|  Kulturminner Kjetland bru
Saga på Mollandseid
 Fossen kraftstasjon
 Stegane
 Gamle Hommelfossen kraftstasjon
 Hellaren i Ytre Haugsdal
 Kva er eit kulturminne ?
Forfattar: Arne Høyland
 Kulturminne og kulturmiljø er spor etter menneske,
ikkje berre fotspor i form av gamle stiar, men spor etter ymse aktivitetar
og levemåtar. Eit kulturminne kan såleis vera stort og det
kan vera veldig lite. Ein skil og ofte mellom faste og lause kulturminne. 
 FASTE kulturminne er slik som fabrikkar, bygningar,
kaiar, vegar og andre faste installasjonar i landskapet. LAUSE kulturminne
er alt som er flyttbart slik som fiskereiskapar, båtar, landbruksutstyr
og anna lausøyre som menneska har nytta. 
 Landskap med spor etter gamle åkrar, slåttemarker,
utslåtter, skogar og t.d. lyngheilandskap er og minne etter ein kultur.
Kulturminne er og å finna i sjø og vatn. Alt dette som no
er nemd er materielle kulturminne. 
 I tillegg til desse kjem kulturminna som ikkje er materielle
d.v.s. immaterielle. Det kan då vera tru og tradisjonar knytta til
landskapet. Stadnamn er eit døme på eit immaterielt kulturminne.  |