Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Fakta
Politikk

 

 
Politikk
Foto: Scandion

Sentraladministrasjonen i Gulen kommune 

I Gulen kommune, som nyttar formannskapsmodellen, er ordføraren den øvste offisielle tillitsvalde. Ordføraren er ansvarleg for å organisere arbeidet i formannsskapet og kommunestyret, medan rådmannen, som er administrativt tilsett, har ansvaret for å leie administrasjonen og for utgreiinga av saker som vert lagt fram for dei folkevalde. 

Det var eit stort demokratisk framsteg då Stortinget, med formannskapslova, oppretta kommunale sjølvstyre i 1837. Landet vart då delt inn i det dei kalla kommunar eller formannskapsdistrikt. I første omgang fylgde kommunegrensene dei same grensene som prestegjeldet hadde, slik at kvart prestegjeld vart ein kommune. 
 

Gulen kommune vart oppretta i 1837 som Evenvik formannskapsdistrikt, seinare Evenvik kommune. Prost Niels Griis Alstrup Dahl vart valt som kommunen fyrste ordførar. Vervet hadde han til han ba seg fri i 1848 på grunn av dårleg helse. 

I 1850 vart Brekke frådelt som eigen kommune. Evenvik hadde etter dette 3.944 innbyggjarar. I 1858 vart Sulen (Solund) frådelt som eigen kommune og innbyggjartalet minka til 3.018. 

17. mai 1890 vart Eivindvik prestegjeld endra til Gulen prestegjeld. 1. juli same året vart kommunenamnet endra til Gulen. 

1. januar 1964 vart Brekke og det meste av Gulen slått saman til det som i dag er Gulen kommune med 3.250 innbyggere. 
Losna med 40 innbyggarar vart samtidig overført til Solund kommune. 

Kommunevåpenet

Våpenet er teikna av Even Skoglund og godkjent ved Kongeleg resolusjon 09.02.1990. Kors er eit svært vanlig motiv i all heraldikk, og slik er det også vorte i norske kommunevåpen. Gulen sitt våpen symboliserer steinkors som vart reist i Gulen i tida for innføringa av kristendommen.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no