Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

 

    
Bjørn West styrkane i Masfjordfjella og forsyningane frå Gulen og Brekke
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 30.09.2001

I oktober 1944 kom to menn tilknytta Kompani Linge frå England for å opprette ei avdeling bak fienden sine linjer. Ein geriljabase skulle etablerast i Masfjordfjella, sør for Sognefjorden mot Osterfjorden. 

I oktober 1944 kom to menn tilknytta Kompani Linge frå England for å opprette ei avdeling bak fienden sine linjer. Ein geriljabase skulle etablerast i Masfjordfjella, sør for Sognefjorden mot Osterfjorden. Denne avdelinga skulle ha som oppgåve å ta imot folk som måtte gå i dekning og andre som venta på tysk arbeidsmobilisering. Dei skulle og vere i beredskap til den venta kapitulasjonen. Hadde dei tyske stridskreftene i Norge valt å halde fram kampen etter ein kapitulasjon på kontinentet ville geriljatroppane i Masfjordfjella vore særs viktige. Slik oppsto den kjende Bjørn West gruppa. 

I alt var det ca. 250 mann i denne styrken. I Gulen kommune vart mange involvert i det som føregjekk oppe i fjella, ikkje minst i oppdrag med transport av våpen, ammunisjon og proviant. Dette kom inn med ubåtjagarar i og omkring Fensfjorden. Ubåtjagarane Hitra, Hessa og Vigra hadde alle operasjoner i Gulen-området. I Gulen var desse stadane involvert i transportsambandet med båtane vestfrå og Bjørn West i Masfjorden: Årøy ved Byrknesøy, Sløvåg, Sandebygda, Mjømna og Furenes. 

I Brekkebygdene var det og mange sivile som ofra seg for mellom anna transporten opp til fjellfolket, til sætrane rundt Stordalen. Det var så langt frå noko stølsliv der oppe, på ei årstid med snø og atter snø over viddene. 
På havstykket mellom Solund og Holmengrå fyr, var det ikkje lett for dei tyske vaktstasjonane å øve god kontroll. Det var her det føregjekk eit svært viktig oppdrag den 15. oktober 1944. Torpedojagaren Vigra kom inn med Leif Larsen, med tilnavnet Shetlands Larsen, som skipssjef. 

Mannskapet var på plass med sine kanoner og mitraljøser på dekket og speida i alle retningar. Nokre av dei, var ganske nær heimen og dei sto der med sterke kjensler for familien og bygda. To spesielle krigsoperatører skulle over i ein liten båt ved Mjømna. Båten som var uskadd etter overfarten, vart låra og Linge- karane hoppa over rekka. Dette var løytnant Fredrik Kayser og Fenrik Severin Synnes. Begge hadde bak seg sabotasje-aksjonar i heimlandet. Den første var med på Rjukan (Wemork-aksjonen) og den andre hadde bl.a. hatt sabotasjeoppdrag i Nordfjord - distrikta. 

Ein 18 fots båt glei frå skutesida med gode ynskjer for oppdraget. Vigra endra kurs, auka farten etter kvart og var snart godt ute av syne, på si ferd vestover, ut Sognefjorden. 
Snekka med dei to tøffa sydover forbi Mjømna og til sørenden av Sandøya, så vidare aust, inn i Masfjorden. Dei tok land på ein odde, kvilte litt og tenkte gjennom planane. Her oppdaga dei snart at det låg fleire gardsbruk ikkje langt unna og busetnaden måtte dei for all del halde seg unna. Dei gjekk i båten att og fann seg ei vik på ein holme, Sandeholmen, og drog båten opp i fjøra der dei var godt skjult av eit granholt. 
Ikkje lenge etter at dei hadde slege seg til ro, kom ein fiskar roande for å dra fiskegarna og krabbeteinene som han hadde sett rundt der. Denne fiskaren kunne bli farleg for dei. Det var berre eit å gjere, få fiskaren på land og snakke alvorleg med han. Dette var Toralf Sande, nå busett på Børholmen ved Byrknesøy. Han var då 24 år og fann krabbefiske nyttig for å skaffe seg ekstra kroner. 
Han fekk sjå våpna til Linge-karane og fekk klar beskjed, at hvis han plapra, så visste dei kor dei skulle finne han. Toralf Sande heldt tett slik han hadde lova. Etter at krigen var slutt fekk folk vite alt om hendinga på Sandeholmen. 
Mange år etterpå, ved ei Bjørn West samling på Risnes, fekk han helse på løytnant Fredrik Kayser og takke for sist. 

Spor måtte slettast 
Dei vart liggande i hopen denne dagen. Dei speida utover Fensfjorden og registrerte trafikken og vaktbåtane som farta der. På same tid måtte dei ta til med å reparere motoren, då den fuska litt. Om kvelden tøffa dei innover fjorden og målet var Hosteland. Der var Kayser kjent frå før, for han hadde vore der om somrane då han var ung. 
Vel framme på Hosteland, lossa dei det lille dei hadde med seg i ei nedlagt mølle. Etterpå søkkte dei båten. Dei merka seg denne staden i minnet og båten vart seinare teken opp att og er i dag med i Bjørn West museet på Matre. Ein historisk båt. 
Karane måtte vidare så snart som mogleg, og Magnus Midtbø tok seg av dette. Seinare i Bjørn West operasjonen, skulle det vise seg at han vart ein av dei viktigaste kontaktmennene i Masfjorden. Ikkje minst då det vart som verst vinteren 1944-45, då dei tyske samla seg til angrep mot dei norske styrkane i Masfjordfjella. 
Løytnant Kayser og Fenrik Synnes vart av Midtbø losa langt nordetter dalen til Steinsdalssætra som ligg mellom Ropehaug, nær Ynnesdal og Kjelby i Austgulfjorden. 

Transportruter 
Nokre dagar etter, den 21. oktober, måtte Magnus Midtbø ta mot fem nye viktige personar som kom med ubåtjagar. Hitra sette dei av i Sløvågen, ein landingsplass skipssjef Eidsheim hadde plukka ut, og som viste seg å bli ein av dei viktigaste plassane, for omlasting av farleg gods som våpen, ammunisjon og agentar i tida som kom. 
Sløvågen var ideell, fordi der var ein mogleg rømningsveg nord gjennom Brandangersundet. Frå Sløvågen var det heller ingen fjord å forsere med frakting vidare innover til Masfjorden. Ganske enkelt ei god hamn, godt dekka av ein fjellhammar ut mot Fensfjorden. 
Med hensyn til tryggleik, var det ikkje alltid at båtane dei disponerte til vidare transport, var godt skikka. Det vart betre då reketrålaren til Håkon Furnes, Sleipner, var med. Etter ei tid fekk dei mistanke om at tyskarane begynte å ane noko,- då vart omlastinga lagt til Årøy, sør for Byrknesøy. 

Oppe i Steinsdalen vart det oppretta kommandobase. I Furdalen ved Ynnesdalsstølen, vart det flyslepp og basen vart forsynt med det meste. 
Men det oppstod andre problem med opphaldet her p.g.a. ein gamal fjellsti - frå Ynnesdal og Ropehaug, vestover til Austgulfjorden. 
Folket frå desse stadane, tok ofte turar over fjellet til Gulen, og militærkommandoen i Steinsdalen vart kjend av for mange. Ikkje berre dei som budde på fjellgardane kom forbi, men det kom reisande frå Bergen som var på jakt etter varer som kjøt, smør og geitost. Oppe i liane oppdaga dei også andre som speida på seg, ville finne ut kva karane på sætra tok seg til, og det var slike som gjerne ville bli med i ein motstand mot fienden. Ein av desse mest nærgåande var Alfred Austgulen. Hadde ikkje Bjørn West gruppa drege seg frå Steinsdalen på det tidspunktet, så ville han vorte henta inn. Kommandoplassen vart flytta frå Steinsdalen, lengre innover i Masfjorden. 

SS-Oberstfurmfuhrer Erwin Lang i Matre var oppe i fjella med fly. Han såg mange skispor på kryss og tvers, og sende fotorapportar vidare til Bergen og Matre. Dermed vart det sendt tyske troppar opp i fjella både frå Matre, Trædal, Oppedal og Bjordal. 
Dei største og viktigaste forsyningane til Bjørn West kom framleis inn frå havet. Årøy og Sløvågen tok imot. Ubåtjagere vart lasta opp og sendt over havet til norskekysten, for omlasting til mindre båter som førte det vidare innover til dei kjempande i Masfjordfjella. 

M/K Sleipner gjekk fleire turar frå Årøy i Byrknesøyane til Masfjorden, svært farefulle, for den tyske vaktbåten kryssa Fensfjorden heile døgnet. Håkon Furnes med sin båtsmann Fredrik Tindvik, hadde det hardt på natteturane frå Årøy. Likeeins kontaktpersonane og Bjørn West karane som var med på turane. 
Det gjekk dårleg med siste operasjonen. Tåka hindra ubåtjagaren i å kome inn til avtalt tid. Neste kveld var sikten noko betre og det lukkast å få landkjenning. Hitra og Hessa kom inn til Årøy og fortøyde på avtalt stad, men utan at mottakar var å sjå. 

Forklaringa var sjølvsagt at båtane var eit døgn forseinka. Meldinga frå telegrafisten i Masfjordfjella hadde ikkje nådd fram til dei som skulle ha ansvaret for mottaket og transporten vidare. 
Hitra og Hessa kunne ikkje bli liggande, så sjefane bestemte seg for å få lasta på land og kamuflere den så godt som råd var. Båtane måtte vere ute frå kysten før daggry, og det vart hektiskte timar med lossing av ti tonn ammunisjon og våpen, slik at det ikkje var synleg på avstand. Det gjekk bra og ved midnatt forlet dei to båtane Årøy. 

Då Håkon Furnes fekk meldinga om situasjonen, sette Sleipner kurs for Årøy og omlastinga tok til. Det var kritisk for tyske marinefarty passerte ute på fjorden, ikkje langt frå Årøy. Lysbomber vart skote opp, og kutteren som hadde kvitt styrehus og kvite rekker samt blanke skutesider, vart synleg på lang avstand. Heldigvis vart dei ikkje oppdaga medan dei låg å lasta. 

Dei måtte ha gode nerver ombord i Sleipner då dei for med ti tonn farleg last og med tanke på kva som kunne skje om dei vart oppdaga av vaktbåtane. Hadde dei vorte tekne, måtte dei nok ha bøta med livet. Kanskje Håkon Furnes angra i slike stunder på avtalen om å hjelpe, ein avtale som vart til ein sundags ettermiddag i kjellaren heime på Furenes. 

Ein del forsyningar til Bjørn West kom også med fly, men ikkje alltid dit dei var tenkt. For eksempel droppet i Virkesdalen, der containere landa ut over bøane og i fjøset til Ivar Virkesdal. Eit anna slepp landa på eigedomen til lensmannen i Masfjorden. Lensmannen var ikkje til å stola på og det var på nippet til å gå galt då dei jobba om natta for å fjerne alt frå flysleppet. 

Frå bygdene i Brekke vart det etterkvart mange som var med på å bringe mat og anna opp til dei norske soldatane i Bjørn West. Proviant ein kunne skaffe. Smør, ost og kjøt frå gardane vart teke på ryggen eller kløvja der det let seg gjere. 

Forretningsføraren i Forsyningsnemnda i Brekke, Sigvald Oppedal var alltid godt orientert, og han fann i si stilling elles høve til å gje støtte med det viktigaste som dei hadde bruk for der oppe. Etter krigen vart han heidra med medalje for m.a. denne innsatsen for Bjørn West styrkane. 

Frå Instefjord rodde tre naboar Mons, Ivar og Håkon Instefjord til Oppedal, der Håkon Oppedal (nevø av Sigvald) og naboane overtok og frakta det vidare innover dalen og opp i fjella. 

I dei siste vekene av krigen var det mange trefningar mellom Bjørn West styrkane og tyskarane i Masfjordfjella. I kampane miste seks nordmenn og minst hundre tyskarar livet. Matre var nær på å verta eit nytt Telavåg. Alle vaksne menn vart arresterte og etter å ha vore fangar i ei av russebrakkene, vart dei sende til ein fangeleir på Espeland ved Bergen. Der sat dei til krigen var slutt. Det vart også sagt at kvinner og born skulle fengslast og at bygda skulle bombast og brennast. 
Samanbrotet i Tyskland sette ein sluttstrek for krigshandlingane i Matrefjella. Bjørn West styrkane vart viktige for tida etter kapitulasjonen i Norge, 8. mai. 

Bjørn West soldatane reiste til Bergen og overtok diverse militære funksjonar. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal