Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Flora
Fakta
Folketalsutvikling

 

 
Flora kommune
Foto: Scandion
 
Oppretta som eigen kommune med namnet Kinn i 1837
Florø, Kinn, Bru og Eikefjord samanslegne til Flora kommune i 1964
Kommunenr : 1401 Fylke : Sogn og Fjordane Adm.senter : Florø 
Areal : 693 km² Folketal: 11 409 (2008) Målform : Nynorsk 
Florø by grunnlagt ved kongelig resolusjon 16. mai 1860.

I Flora kommune ligg Noreg sin vestlegaste by - Florø. Byen vart grunnlagt etter kongeleg resolusjon den 16. mai 1860 og bygd opp på "havet sitt sølv", silda, som ein finn igjen byvåpenet. Byen framstår i dag som ein kombinasjon av ein sjarmerande småbyidyll og eit pulserande næringsliv i utvikling. Florø var by nr. 48 som vart grunnlagt i Noreg. Flora kommune er fleire gonger kåra til den trivelegaste bykommunen i landet - og fekk utdelt Miljøbyprisen i 1998.

I 2006 fekk Flora kommune tittelen "Internasjonal Kommune" av Kommunenes Sentralforbund og Fredskorpset. Bakgrunn for tittelen var kommunen sitt breie internasjonale engasjement bl.a. i Nkhotakota, Malawi og Kelme i Litauen. Under arrangementet "Der Mennesker Møtes" i Flora Samfunnshus den 5. september fekk ordføraren overrekt prisen av HKH Kronprins Haakon Magnus. Kronprinsessa deltok også på arrangementet. 

Sjå filmen om Flora kommune
 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no