Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

    


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

   
Knut og Solly i maritimt miljø
(22.12.2006)
Forfatter: Scandion

Omkransa av furukledde knausar, trange sund og vill natur ligg den gamle handelsstaden Risnes. Ei perle i Masfjorden og i vestlandsk fjordlandskap. Sentralt i dette landskapet finn du Kafe Knuten med Knut og Solly Tangedal som vertskap. 


Foto: Scandion

For fleire enn masfjordingane betyr Kafé Knuten god mat og drikke, koldtbord og snittar. . og sjølvsagt god service.  Stikk du innom kafeen, ja, då kjem du rett inn i eit maritimt miljø, samtidig som du får med deg utdrag frå naturen. Knut og Solly har gjort det koseleg på sin arbeidsplass. Ein særprega kafe som du ikkje finn kopi av andre stadar. 

Solly er frå Filippinane, men Knut slapp å reise dit for å treffe ho. Det traff kvarandre gjennom venner her i landet, - og så var det gjort. Det var Solly som kom på ideen å starte med kiosk på Risneskaia. - Solly er sjefen, slår Knut fast. 

På alle verdenshav 
Knut reiste til sjøs i sin ungdom. Før han gjekk i land etter 30 års fartstid hadde han fått med seg det meste ein sjømann i utenriksfart kan drøyme om. Frå New Ålesund i nord til Cap Town i sør. Alle verdensdelar og havner som vi landkrabbar knapt har høyrt om. Etter 30 år på verdenshava rakk Knut akkurat borti sjømannspensjonen. 
Så bar det i Nordsjøen på Osebergfeltet, der Knut arbeidde i 2 år. Kva skulle dei så ta seg til ? Jau, det vart slik som Solly hadde tenkt. 


Foto: Scandion

Frå kiosk til kafédrift 
Knut og Solly starta med kiosk den 17. juli 1993. Begynte i det små, og med hjelp av tilskot og lån frå kommuen kjøpte dei eit brukt gatekjøkken frå Sunnfjord. Oppussing måtte til, og Knut anskaffa inventar som komfyr, stråleovn, kjølediskar m.m. 
Nevenyttig som Knut er, gjorde han innreiingsarbeidet sjølv. Litt seinare fekk han hjelp av to nevøar med å byggje eit 
fryserom. 

Det var ikkje nokon vanleg kiosk som var komen i Vikja. Pølser og småsnacks var berre ein liten del av omsetninga. Det viktigaste var kanskje at dei hadde ferdig middagsmat å selja kvar dag. Og det var eit variert utval. 
Snittar på bestilling til møter og samkomer over heile fjorden, til Gulen og til Strilelandet vart også levert. Starten var uventa god. På dei første fem månadane hadde dei ein omsetnad på kr. 350.000,- 

Neste steg på vegen var å få til ein liten kafé. Tanken var å få eit lokale der dei kunne ta imot ei busslast turistar til kaffi eller lunch. Men draumen vart ikkje heilt som tenkt. Tomta som var til rådigheit var liten, og kaféen vart derfor ikkje så stor som dei hadde håpa på. Men kafé vart det, og den stod klar i desember 1995. Det fyrste julebordet vart halde for Nordbygda skule. 

Knut og Solly har, med si verksemd, vore med å skape ny aktivitet i Vikja. 12 timars arbeidsdag heile veka til ende kan være tøft, men det må til skal ein overleve i dette serviceyrke. Gjestar strøymer på heile året igjennom. Mange faste middagsgjestar har fått servering i alle dei åra kaféen har eksistert. 


Foto: Scandion

Handelsstaden 
Risnes, som før var ein travel handelsstad, er i dag ein rolig idyll like innanfor det trange innløpet til Straumsvik. 
Landhandelen, ein meir enn 110 år gammal tradisjon på kaia, er historie. Lars Tangedal, bror til Knut, har avvikla drifta. Ein kjærkommen plass der ein kunne få det ein trong sånn i det daglege. Møteplassen der sambygdingar kunne slå av ein prat, og få med seg siste nytt heim - er no tagna. Det kvite, tradisjonelle vestlandske trehuset, bygd i 1928, med hems og overhengande karnapp som i mange generasjonar romma så mangt til hjelp for bygdefolk og andre, har fått ein rolig alderdom. 

Det var bestefar til Lars og Knut som starta handel i Vikja. Det var i 1888 og i det eldste huset. Det huset der handelen seinare var, vart bygt i 1928. 

I dag susar bilar bak ryggen på den gamle ærverdige handelsstaden, over Risnesbrua til og frå større handelssenter. 

Dampen kjem aldri meir att. Heller ikkje hestane som stod tett i tett langs berghammaren - der det no står bilar. 

Den gamle dampskipskaia, eit minne om gamle dampen, ligg i dag som eit kjærkomment feste for fritidsbåtar som i sommartida flittig besøker Risnes. Kaia har fått ein ny dimensjon, knytt opp mot dagens behov og aktivitetar. Arrangement som kulturdagane i Masfjorden har vorte avvikla på kaia, med alt det innebær av trafikk både på sjø og land. 

Risnes marina 
Dagens båtfolk har fått ei flott flytebrygge i takt med tida - og flo og fjære. Brygga har plass til 22 båtar. Flytebrygga stikk ut i sundet som eit trygt feste for båtar i hamn, og som ein ventande favn for småbåtar på veg inn sundet frå Fensfjorden. 


Foto: Scandion

Ei perle i Masfjorden 

Risnes er ei perle - og spesielt for båtfolk. Ei trygg lun hamn med ei triveleg stemning på bryggekanten når lokalbefolkninga, faste og tilfeldige båtreisande samlast for ein prat. 
For båtfolk er området rundt Risnes eit øyrike i miniatyr. Vakker skjærgard, ubebudde øyar, holmar og skjær spreidd ganske så tilfeldig ut i Fensfjorden. Sjølv om fiskebestanden har minka, her som andre stadar, ligg fiskeplassar på rekke og rad som for eksempel innanfor Terneskjeret, i Herøyosen eller rundt Kvamsøy. Vil du nyte ein dag eller to på ein fredeleg plett er det godt om vikar, poller og svaberg. 

Sentralt i denne idyllen finn du Knut og Solly Tangedal, og kaféen deira. 
Om sommaren er kafeen ein ynda tilhaldsstad. Fritidsbåtar ligg ankra opp i sundet, langs flytebrygga eller ved den gamle dampskipskaia. Folk samlast på land, og som alltid når båtfolk møtast går praten både høgt og lågt. 
På ein så sentral plass er det og anledning til å bunkre diesel både for fritids- og fiskebåtar. 

Har du ei ledig stund i ein ellers så travel kvardag, kan vi anbefale ein tur innom. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal