Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

     

   

På anlegg i Masfjorden
Forfatter: Søren Kvamsdal
Publiseringsdato: 18.04.2000
 
Søren Kvamsdal frå Hogsvær blei født i Luster 30.09.1906. Han voks opp i trange kår. I 1934 overtok han småbruket etter faren, og har vore med på utbygginga av vassdraga i Masfjorden sidan arbeidet blei satt i gang i 1952. Nedanfor finn du hans eiga livshistorie, som er henta frå : Arbeid - Fred - Solidaritet 1895 - 1985, bind III. Utgjeven av Norsk Arbeidsmandsforbund i samband med 90-års jubileet. 

Eg er fødd i Luster den 30. september 1906. Mor mi var der i frå. Henne minnest eg ikkje. Ho døde i 1908. Far var fødd i 1872 i Masfjorden, Nordhordland. 

Far fortalde at året etter han var konfirmert, laut han ut og tena som dreng på ein gard. Han skulle få 50 kroner året i lønn, vadmål til ein dress, eit nytt skopar og ler til soling av eit par. Der var mykje arbeid med ved og tømmerhogst om vinteren. Om sumaren var det slåtten dei balte med. Dei var tidleg uppe og seint i seng. Til frukost fekk dei potetkakor og flattbrød med skumma mjølk til, og det var prim og myrk sirup til pålegg. Sundagsmorgonane fekk dei smør. Til middag fekk dei oftast spekesild og poteter, til kvelds var det graut og mjølk. Til sundags fekk dei fisk eller ertesuppa og kjøt. Det var helst lite av kjøtet, men suppa var det rikeleg av. 

Til jul fekk dei kjøpebrød, kringlor og julegeit. Det var nåken store bollar med rosiner i. Dei fekk utdelt ein porsjon kvar og so ei lita øskja med smør. Dei sparde på det, so dei hadde lit god mat heile jula. Malt-øl bryggja dei alltid til jul. 

På veganlegg 
Han var på den garden i 2 år. Ei stund var han på eit teglverk i Sunnfjord der dei laga murstein. Sidan var det vegarbeid på forskjellige stader. Han arbeidde og på vegen over Filefjell. Han kom til Luster og fekk arbeid på vegen som gjekk upp i fjellet der dei bygde Luster Sanatorium. Det var mykje tungt slit, fortalde far. Alt laut gå med handmakt. Steinane i vegmuren måtte dei spetta på plass med jarnstaur. 
Der var murar opp til 10-15 metar høge. Jordryggar planerte dei ut med spade og trillebår. Dei hadde lange vandringar med plank som dei trilla bårene på. Det skulle øvelse til det, plankane var pålag 4 tummar brei. Dei sprang med fullasta bårer yver plankane. Der gjekk 10 fulle båror på 1 m3. 

Arbeidssong 
Då dei drog steinen på muren, song far. Han var flink å sjunga. Det var fin takt i songen, so det vart lettare å få steinen på plass når dei tok jamt i. Der var to på kvar sida, to framme og to lenger bak på steinen. Var den stor, var der ein som spetta etter bak. Songen lydde som oftast: -Å, no må de svinga på den åhå. Å, no kjem den villigt åhå. Å, det var flinke gutter åhei. Å, no er den på plass åhå.- 

Sumarsdag var arbeidsdagen 10 timar, stundom 12. Hvis dei gjorde gode akkordar, kunne dei greie 3-4 kroner dagen. Um vinteren arbeidde dei so lenge dei såg. 
Fjellet bora dei hol i med feisel og stålborar. Var det bra fjell, kunne dei greie 4 meter på dagen. Der var langt mellom kvart hål. Dei brende håla - det vil seia dei la små ladningar nedi og fyrde av. På den måten vart det som ei gryta ned i botten på hålet. Der gjekk mange kilo dynamitt i kvart hål når dei byrja lada. 
Det var då han arbeidde i Luster han vart kjend med mor mi. 

Hjå framande 
Eg hadde ein bror som var vel 1 år eldre enn eg. Barndomsheim hadde me ikkje før eg var ein 9-10 år gamal. Far laut vera ute på arbeid og me laut vera hjå framande. Ei stund var me i Luster i hjå ein bror og ei syster. Dei var søskenborn til mor mi. Eg hugsar ikkje, men dei var visst svert snille med oss. 
So kom me til Tysnes til ei tante som var gift med ein skulemeistar. Ho var svert streng med oss. Ho tukta oss om det var uforskyldt eller ikkje. Eg hugsar bror min hadde magesyka. Me hadde ikkje potta, og me laut springa ned på do som sto ein 10-15 meter ned for huset. Då han sprang ned trappa - me låg på loftet - miste han litt i trappa. Då tanta mi såg det om morgonen, fann ho ei sprakebuska (einer) og banka han på enden so han vart blodut, dei kvasse nålene stakk hål på skinnet. Då laut eg gråta, eg tykte det var so vondt. Ein gong stengde ho oss inne på eit myrkekott som var oppe på loftet. Eg hugsar me vart redde og skreik og ropte. 

Tanta mi vart mesta 100 år gamal. Ei stund før ho døde, besøkte eg henne. Då bad ho meg om tilgivelse for ho hadde ikkje vore som ho skulle mot oss morlause borna. Eg sa at det skulle eg so gjerne gjera, for ho meinte det vel berre godt. Det var slik i dei dagar at dei tukta borna. Kanskje det kunne verta vel mykje av det og stundom. 

Eg hugsar kor glade me vart når far kom heim på besøk. Då laut me få liggja med han om natta. Eg tykte eg låg so trygt bakom den breide ryggen hans. Me reiste frå Tysnes og heim til fødestaden til far. 
Der var det og ei tante me budde hjå. Det var i 1911. Der hadde me det godt, og der var mange jamnaldringar, so me fekk oss vener og var i lag heile sumaren. Då kom det ikkje sko og sokkar på føtene frå tidleg om våren til seinhaustes, me lauga oss i elvar og vatn i 6-7 gonger for dagen og symja kunne me lenge før me byrja i skulen. Dette var 1 mils vei frå sjøen, so det var ein fjellgard. Der var eg og på den fyrste 17. mai festen. Me skulle betala inn 10 øre på førehand kvar av oss borna, og dei vaksne skulle syta for innkjøp til festen. Det var sjellingsbollar og sjokolade me skulle hava. Det var ikkje nokon som heldt tala, men me gjekk i tog og song og leika. Eg og bror min hadde fenge kvar sitt flagg. Det var ikkje kvar dag det vanka slik god mat. Kanhende til jul. Me vart gode og mette alle og endå vart det ein del til overs, og billetten kosta 10 øre på kvar. 

Eigen heim 
Far fekk seg arbeid lenger inn i fjorden, dei skulle byggja veg. Der fekk far hus til oss hjå ein gardbrukar. Det var i 1915 om våren me flytta inn der. Den garden låg med sjøen. Gardbrukaren var snill med oss og me fekk låna båten hans og var på sjøen og fiska. Det var det likaste me visste eg og bror min når me fekk koma på sjøen og fiska, og fisk fekk me. Kvitting og hysa og torsk, og so dorga me makrell. Det var mykje av det slaget i dei dagar. 
Der vart me gangande lengste tida i skulen. Der var 4 vekers skule og 4 veker fri. Der var 2 klassar, største og minste som me sa, og me gjekk annan kvar dag. Der var og skule laurdag og. Det var tavlor og griffel me bruka og skriva og rekna på fyrste året eg gjekk i skulen. Tavlane var av ein slag mjuk stein, griflane var og ein slag stein. Når me rekna, var det klirring av griflan mot tavlane. Siste delen eg gjekk i skulen, gjekk tavlone ut og me fekk kladdebøker. 

Far vart attgift med ei gjenta der frå garden. Med henne fekk han ein liten gard som fødde ca. 3 kuer og 10 sauer, men då laut me slå noko gras i utslåtta attåt. Der var ikkje hus på garden, men der var fjøs og løa. Far laut setja opp hus. Det var i 1917. Det var ikkje veg, alt materiale laut berast. Det vart stritt for far å vera på vegarbeid om dagen og bera på materiale om kveldane. Eg og bror min hjelpte til so godt me kunne, men me var no ikkje so gamle. Stedmor vår var snill med oss, sjølv om ho etter kvart fekk 5 born sjølv, 2 gutar og 3 jentor. Stedmor mi døde i 1926. Då var ingen av halvsyskini mine konfirmerte. Far var heller ikkje so sterk lenger. Tre av syskine laut ut til framande. Dei 2 eldste var heima med far. 

Eg og bror min laut ut å tena. Eg skulle vera dreng hjå ein av naboane. Det var året etter eg var konfirmert. Eg skulle få 50 kronar månaden. Eg var hjå han i 10 månader. Men mannen eg var hjå hadde lite å hjelpa seg med, så han greidde ikkje betala meg den lønn eg skulle ha, men eg fekk 250 kronar for dei 10 månadene eg var hjå han. 

På sildearbeid i Haugesund 
Året etter reiste eg på sildearbeid til Haugesund. Hadde eg fenge arbeid støtt, hadde det ikkje vore so ille. Stundom kunne ein arbeida heile døgret i eit, so vart ein gjerne gåande fleire dagar og ikkje få gjera nokon ting. Eg var med og spikra kassar. Det var akkord. Dei som var vande med det, tente bra, men eg var ikkje øvd, so då vart det mindre. So var eg med på ising av sild og salting. Då fekk eg 1 krona timen og stundom 1,25. Eg var med på lossing av sild. Då tente eg litt betre. Folket eg var i lag med, var som regel greie. Der var mange frå Nord-Norge og heile Vestlandet. Eg fekk jobb hjå ein frå Hardanger. Eg skulle vera som ein oppmann hjå han, og fara kringum i losjia og få fatt i folk når der kom sild inn. Eg fekk ingen ting for det, men eg hadde fast arbeid hjå han når han fekk sild, og stundom fekk eg litt arbeid utanom og. Han tok meg helst til å leggja haug på tunnorne med sild. Det skulle vera til å siga på, men han som selde sildi gjekk der kringum og kontrollerte meg. Han sa det var ikkje meining i å leggja så stor haug på, men da kom hardingen og sa at eg laut gjera slik som han sa, for eg var hans mann. Han som selde vart dansande galen på meg. Eg sa han fekk henvenda seg til hardingen og taka han for det. Dagen etter då me skulde slå loka på tunnorne, laut me taka sild av kvar tunne so me kunne få låket på og slå dei att, og hardingen fylte fleirfoldige nye tunnor med sild. Dei fekk han på kjøpet, så det var ein smart forretningsmann. Han salta sild i fleire tusen tunnor den vinteren 1923-24. 

Då sildefisket var slutt, tok eg arbeid på ein gard. Der var eg i 4 år. Det var ein stor gard, får eg seia. Han hadde over 20 mjølkekyr, 4 hestar og ein 40-50 sauer. Det var opp halv seks om morgonen for å vera med og mjølka og gjeva hestane mat. Eg heldt det gåande til klokka 8-9 om kvelden. So det vart so å seia inga fritid, og nokon sumarferie var ikkje på tale. Eg fekk 50 kronor månaden om vinteren og 60 om sumaren. Der vart mykje sko - og kleslet, so det vart ikkje mykje eg fekk til overs. Men litt greidde eg å setja i banken, men dei miste eg når banken rauk til. Noko laut eg senda far, for han var helselaus og kunne ikkje greia seg. Han fekk litt hjå meg og litt hjå bror min. 

Garden ga ikkje nok 
Eg kom heimat i 1928. Då var far mykje dårleg. Han hadde fenge sår i magen, og det var lite han greidde gjera. Men me kunne ikkje greia oss med det me fekk av garden, so eg laut prøva å få meg arbeid. Der var ein del arbeid med utbetring av vegen. Men no var det slik at det var berre gifte folk som skulle få arbeid, og det var ikkje eg. Men sidan far var sjuk, skulle eg få arbeid likevel. Eg var på vegen om dagen, om kvelden var det å arbeida heime på garden. Det var ein time å gå kvar veg. Om sumaren når det var godt ver, hende det eg var uppe klokka 4 og slo ein teig før eg gjekk på arbeid. 

Ofte heldt eg det gåande til klokka 10-11 om kveldane, men eg var ung og sprek i dei dagar. Me hadde ikkje hest, so høyet bar eg på ryggen i løa. Elektrisk straum fekk me ikkje før i 1953, so det vart mykje arbeid med ved, både til å koka og varma med. Me hadde heller ikkje innlagt vatn. Det fekk me ikkje før etter krigen. Det var ikkje so lettvint som no, med hjelpemidlar både til å koka og vaska, og oppbevara mat. 

Eg fekk 83 øre timen på vegen. Då det leid på, fekk me ein krone. Me greidde oss godt heime, når eg hadde arbeid. Eg betalte skulda han far hadde hjå handelsmannen, og kjøpte det me skulle hava å leva av. Maten besto av heimebaka brød, potetkakor, margarin og sirup. Stundom kunne me kjøpa oss ein mysost, men det var ikkje ofte. Klerne me gjekk i, var for det meste dongeri. Til sundag gjekk me i vadmålskler eller dei var av kjøpety. Vasmålet spann dei av ull og vov heima på garden. Skorne var feitlerstøvlar. Det var plugga sko. Det fyrste me gjorde då dei var nye, var å slå heljarn under og skospararar på solen. Det var om å gjera å få skorne til å vara lenge. Då me var gutungar vart dei fort trange, og me fraus ofte på føtene om vinteren. Om kvardagane gjekk me helst i treskor. 

På setra 
Far døde i 1933, og vegarbeidet tok slutt. Det gjekk ikkje lenge å vera utan arbeid. Dei to syskina mine var heime, og det leid på våren 1934. Dei var då på 15. og 17. året. Noko timearbeid var ikkje å få, og me vart einige om at dei skulle vera heime og slå graset og stella kjyrne. So skulle eg ut og sjå om eg kunne tena noken krone. Eg fekk meg ein jobb som geitegjetar. Eg skulle få 50 kroner i månaden. Mannen eg skulle gjeta for hadde 170 geit. Der var to budeior som koka ost. Mitt arbeid besto av å vera med og mjølka geit, få dei i fjøsa om kveldane og gjera reint. Hadde eg litt tid til overs, skulle eg hogga ved. Eg låg på same rommet som budeiene. 

Då det leid ut på sumaren, kom ikkje geitene so godt heimat sjølve. Sume la seg att om kveldane uppi fjellet. Då laut eg av stad og leita dei upp og jaga dei heim. Eg vart godt trena, og eg kvidde meg ikkje å ganga og springa i fjellet. 

Uppå fjellet ovanfor dalen låg ei seter. Der var ei jenta som var eit år yngre enn meg, som var med kjyr der om sumaren. Eg må seia eg vart sverande glad i denne seterjenta, og eg nytta alle høve å gå forbi der når eg leita etter geit. Men eg vart alltid so forlegen når eg trefte henne. Eg forsto aldri at ho brydde seg noko om meg. Men blid og snill var ho med meg, og mat og drikke fekk eg hjå ho. Men det vart ikkje noko meir av det den gongen. Men eg kom aldri til å gløyma henne. 

I slutten på oktober slutta me av. Då var det so lite mjølk i geitene og graset var hausta og brunt vorte. Då fekk eg lønna mi, og 50 kroner ekstra hjå husbonden min for eg hadde vore so flink. Han hadde aldri fenge så mange kilo med ost fyr om åra. Eg må seia det var ein grei mann. 
Då eg kom heim, hadde dei vore svere og stelt dei som var heime, og fenge i hus både høy og poteter. Men handelsmannen hadde nekta dei meir på borg, så det var på høg tid eg kom. Eg gjekk til handelsmannen og betalte han alt me skulda. Og sidan haurde eg aldri gjete at eg ikkje skulle få henstand når eg var pengelaus. 

Garden etter far 
Hausten 1934 overtok eg bruket etter far, og fekk skøyta på det. Eg var i stuss om eg skulle gjera det, men naboane talde meg til. So hadde eg ein heim, og syskina mine kunne hava ein stad og koma til når dei ville sjå heimat. Eg overtok all skulda til far, og det var pålag 2500 kroner. Det var ein heil del pengar i dei dagar. Syskina mine reiste ut i teneste. Eg hadde ei gamal tante som stelte i huset for meg. Ho var ikkje gift. Ho var her til ho døde i 1953. 

Her var sandtak i bygda, og der fekk eg arbeid. Daglønna var 5 kroner dagen. Der var arbeid til krigen braut ut i 1940. Då tok tyskarane over, og eg slutta. 

Eg vart gift i 1942. Det var med den jenta eg vart kjend med i 1934, då eg var gjetar. Me fekk 5 born i lag, 3 gutar og 2 jentor. Men eg laut ut å tena pengar om det var krig. Eg var 2 vintrar i skogen. 

Fyrste vinteren var me 3 mann som kjøpte ein teig på rot. Me hogde 75 mål ved. Andre vinteren var me 5 mann og då hogde me 178 mål. Me rekna ut me heldt krona 2,50 for timen, og det var ikkje verst. Me bygde oss ei hytta av runde ospestokkar og tetta med mose. Me la mose på taket med bylgjeblekk oppå. Der var lundt og godt. Me var der heile veka, og reiste berre heim om helgane. 

Eg var 3 år på sildearbeid om vintrane etter krigen, på ein sildeoljefabrikk i Haugesund. Der fekk eg 2,25 krona i timen. Me hadde fritt hus, og me ga ikkje meir enn 1,25 krona for middag om dagen, so eg må seia me levde billigt. Eg var med og lossa sild, og det var på akkord, so då tente eg meir. Me var 3 frå bygda vår. Siste vinteren eg var der, vart eg sprengd, so eg laut reisa heim og vart liggjande i 3 månader. Eg tok for mykje arbeid på meg, og lite svevn vart det. De veit det var um å gjera å tena mest mogleg pengar, og so gjekk det utover helsa. 

BKK bygg ut vassdraga i Masfjorden 
I 1952 byrja Bergens kommunale kraftlag å byggja ut vassdraga i Masfjorden. Eg byrja i arbeid der den 29. april 1952. Det var same året dei sette arbeid i gang. 1. mai fekk me fri. Då var eg heima og sette poteter. Eg fekk betaling for den dagen og. Det hadde eg ikkje vore vand med so eg tykje eg hadde fenge ein god plass å arbeida på no. 

Det fyrste arbeide eg var med på var å grave ut tomtat til 2 barakkor. Det var med spade og trillebor me arbeidde. Då tomtane var ferdige, sette me upp brakkor. Det var tyskarbarakke som dei hadde kjøpt inn. Dei var laga av flakar so dei var snare å setja up. Der var 4 og 2 mannsrom. Turkerom til klær, bad og klosett. Midt på kjøkkengolvet var ei luka som dei kunne lata op. Der var eit rom under dei oppbevarde mat i. Der var kjøligare. Dei hadde ikkje fryseboks og kjøleskap i byrjinga og ikkje vaskemaskin heller. Men seinare vart det både det eine og andr. Det kan ein sikkert takka foreininga for. 

Eg tykte det var fint då eg fekk fyrste lønninga. Eg hadde vore utan arbeid ei tid, så det var smått med kontantar. Me fekk krona 3,11 for timen. Det var vel den høgaste timeløn eg hadde hatt til då. 

Matredal Arbeidarforening 
Om hausten danna me arbeidarforening. Alle som var i arbeid var med. Men seinare var det mange som gjekk ut på grunn av at dei var upresise med å betala medlemspengar. Eg var med på forskjelligt arbeid. Der var grøftar, planeringar og sprenging av fjell. Det var ikkje so mykje maskinar. so me arbeidde med spade og trillebår. Boremaskin hadde me, so det gjekk fort å få hål i fjellet. 

Då dei byrja sprenga ut kraftstasjonen vart det mykje arbeid og meir maskinor kom i bruk. Det var lastemaskinor som vart drevne med luft og gjekk på skjenor som lasta upp steinen i store vaggor. Dei vart dregne av ein -lok- ut på tippen. Sjølve kraftstasjonen låg ca. 100 m inn i fjellet. Der kom folk frå alle kantar og søkte arbeid og arbeid fekk dei. Det gjekk 3 skift natt som dag. 

Desse tunnelarbeidarane tykte eg mange gonger var uvyrdne og uforsiktige, og dei for ikkje alltid fint med redskapen dei hadde i hendene. Det var fleire eg la merke til som kom berande inn i kraftstasjonen med dynamittkassar på herda, og slengde dei i steinrøysa so dei sprakk. Dei gav seg ikkje tid å taka dei upp på vanleg måte. Det var 25 kg trekassar dynamitten kom i den gongen. No er det pappkartongar. 

Der var og mykje overledning. Når ein tok i ein jarnstaur eller skulle flytte på ei sol (lampe), fekk ein elektrisk straum gjennom seg. Elektriske tennarar låg og slang kringum mange plass. Eg vil seia det var eit stort under det gjekk vel. Men merkeleg nok veit eg ikkje av at nokon kom nevneverdig til skade eller miste livet inne i kraftstasjonen mens dei arbeidde der. 

Heilskinna ut ? 
Eg var med og kjilte og bolta heile stasjonen. Der var mykje laust fjell som måtte sikrast. Me sto på stillas 10-15 meter høge og kjilte og bora hol til boltane. Det var ikkje ufårlegt arbeid og eg tenkte mange gonger eg gjekk inn om morgonen: Kjem eg heilskinna ut att i kveld ? 

Der vart mykje støyping. Heile stasjonen skulle hvelvast. Der gjekk me skift i 3 vikor, men helgene og, for det laut gå i eit. Vegger og forskjellige rom skulle støypast. Der gjekk med tusenvis av sementsekker. Sand var ikkje vanskeleg å få tak i. Der var eit sandtak i nærleiken. Det var Kulkompaniet av 1871 i Bergen som dreiv det. No har vegvesenet overteke. 

Dødsulykkor 
Då me var ferdige med sjøen ned i Matredal, bar det til fjells i vasstunnelar og damarbeid. Då vart det fleire dødsulykkor. Ein miste livet under lading. Det lyt eg seia var uforsiktigheit. To miste livet då dei vart klemde i heis, og ein vart klemd mellom loken og ei steinvagga. Ein fekk ei steinblokk or taket på seg inne i ein tunnel, og ein miste livet då dei skulle kjøra på arbeidsplassen om morgonen. Dei kjørde i lastebil med hus på. Dei var vel ein 10-15 mann. På ein eller annan måte har tippen slege inn, so planet tippa upp heilt til topps. Nåken greidde å klora seg fast, men dei fleste havna i vegen, og dette var under full fart. Sjåføren merka det ikkje før det var for seint. Der var fleire skadde og ein miste livet. 

So var det ein brakkebrann ved sjøen på Matredal. Der miste tre livet. Det var jonsokkaftan og dei festa litt sume. Der var komen klær ut over ein elektrisk ovn, som årsaka brannen. 
Det vart nokso trist etter desse ulukkorne, men arbeidet laut gå sin gang. Eg gløymde ein. Det var ein her frå bygda. Einaste son til ein fjellbonde. Han drukna. Det var om våren han gjekk gjennom isen då han gjekk på arbeid. Arbeidet vart alltid innstilt den dagen det hende slike ulukkor, utan at det var høgst nødvendig at dei heldt det i gang. 
Alt i alt miste 10 mann livet under anleggstida. Den varte frå våren 1952 til no jul 1982 - i 30 år. 

Anleggsliv 
På fjellet var der nok å gjera. Om sumaren arbeidde eg på dammar. Me arbeidde langt utover kveldane, so det vart ein heil del overtid. Det var sesongarbeid. Det var om å gjera å få mest mogeleg ferdig til vinteren kom. Eg var som regel med og mura frammur og bakmur. Dammen kunne vera over 100 meter brei i botten og smalnast til på toppen til ein 3-4 meter. Der gjekk mykje stein til fyll i dammen. Me hadde akkord for kvadraten å mura. Eg hugsar ikkje akkurat kva me fekk for kvadraten, men me heldt frå 14 kroner og oppi 18 kroner for timen. Men då var me no byrja på 60-åra. 

Om vinteren var det arbeid i tunnelar. Den lengste eg arbeidde i var 12 km. Den skulle dei føra vatnet i til røyrgata. På framsida mot vatnet støypte dei plator med tetningslistor mellom kvar. Eg trur dei var av plastikk. 

Medan eg var i fjellet kunne eg ikkje reisa heim anten enn i helgene, so det var kona som laut taka arbeidet med gardstellet og borna. Men dei hjelpte no til etter kvart som dei vaks. 

Barakkene me budd i var tyskarbarakker som var flytta fleire gonger etter som arbeidet skreid fram. Der var ikkje so mykje bråk, men det vart no halde ein og annor fest. Slagsmål veit eg aldri der var. 
Brakkesjef sytte for innkjøp av mat og såg tilrettes om det var noko som skulle vølast. Maten var rimeleg, 7-8 kroner dagen i kostpengar til å byrja med. Seinare vart det noko meir. 

Eg hadde mange greie arbeidskameratar. Dei var forresten greie alle eg kom i lag med. Det hende nok at me var ueinige, men me gjekk ikkje og såg skjeivt til ein annen for det. Det var som oftast over når dagen var over. Det var slik. Gav ein fred så fekk ein fred. 
Livet på brakka gjekk helst stille og roleg for seg. Det var å sitja på opphaldsrommet. Sume spela kort, prata og diskuterte. Det var bokkassar frå biblioteket, so me fekk låna bøker. Eg lika godt å lesa, og las ut mange bøker. 
Der var ein som reiste kringum frå Kristne arbeidarars forbund. Han heldt andakt på barakkena. Han var der fleire gonger. Me var fleire som høyrde på han, men ikkje alle møtte opp. Det var ein svert grei og likatil kar. 

Nede i Matredal var der stor sal i tilknytning til kontorbygget. Der var filmframsyning m.a., og alle møter og festar vart haldne der. Når eit større arbeid var ferdigt, heldt kraftlaget fest for oss. Eg var med på festar.Den første var når dei starta opp den første maskina i kraftstasjonen. Då var direktøren der, og under - og overingeniørar, syningar og so alle arbeidarane. Der var sikkert to hundre i talet. Me fekk fårikål, kaffi og kakor, øl og dram. Der var talar og song og musikk. Eg hugsar ein som me kalla -Ole Bus-. Det var forresten naboen min heime. Han var ein meistar å sjunga. Han song gamle rallar-songar om Bergensbana og Ofotbana og fekk stor fagnad. Ellers var det talar av direktøren og fleire arbeidarar hadde ordet. Eg må segja det var riktig koseleg. 

Hvis dei ikkje heldt fest for oss når eit litt større arbeid var avslutta, fekk me alltid ei lita pengegåve i staden. Eg vil seia at dei overordna var svert greie. Dei gav seg ofte i prat med oss på arbeidsplassen når dei for forbi. 

Arbeidarforeninga vår vart stifta 1. novenber 1952 og vart innmeldt i Norsk Arbidsmandsforbund. Eg var ikkje med på so mange møte, for det var eit heilt stykke for meg å gå, pålag 1 time, men eg var no på nåken. Der var godt frammøte dei gongane eg var der. Me hadde oppe krav om forskjellig utstyr til barakkone om å få TV når so langt leid, og so samla me inn pengar til slike som hadde vorte mykje skadde og laut vera burte frå arbeidet i lenger tid. Nåkre lønskrav hugsar eg ikkje me hadde. Det var tariffar det gjekk etter, og det var vel gjennom Arbeidsmandsforbundet dei forhandlingane gjekk. 

Streik var eg ikkje med på. Det var stundom det var tale om det, men dei kom alltid til semja. 

Eg slutta i arbeid til jul i 1972. Pensjonist vart eg ikkje før i 1973, men eg var trøyt og sleten, so eg fann ut det var best å gjeva seg. Eg fekk merke frå forbundet då eg hadde vore medlem i 25 år. No betalar eg ikkje kontingent. Eg står som fri medlem sidan 1973. 

Ja dette er noko av det eg har oppleva den tid eg var med og bygde landet. 
 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal