Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Solund
Kyrkja
 

 

 
Kyrkjer i 
Solund kommune

Historia til kyrkja i Solund kommune går heilt attende til slutten på 1200-talet. I mellomalderen låg det eit kapell på Lågøy i nord-Solund. Kapellet er nemnt i eit diplom frå 1291 (Cappellan i Laghøy) - som er den eldste skriftlege kjelda til ein nedlagt kyrkjestad i fylket. Kapellet vart lagt ned ein gong før 1585. Utvær kapell er nemnt i skriftlege kjelder attende på 1300-talet. Desse to kapella var viktige for folk i farne tider, der dei låg ytterst i havgapet - ei plassering som illustrerer verdien til ferdsleåra langs kysten. I dag er det tre kyrkjer i Solund kommune.

Solund kyrkje
Hersvik kyrkje
Husøy kyrkje


   
Kjelde:
Selja forlag : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no