandion
 Mange hundre menneske var møtt fram på Ballastkaia
på Risøy då statua av Ola Flytt blei avduka laurdag
3. juni 2000, skreiv Haugesund Avis. Statua er laga av Etne-kunstnaren
Arne Meland og reist av "Ongane på Risøynå" med støtte
av Haugaland Kraft, Haugesund Sparebank, Knutsen O.A.S. Shipping A/S, Kyvik
& Co A/S, Østensjø Rederi A/S og andre.
 Ola Johannesen Dagsland blei kalla "Ola Flytt" fordi han
rodde som fløttmann mellom Risøen og fastlandet i 30 år.
Han slutta i denne posten den 1. oktober 1906. Ola var født i 1832
og døydde 3. juni 1926, 94 år gamal.
 Risøyferja
4. februar 1915 blei Risøyferga levert frå
Rossebø Mek. verkstad. Ferja tok 30 passajerar og blei sett inn
i rutefart i Smedasundet mellom Risøen og fastlandet som eit prøveprosjekt.
Haugesund Avis skreiv at tanken var å få ei ferje til slik
at at robåtane kunne bli avløyst i Risøfarten.
 Den andre Risøyferja gjekk prøveturen sin
den 27. april 1918. Ferjeskroget, som var laga i Rosendal, ga plass til
87 passasjerar, skreiv Haugesund Avis dagen etter. Ferja hadde innelukka
styrehus. Ein 9 hk "Aktiv" petroleumsmotor stod for framdrifta. Prisen
for den nye ferja var 18.000 kroner.
 
 Fakta om den første Risøyferja
 Lengde: 32 fot
 Breidde: 9 fot
 Segldukstak som ly for ver og vind
 Motor: "Aktiv" 6 hk med 2 propellar levert frå
Møllerveiens Mek. Verksted.
 Passasjertal: 30
 Drift: 18 timar i døgeret med 2 skift.
 
 På grunn av oljemangel under 1. verdskrig, måtte
både den nye og den gamle ferja gå i "opplag" frå juni
1918. Det førde til at kommunen måtte skaffe tre nye robåtar
for å frakte folk over sundet.
 
   |