Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

    

    
Dei fyrste frå Gulen til Amerika
Forfatter: Bjarne Dåe
Publiseringsdato: 19.03.2003

 
Nokre av familiane 
Om me skal gjere rett og skil mot noverande kommunegrenser, reiste ikkje nokon frå Gulen til Amerika før i 1862. 
Fyrst då ser det ut til at utvandringa tok til frå dei områda som no høyrer til Gulen kommune, og då frå Brekke som var eigen kommune saman med Lavik på den tid. 

Dei første var Joen Eide, fødd 1814, og kona Gjetlaug, fødd 1812, med borna: Ole, fødd 1835, Carl, fødd 1838, Synneve, fødd 1841, Sjur, fødd 1843, og Oline, fødd 1845. 

Joen var visstnok frå Balestrand, men tre av borna vart fødde i Eivindvik prestegjeld. I Indre Sogn tok utvandringa til noko tidlegare, og Joen hadde truleg høyrt om "det forjettede land", som nok måtte verke lokkande den gongen i høve til den nakne naturen i Solund. 

Påverknaden frå Indre Sogn må ha hatt sitt å seie for utvandringa her i Ytre Sogn, for me vil fort sjå kor ofte der er inngifte derifrå i dei fyrste huslydane som drog over havet. 

Eit anna par frå Solund, Caroline og Ingebrigt Lien, båe fødd i 1923, reiste i 1850. Dei hadde då ei 2 år gammal dotter, Karine.

Utfart frå noverande Gulen 

Fyrst i 1862 ser det ut til at utvandringa tok til frå dei områda som no høyrer til Gulen kommune, og då frå Brekke som var eigen kommune saman med Lavik på den tid. 
Den fyrste var Hermund Johannesson Brekke, fødd 1826, og kona Brita Andersdotter, fødd 1825 i Solvorn. Dei hadde 3 born som alle var fødde på husmannsplassen Gjerdet på Orkneset i Brekke, ein husmannsplass under garden Lovisendal: Marta, fødd 1850, Andreas, fødd 1852 og Johannes, fødd 1856. 

I ei liste frå Fylkesarkivet over utvandrarar frå Gulen, er Andreas ikkje nemnd, men Ludvig Engesæter seier ikkje noko i -Brekke herred- (Brekkeboka) om at Andreas skulle ha døydd ung, eller at andre tok han til seg, som det heitte. Derimot vert fortalt at Hermund døydde i 1862, utreiseåret skal vera. Kan det vere ei forveksling ? Kona er nemnd død året etter, og det må i tilfelle ha vore svært vanskeleg for borna i det nye landet då. 

Far til Hermund, Johannes Hermundson, fødd 1799, var paktar på Lovisendal frå 1825 til 1854. Då slutta han, og saman med kona flytte han til Gjerdet og fekk kår av sonen som då hadde fått festesetel på husmannsplassen. I 1855 døydde kona hans, Marta Guttormsdotter, og i fylgje lista frå Fylkesarkivet reiste Johannes til Amerika i 1863, truleg til son sin; eller var det til borneborna sine ? Brekkeboka har ikkje med noko om denne utvandringa. 

I 1864 reiste Ole Bendikson Ynnesdal og Jørgen Gjebleson Myre ved Dalsøyra til Amerika. Ole var 22 år gammal og Jørgen 29. 
I. Engesæter nemner at Ole budde i Amerika. Han var heime kring århundreskiftet ein liten tur, og det kan nok vera interessant ved eit seinare høve å finne ut om han lokka fleire av garde. 

Frå 1866 skyt utvandringa i Gulen fart, kva no grunnen kan vere. Magre kår er ein ting, kanskje har fisket og vore ringt? Det er i alle fall plassmenn og husmenn som dominerer. Så er det ofte sysken, gjerne med sine huslydar. Og då kan også gardmannssøner og døtrer ta i veg. Kanskje har brev og attendemeldingar frå det nye landet auka på og gjort sitt til å nøre opp under eventyrlyst, som hjå konfirmanten frå Sætre. Og så har det truleg vorte lettare å reise. 

Frå åra 1865 til 1873 ligg føre skipslister Bergen - Quebec, og her er mange namn med Evendvig som oppgjeve fødested. Men det må nok vere dåpsstaden som er meint. Den fyrste huslyden på denne lista er eit slåande døme på korleis armod og motgang kunne drive folk avgarde. 

Henrik Truelsen Østgulen, fødd 1824 på Litle-Sleire i Masfjorden, og kona Ingeborg Hansdotter, fødd 1821, budde på ein husmannsplass på nedre Austgulen. I bygdeboka om Gulen skriv Ivar Kleiva: 
-Gravferdsprotokollen syner at dei kunne ha utifrå god grunn til å flytte frå staden og freista noko anna. Eg tek dette med som eit døme på kor uhyggeleg mange småborn som døydde av dei store barnekulla i denne tida: 

Gravlagt 27/10 1856 - Drengeb. Truls Henriksen, 1/4 år. 
Gravlagt 23/5 1858 - Drengeb. Iver Henriksen, 4 uger. 
Gravlagt 19/12 1859 - Drengeb. Hans Henriksen 8 dage. 
Gravlagt 14/07 1861 - Pigeb. Helene Henriksdtr. 1/2 år 
Gravlagt 25/12 1864 - Pigeb. Anne Henriksdtr. 4 år. 

Dei miste altså 5 små born, men hadde likevel 5 døtrer og 1 son med seg då dei for til Amerika i 1867: Anne, 17 år; Marthe, 14; Orloug 12; Thrine, 9; Hans 5, og Helene 2 år gammal. 

Dei reiste frå Bergen med ein båt som heitte Helvetia, og kanskje hadde dei fylgje med andre gulingar, for same år og med same båt reiste også Ludvig Pederson Østgulen, fødd 1846, og Ole Jakobsen Kjelby. Ole var då 24 år gammal. 

Ivar Kleiva fortel i bygdeboka om Gulen, (Gulenboka), at han vart gift med Kari Olsdotter Oppstugu frå Telemark, men henne må han ha funne på båten eller på andre sida av havet, for i fylgje skipslista reiste han åleine. 

Ei lita notidssoge knyter seg til denne utvandringa: Ein sommardag i 1993 banka det på kontordøra mi i Eivindvik. Inn steig ein ung mann, snakka godt telemål, og spurde etter veg til Kjelbju og folk derifrå. Han hadde vore utvekslingsstudent eit år i Trondheim, og sidan hadde han blitt buande i Telemark, hjå eller nær slekta der - og lært seg telemål. Ættefaren hans skulle vere frå Kjelbju, og han heitte Jakobson. Det var då helst lett å vise han til tunet med rette røtene. 

Med Helvetia i 1867 reiste også eit ektepar frå Breidvik, Thor Nielsen og kona Ingeborg Truelsdtr. 
Dei var plassfolk i Breidvik og etter skipslista var båe 42 år gamle. Men i fylgje Brekkeboka var han fødd i 1820 og ho i 1829 (1825 e. Masfjordboka). Han heitte eigentleg Tor Nilsson Lie og var frå Eivindvik hovudsokn, medan ho var frå Litle-Sleire i Masfjorden og var syster til Henrik Truelsen som før er fortalt om. 

Ein annan veg må han ha fare, Berent Hansson Haveland, fødd 1817, og dei to brørne frå ytre Midtun, Nikolai og Jørgen Johnson, fødd 1841 og 1845. Gjertrud Johnsdotter, fødd 1847, er nemnd saman med dei to brørne. Ho var tenestejente på Midtun, bar jentenamnet Vigøren og var frå Vik. 
Kanskje var, eller vart ho gift med ein av brørne. Dei reiste i alle fall i 1867. På Fylkesarkivet si liste, men ikkje på skipslista, finst også Ludvig Pederson frå Øst-Gulen, fødd 1846. 

Utfart i 1868 

Frå 1868 ligg føre lister med 7 namn frå 2 båtar som gjekk frå Bergen til Quebec, - Ocean og Frigate Bird. På Fylkesarkivet si liste er 11 mann, og 5 er truleg dei same som på skipslista. Eit namn, John Johnsen frå Nordgulen er ikkje å finne i Gulenboka. Det er derimot Jon Jensson frå lista til Fylkesarkivet. Han er fødd i 1846, og det er truleg same mannen, men kanskje er det ein ny namneskikk som kjem til syne på skipslista: å ta faren sitt farsnamn til etternamn med endinga - sen. 

Ein huslyd reiste elles frå Nordgulen same året. Det var plassmannen Rasmus Torsteinson, fødd 1820; kona Mari Kristensdotter frå Luster, fødd 1828; og sonen Torstein, fødd 1846 og såleis jamgammal med Jon Jensson. Også her er ein kontakt med Indre Sogn. Dette året reiste også Ole Oleson Næse, fødd 1844, og Anna Jørgensdotter, fødd 1848? Ho hadde Søreim til etternamn og var frå Luster, ho og. Han var frå Nese. Om dei var gifte, -vites ikke-, men dei drog i lag. 

Også frå Breidvik fór ein huslyd i 1868: far og mor med 3 born. Det var Klaus Pederson Tykhelle, fødd i Lindås 1835. Far hans, Peder Hansson Høivik frå Gulen, vart plassmann i 1858 i Breidvik etter ei tid i Lindås og Hyllestad som vevskeimakar. Etter at Klaus gifte seg i 1858 med Susanne Kristoffersdotter Dregni frå Luster, fekk han og festesetel på ein plass under garden Breidvik mot å ta foreldra i kår. Dermed fekk eigaren hand om plassen som faren hadde, og tilværet vart ikkje lettare med ein ny generasjon i framvokster; Ingeborg Klausdotter, fødd 1859, Peder Klausson, fødd 1863, og Ludvig Klausson, fødd 1865. Susanne Dregni hadde nok kjennskap til amerikafarten, som dei andre kvinnene frå Indre Sogn. Dertil hadde Tor Nilsson, grannen, reist året før, og så fór Klaus Pederson med huslyd også. 

Utfart i 1869 

I alt 17 menneske drog til Amerika i 1869, og av desse var 7 frå Sætre, 4 frå Asheim, 3 frå Tynning/Instefjord, og 1 frå kvar av stadane Nordgulen, Sognefest og Henriksbø. 

Frå Tynning for Mons Monsson, fødd 1834, kona Petrine Lassesdotter Instefjord, fødd 1839, og dotter deira, Randi, fødd 1867. 

Frå Nordgulen, Mons Jensson, fødd 1851, bror til Jon som reiste året før. 

Frå Sognefest, Mons Monsson, fødd 1849 

Frå Henriksbø, Marie Hermundsdotter, fødd 1845. I fylgje Kleiva vart ho gift med ein ostring, Mikael Olsson Havre, og skal ha budd i Laksevåg, medan Randi, syster til Marie, reiste til USA. Men hennar namn er ikkje å finne på føreliggjande lister. Ho kan likevel ha reist seinare. 

Ein huslyd på 4 skal ha reist frå Asheim, men foreldrenamna er ikkje å finne der i Brekkeboka. 
Derimot er dei å finne på eit bygsla bruk på Ytst-Takle. Eigaren av bruket høyrde heime på Asheim, og dette kan vere grunnlaget for tilvisinga til Asheim i Fylkesarkivet si liste. Husfaren var Klaus Toreson, fødd 1833, og kona Marie Monsdotter, fødd 1838. Borna var Mons, fødd 1867, og Marie, fødd 1861 
Eit tredje barn, Tore, fødd 1865, må einkvan slektning ha teke til seg, eller så må det ha døyt før avreisa, for denne guten er ikkje med på lista til Fylkesarkivet over utvandrarar. Kanskje reiste dei i lag med huslyden frå Tynning, for Marie Monsdotter var syster til Mons Monsson som reiste same året. 

Dei siste utvandrarane dette året, og i denne fyrste utvandrarbolken, er desse 7 frå Sætre: Brørne Ole Olson, fødd 1847, og Jon Olson, fødd 1862. Dertil reiser ein huslyd på 4 + bror til husfaren. Det er Hans Johannesson Sætre, fødd 1840; kona Ingeborg Lassesdotter Instefjord, fødd 1840, og borna deira: Johannes, fødd 1864, og Eline, fødd 1867. 
Ein yngre bror til Hans, Ivar, fødd 1854, vart også med. Avdi han skulle reise til Amerika, vart han konfirmert i 1868, ein søndag før den vanlege konfirmasjonen i Brekke kyrkje. 

Fylkesarkivet si liste må ha feil årstal ved nokre høve, og truleg har Ludvig Engesæter rett om årstalet for denne utvandringa som etter hans opplysningar var i 1868. Ei syster til Hans Sætre, Ingeborg, fødd 1845, reiste i 1870 saman med Lasse Ivarson Asheim, fødd 1843. Dei gifte seg like før dei drog. 

Men soga om dei som for til Amerika i 1870 og seinare, høyrer ein annan bolk til. Då hadde brev og bilete fortalt mykje om eit anna og meir grøderikt land, og tilhøva her heime var ikkje blitt lettare. Men den soga lyt me kome attende til. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal