Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

     

    

Liv og slit i Masfjorden i gamle dagar
Forfatter: Ola R. Midtbø
Publiseringsdato: 03.07.2003

Tia frå 1800 og framover var i sanning ei trong tid. Fyrst var det krigsåra med svolt og dyrtid og mangeslags elende. So gjekk då staten falitt, og folk miste mest alt det dei hadde spart saman. 

Det som her kjem etter Ola R. Midtbø, vart kladda i ei stilbok 1944, etter oppmoding av Arne Bjørndal. Dei to var gode vener, og Bjørndal fekk mang ein væn lokk og religiøs folketone hjå Midtbø. Han var ei "oppkoma" utan like i Masfjorden - når det galdt mål og musikk og minnerike serdrag frå eldre tider. Då Fjon til Fusa tok til å koma, vart Ola R. Midtbø ein av dei årvisse medarbeidarane. Ein høgt skatta medarbeidar var han og i Norsk Målførearkiv og i Norsk Ordbok. 

Då han brått og uventa fall frå i 1950 i ein alder av 73 år, skreiv Arne Bjørndal heiderlige minneord om denne gjeve fagnamannen (i årboki 1952). I Midtbøs etterletne manus, som vart nedskrivne i tilfeldige stunder og farga av hans eige bygdemål, er fint lite retta. 

Det gamle samkomeliv so' kom vekk
At det gamle samkomeliv kom vekk, hev fleire årsaker og heng i hop med den ting at mest alle gamle sedvanar kom vekk eller vart mykje umlaga, især i den fyrste halvdel av det 19de hundreåret. Det var ei ny tid so' trengde seg inn. Ei tid so' me no fer til og ser verknaden av. Visst fylgde der mykje godt og gagnleg med den nye tid, men folk er no eingong slik, dei kan kje halda måte. Det vart til det at mest alt gamalt vart forkasta. Folket leid stor skade på si sjæl. 

Me eldre minnest ei tid då folket på landsbygdene budde i ei timbra umåla stova, med høge dørstokkar, rett og slette dører med klinkelås. Eit langbord med fast høgsæte og fast benk inn for bordet og lause forsete framanfor. Ei høg seng i inste kråna og ein svær jarnomn i ytste kråna. Til helg og høgtid var der strødd kvit skjelsand på det kvitskura golvet, gjerne med litt 
finhakka sprakje ovanpå. 

Folk var sjølvhjelpne
Dei kjøpte lite og ingenting, for pengane var fåe og småe, so ein fekk være glad ein fekk skrape ihop sopass ein trong til dei mest naudsynte ting. Sko, klæ, reidskap, kjørel m.m. laga ein sjøl. 

Kom der ein framand til tuns, so ein vilde visa vyrdnad, bad dei han inn og tok ein rjomekolleask or mjølkeskåpet og sette på langbordet. Braut eit par brødleivar i fire og la attved. Fann ei rein skei av horn eller tre. So bad dei den framande setja seg innåt. Som regel måtte han nøydast. Var husbonden heime, sette han seg gjerne i høgsætet og skifte maten med den framande. 

Hadde ein bo'de vener eller skyldfolk saman i gjestebod, eller dei kom ubedne-, so var det heimeavla og heimelaga mat dei fekk. Jamnast rjomekolle med det same dei kom. Sidan steikt kjøt eller flesk attåt flatbrød. So dravle eller mylse. Kjøt og sodd til kvelds, og som toppen på det heile: rjomegraut. 
Hadde ein øl i huset, so var det sjølvsagt både fyrst og sist, men då vart rjomekolla sløyfa, for øl og mjølk samde ikkje, sa dei gamle. 

Då desse dampane kom, og det vart lettare samferdsla med byen, fekk landsfolket meir greide på kor folk hadde det i byen. Då for ein og annan til å ta etter byfolket i sume ting. Dei yngste især. Det vart etterkvart til det at det gamle vart simpelt mot alt dette nye som kom frå byen. Skulde dei gjeva ein framandmann mat, laut det vera "stomp" og kaffi. So laut ein ha steinkjørl frå byen. Bykjøpte knivar og skeier og alt som tilhøyrde. Men alt dette kosta pengar, og pengar hadde folk ikkje. So laut det før være då, og den framande fekk fara utan nokoslag gjesting. For ingen vilde stå til skammar eller kome i folkesnakk av di dei ikkje hadde skikkeleg mat eller fine nok kjørler so' tia krov. Skulde ein be nokon i gjestebod, var det noko av det same. Ein laut tenkje seg vel um før ein bad nokon. Kostesamt var det og. I bryllup og gravferder vart det ikkje råd lenger å koke eit godt gamaldags sodd. Nei, det laut vera "sosekjøt". So vart ikkje det godt nok heller. Det laut vera "steik". Å bruka fisk og poteter med smør og flatbrød til, var mest ei skam so' dei ferraste våga ta til med. Dei gamle ølskålene vart ureinslege og "uhygeniske", nei, det laut vera flasker og glas. 

Attåt dette kom andre ting til. Prestane hadde ovende mykje å seie millom folket i den gamle tida. Stort sett var ikkje prestane dei verste, men dei var som regel av eit heilt anna "miljø" enn bygdefolket. Dei hadde ei høgare "daning" , eit anna livssyn, ein kræsnare smak. Dei prøvde å få folk å slutte med skikkar so' dei tykje var gamaldagse og "forrående", og streva jamt med å få innført meir moderne ting. So kom pietistrørsla og lækpreikarane i 1880-åra. Då vart alt synd. Folket fæle syndarar. Bygdene fekk syndehol. All moro synd. Fela eit serleg djevelens reidskap. Alt det gamle vart svart. So kom avhaldsrørsla i same tid og tildels ilag med lækpreikarane. Den fekk mange med seg, serleg millom dei unge. Det gamle 
gjestebodslivet med sine gamle drikkeskikkar vart noko av ei folkeskam. So kom dei nye lærarane - seminaristane -, og so kom folkehøgskulane og ungdomsskulane med sine idealistar og totalistar m.m. Alt drog den same vegen. Dei gamle vart meir og meir yvergjevne. Det laut vel vere so då at dei hadde fare utav vegen med desse gamle skikkane sine. Fela vart vekklagd. 

Ho høyrde no heilt ihop med dei gamle samkomene og gjestebod. Like eins ølskålene. Dei unge la av gamle skikkar. Fela bytte dei bort i vindspelet. Var det til religiøst bruk, vart det gitar o.l. "Dei klonka på ei fjøl". Når folk no skal stetta trongen til å kome saman og ha hugnad av einannan, so lagar dei "vennestevner" der dei preikar og syng dagen lang og klonkar attåt. Stutt sagt: Dei gamle samkome - skikkane kvarv av di der kom ei ny tid med nye skikkar og eit nytt livssyn på nærsagt alle umkverve. Dei gamle lika det ille. Ein av dei hadde eit stev: "Da nye æ no allstldt gildar, da æ kje då likare lell". 
- I Kvenne Karis Vise er Landstad inne på det same: 

Eg totte det var tregalege 
rive det skufit ned; 
men der vexe no sure aplar 
alstøtt på gamle tre. 
Gud hjølpe den, som er gamal! 

Det trong ikkje vøre soleis. Folket kunde gjenge like godt fram på alle umkverve um dei hadde halde meir på sitt eige. Ikkje alle stader vart det like gale. Men sume stader hev folk alle tider vore meir narrevorne enn andre, kor det no kan ha seg. 
Det gjorde vel mykje dette at folk fekk betre råd etter kvart. Og med rådi ein kræsnare smak. Det gamle vart for ringt og simpelt, og so denne apekattnatura i folk ! 

Tronge tider. 
Tia frå 1800 og framyver var i sanning ei trong tid. Fyrst var det krigsåra med svolt og dyrtid og mangeslags elende. So gjekk då staten falitt, og folk miste mest alt det dei hadde spart saman. Alt låg nede. Alle laut ta til ånyo. Ingen hadde pengar å hjelpe seg med. Å vere mest mogeleg sjølvhjelpen, var einaste vona. Fyrste ættleden etter 1814, so' hadde oppleva hardår og borkebrødet, heldt trufast på den strenge læra dei hadde fått. Det leid langt framum midten av 19-hundrad - talet før det synte seg nokon større snunad i dette. 

I 1800-åra var mest alle bøndene leiglendingar eller bygslefolk. Men just i denne hardaste tia byrja det å kome skikkeleg fart i at folk kjøpte gardane sine. Det gjekk mykje på låning, og der for mykje av dei pengane folk hadde liggjande på kistebotnen. So vart det å dra på skuld for dei so' kjøpte. Innkomene av gardane var syrgjeleg småe. Drifta tungvint. Ikkje ein vegstubbe. Det var ryggen so' var transportmidlet på landjorda, og båten og armane på sjøen. Reidskapane var dårlege. Lite nok ei skikkeleg møkkjerre. Alt laut berast på ryggen. Ja, inntil møka mange stader. Øykjene vart helst nytta um vinteren i skogen, og til å kjøre møk og stein m.m. på sleføre. På mange gardar fanst ikkje øykjer. Det svara seg ikkje å fø på dei, sa folk. Sume gardar hadde øyk i hop. Um sumaren var øykjene på fjellet, i hage. Høyet bar folk inn alle stader. Dei herma etter ein prest, Th. Frølich, so' var her, at når han vart gamal, vilde han vera hest i Masfjorden. - Verst stelt var no dei so' budde langt frå sjøen. Nei, eg hugsar dalingane her hjå oss. Dei for stritande med tunge byrer, mange menneskje i lag jamnast. Både kar og kvinnfolk. Jamt var heile huslyden med og bar, både store og små. Dei hadde sine visse kvile med sine serlege namn. 

Dei hadde nok øykje oppe i dalane, men der var ikkje råd å bruke dei i sjovegen deira. Der var fleire vatn å ro um. Der var lange trestigar å klyve i. Lange trestokkar langs etter bratte berg og blaute myrar. Nei, ein laut nok leggje ryggen til sjøl.- 

Når ein var van med detta frå barneåra og ikkje visste um noko anna, so gjekk det bra. Men det laut vera sterke og hardføre folk so' skulde bu på slike stader."Dei kan kje alle bu på strandgat'n," sa dei med beisk resignasjon når dei såg kor mykje lettvintare dei hadde det so' budde nære sjøen. 

Reidskapane folk bruka var fælande tungvinte, mange av dei. Ein trehakje med jarnbeslag i enden var det vissaste åkerreidskap. Plog og harv var ikkje i bruk før det leid fram til midten av hundradåret. Møkgreipene var helst av tre, og var so tunge å arbeide med at ein kar sleit ut ei skinnbrok for kvar motting han laut lesse på med ei slik greip. Ein laut nemleg bruke kneet og låret til å trykkje greipa inn i møka med. 

Alle reidskap var heimelaga. Folk var jamt flinke smedar, men det kunde no vera so ymse. Sume av dei ljå so' var laga heime, var ikkje rare. Det var eit reint helseslit å gå med ein slik dårleg ljå i lag med andre so' hadde gode ljå. Slipesteinar hadde dei ikkje før i 1850-60 åra. 

Ljå og andre bitjarn tynnte dei ut i smia sjølve - og brynte so egg i dei med store bryne. Dei kalla slike ljå for tynnsleljå. 
Kornet skar dei med sigd og treskte det med tuster. Seinhaustes høyrde ein den taktfaste banking frå kvar ein låve. 

Dei hadde mange fleire beist um vinteren enn dei kunde fø av det for dei avla på garden. Difor laut dei i marka og "bjerge" heile vinteren. Der var fleire slags "bjerg". Der var no fyrst lyng so' dei byrja skjære um hausten og elles heile vinteren når det var råd til det. Dei hadde store stål med lyng. So var det ris - bjørkeris. Det var eit godt "bjerg", iser når det leid på vinteren medan komrane for til og svall ut. Til å "lynge" og "ripe" var både kar og kvinnfolk med, men når det gjalt å "skave", var det berre karane. Dei skov mest allslags lauvtre, men best var skav av raun, osp og eik. 

Sauer og geiter gjætte ein heile vinteren for udyr. Kyrne gjætte dei tvo og tri viker etter dei var løyste or floren. Når dei var "daurde" og "lagt framme", so gjætte ein dei ikkje lenger. Då laut dei ta det på seg sjølv. - Det seier seg' sjølv at når ein skulde driva gard på denne måten, laut ein ha god folkehjelp. 

Til det so' før er nemnt, kjem ogso at kvar mann, både dei so' budde ved sjøen og dei so' budde eit stykke ifrå, dreiv fiske. Både heimefiske og havfiske. Dei var på Fedje mange turar for året. Dei fiska der ute, og dei dreiv bytehandel med havfolket. Det kunde vere ymse matvarer dei bytte. Slikt so' surmjølk, brim, ost o.l. Eller det kunde vere bruksting dei hadde laga sjølve: kjørler, tresko, soplingar, vidjer, årar, basttog og mange andre ting. 

Um vinteren for sume på vinterfiske til Kinn og Batalden med garn og båtar. Kvar sjogrend med sildenøter so' dei kasta brisling og onnor sild med um sumrane. Og so makrel og spir. 

Kvar gard hadde ein sumarstøl med sæter. Dit var det jamt både tungt og langt, og alt måtte som regel berast på ryggen. So jamenn trongst der folkehjelp. 

Kvar mann hadde dreng og gjente. Sume hadde tvo av kvart slag. Årsløna for ein dreng var i 1850-åra umkring 4 dalar, men hadde tidligare vore mykje lågare. I 1820-åra mindre enn det halve i kontantar, men naturaliene var pålag dei same. Ein dreng tente eit år for ein hatt hjå Majoren i Torsvika. 

Naturaliene for ein dreng for året: Fjortan alen kvitt vadmel. Eit nytt skopar (lersko). Fire merk god ull til sokkull. Eit sauefor dersom han hadde sau, og det hadde han mest alltid. Dessutan hadde kvar dreng rett å brjote seg ein åker. Denne åkeren kalla dei Kovringsåker, likesom dei kalla det ein tenar hadde utanum pengeløna for Kovring. Dei sokalla Lopredagar var tenarane frie og kunne gjera kva dei vilde. Lopredagar kallast slike avlagde helgedagar (halvhelgedaga) slik so' alletriedagane - Jol, Påske, Pinse - andre nyårsdag, Kyndesmessedag, Olsokdag, Helgemessdag og Mikkjelmessdag. (Denne dagen var drengene i marka og jaga etter hjorten). 

Tenestegjentene si løn var i 1850-åra kring 3 dalar året, men hadde før vore mykje mindre, ned til 1 dale året. Naturalier for ei gjente var 12 alne kvitt vadmel. Ler til eit nytt skopar, fri skolapping. Fire merk sokkull, eitt sauefor og ei kovring potetene or ein liten åker. Desse potetene selde dei. Gjentene hadde fri lopredagane og. Då sydde eller sauma dei so' regel.(Dei sa jamnast "taus" i staden for gjenta). Det var stor skilnad på tenarar og på husbondsfolk,- Sume husbondsfolk so' hadde fått ilt ord på seg, kom jamt opp i bal med å få tenarar. Dei freista då stundom å leggja litt til på løna, men detta var illa lika av dei andre. Å "by tenarane opp med penga", vart rekna so' eit ålvorleg brot mot god bygdeskikk og godt granneskap. 

Dagløna for ein vanleg kar vart rekna ei ort - 80 øre dagen, og maten. Men folk leigde mest aldri nokon på dagløn utan det var noko sers dei hadde fyre, slikt so' vøling eller byggjing av hus, steingard - eller noko slikt. Der var nok ymse gutar so' dreiv det med å vera "lausekar", men dei vart visst ikkje feite av daglønene dei fekk. Men so freista dei seg med anna. Dei slo gras i utslåtter um sumaren og fødde beist med det. Sume for til Sunnfjord og kjøpte beist. Desse beista hadde dei i god hage um sumrane og selde dei um hausten. Dei kunde gjere det nokså bra. Sume kjøpte skogteigar til uthogst, og kunde med mykje slit ha ei mager dagløn. Det kunde vere so ymse. Til byen for der ein og annan, men det var fåe. Men so byrja dei å fara til Amerika, og det frettest at ein der kunde tene like mykje på ein tvo-tre dagar so' ein her fekk fyr eit heilt år, då var amerikafeberen strakst i full sving. 

Denne amerikatida var eit av dei tildriv so' fekk mykje å seia for den snunad det vart i bondesamfundet vårt her. Eg er redd for den gjorde meir ilt enn godt. I vissa tappa den bygdene for det beste og kraftigaste blodet den tid det stod på, og dette måtte merkast einstad. 

Her var ymse gjenter so' ikkje tente, men var "lausgjenter".Dei prøvde å slå seg gjenom på ymse vis. Jamt tok dei seg fjellstøl um sumaren. For det kunde dei få frå halvannan opp til 2 dalar i 1850-åra. So tok dei ull frå folk til spinning, men greidde ikkje stort meir enn ei mork på dagen av fint garn. 

Sume tok hamp frå byen til spinning. Og not til binding, men det var elendig betaling, der og. Dei kunde vel halde ein 20 øre dagen, var dei flittige nok. So vov lausgjentene åt folk. Dei fekk tvo skilling alnen for vadmel og einskjefta - og kunne greie ca. 6 alner um dagen. Sume gjenter leigde seg støl og tok hagebeist frå andre so' dei stia og stelte um sumaren. Stundom fekk dei betaling i pengar, og stundom hadde dei tredjeparten eller halvparten av avdrotten. I onnene haust og vår leigde slike lausgjenter seg ut til folk so' trong hjelp. Sume for kringum og baka flatbrød åt folk. Sume skar lyng, men alltid var det laga so at dagløna var elendig. 

Men likevel var det so merkeleg at gjentene i den tid, når dei skulde gifta seg, so hadde dei alltid nokre dalar, jamt yver ikkje så fåe på kistebotnen når dei fann seg ein make. Jamnaste var kista deira godt sett med både gang og sengklæ. Det vart på langt nær ikkje so mykje sidan - då lønene vart større. - Sikkert nok, kor det kan ha seg. 

Som før nemnt var mange gjenter på setrane um sumaren. Det var jamt tvo setrar under same tak, med timbervegg i millom og skot med skorstein i kvar ende. Sætra låg jamt milevis til fjells, og alt laut berast til og frå på ryggen. Sume stader var vegane so dårlege at det var ikkje råd å reie (klyvje) um ein hadde hest. 

Prisane på det bøndene hadde å selje var ikkje rare. I 1850-åra fekk dei ca. 8 ort for ein famn ved. - 2-3 skilling morkja for smalekjøt, 7-8 skilling morkja for smør. Eit vanleg slaktenaut: 3-4 dalar. Slaktenauta vart mest alltid selde til farande handelskarar. Mange av dei var frå Lindås. (Um prisar i 1860-70 åra sjå Th. Frølich: Masf. Hist. s. 409. 

Prisane på trematerial so' hadde mykje å seie for bygda her, var også i tilhøve til det andre. 1880-90 åra var dei komne opp noko, så då fekk ein 4-5 kr. for ei tylft bord på 4-5 alner (1 kr. alna). 4 kr. alna for ei tylft 8-toms timber 7-8 alner langt og 3 tommar tjukt. 1 kr. alna for 1 tylft 4x5 sperr. 

Det som sermerkte den gamle tia var at folk sette si ære i å spare mest mogleg, og å kunna hjelpe seg sjølv. Denne lære var gjengen folk i blodet, og var vorten innprenta djupt i medvitet av naud og hardår med svolt og borkebrød, med ufridom og trælking, med umenneskjeleg slit og med nådelause, jamt urettvise sociale tilhøve. Det var korkje forsorgsvesen eller trygdekasse å lita på. Nei: hjelp deg sjølv - eller gå til grunns, var parolen. 

Som døme på kor sparsame folk var i gamletida skal nemnast at for det meste gjekk karane i berre underbuksa når dei var heime. Ja, når dei var på sjøen og med. Dette kom seg for ein del av at dei då var mykje lausarer og ledigare til arbeid og tunge røyningar, især når dei skulde ferdast i bratte berg og ulendte vegar. 

Men like mykje trur eg det kom av at ei ulita bukse var mykje billigare enn ei lita bukse, for liten (fargen) var som regel svært dyr og vanskeleg å få god. 

Dei hadde nok svarte sauer, so dei fekk seg grått vadmel, men likevel. - Eg minnest å ha sett ei kongeleg forordning frå dansketida om at vanlege bønder ikkje hadde lov å bruka lita klæ - Eg hev sett at kara so' hadde langt å ro, drog utanpå-buksa ned so dei sat på berre underbuksa. Dei skulde spara på den dyre blåbuksebaken sin. Av same grunn var der sume so' ikkje vilde sitja i kyrkja. Dei vilde helst stande. - Endå so sparsame og arbeidssame folk var, so hende det både kar og kvinna, at når dei var gamle og ikkje greidde det tunge arbeidet, so hadde dei ikkje noko å leva av, men laut trengja til dei andre etter levemåte. Det var det tyngste so' kunde hende eit ærekjært arbeidsmenneskje. Men altfor mange truslæparar laut freiste den lagnad å ga so' lægdslem frå hus til hus. Nei, då hev me det betre no. Allvisst sidan alderstrygdi kom istand. 

Eit døme på løningar i 1850-åri: 
Emanuel Monsen Birkeland var skulemeister i 1850-åri. Då han byrja å skule, fekk han 6 - seks - skilling dagen i løn. Han var ei tid leigd til å skule i Austrheimsokni. Men han let illa yver maten han fekk der. "Hansend fekk eg ikkje supe fire gonger om dagen, so vomma sto strak so ei tromme", sa han. Men han var kamme-makar, og skar kamma med han skula, so han hadde vel like mykje for det so' for skulingi. 

Nok er det: Då han slutta skulinga i 1865, kjøpte han seg jord på Grinde i Gula og budde so' ein velstands mann all sin dag. 

Skottar og skottetradisjon i Masfjordbygdene
Ei tid var her mykje hopehav millom Skottland og Vest-Noreg. Det var skogen og utførsla av trelast so' gjorde det. I Skottland var det lite skog, men mykje bruk for trelast både til skipsbygging og anna. Det må visst ha vore tidleg denne trafikken tok til. Det ser ut so at skottane og desse andre framande dreiv denne skoghogsten nokso vidt, for styremaktene gav gong på gong lover og forordningar so' skulde hindre formykje rovhogging; men det ser ikkje ut til at det hev hjelpt stort. 

Bøndene som åtte skog, var vel jamt pengelause, då som no. Dei andre so' åtte gardar og skogar, såg vel mest på kva so' gav dei mest vinning. Dei hadde kje stor tanke um å spare skogen. 

Her i bygda er det endå ymse minne um skottane og den tia dei ferdast her. Det vert fortalt at garden Sleire var radt aud for folk etter svartedauen. Då kom der ein mann frå Skottland og sette seg til å bu der. Og sidan var det folk av hans ætt so' budde der. Sikkert er det at Sleire alltid hev vore kalla for Skottland og sleiringane for skottar eller skottlendingar. (Sjå Th. Frølich: Masfj. Hist. s. 167). 

Der Sleirselva renn ut i sjøen ved Frøyset, er det ein stor hyl i elva der sjøen går opp når det er flod. Denne hylen kallast Skottejakta, og der skulde skottane ha materialane sine liggjande - etter å ha løypt dei ned elvane. Sume stader ved sjøen kallast "labergje". Der skulde dei framande ha material liggjande. I Duesundmarkja er der eit slikt laberg. Like ovanfor Tyskebotnane, so der heve nok vore andre enn skottar so' hogde skog. Inne i Masfjorden på austre sida av Sjeidalen, er der ein strekning so' før var kalla Englandssiå eller Englesiå, av di det var allslags "englar" so' heldt seg der og hogde. Dei hev nok ikkje vore sers velsedde. Sume seier ogso at denne strekningen var seld for ei skinnbukse ein gong i tidi. (Sjå Masf. Hist. s. 205). Lenger inne i fjorden på same sida var der ein strekning dei kalla Skottestranda. Der var det skottar so' hogde. Eg hev høyrt eitt skottenamn til der inne i fjorden so' går inn til Haugsdal og Matre, men eg hev gløymt det. Der er sikkert ogso fleire skottenamn kringum markene, so' eg ikkje veit um. Men no fer dei vel til å gløymest. Forutan sleiringane reknar folket på Haukeland seg for å vera av skotteætt. 

Kringom i markene er det ymse stader der det er grave djupe rette kanalar. Det er på slike stader der dei vanlege framkomstvegane er krokutte at desse kanalane er laga. Berrsynt hev det vore svært lange tre dei hev drive fram her. 

Gamle segner fortel at skottar og engelskmenn ei tid budde på Fedje. Dei åtte Fedje øy, seier segni. Sume seier det var hjeltar (hjaltlendingar) so' åtte Fedje. I Austrheim er Hjaltholmen og Hjelteskjæret. 

I Lindås var ein gong ein prest (kapellan) so' heitte Thomas von Westen Angell. Denne mannen skreiv ein "beskrivelse" av prestegjeldet sitt i 1753. Han seier um Fedje at det "først for to hundrede aar siden af norske er bebygget. Før den tid (altso før 1550) skal Øen være beboet av Englænderne og Skotlænderne at hvis stenhuse adskillige rudera endnu sees". (Masf. Hist. s. 201.) 

Tilhøvet millom skottar og nordmenn hev visst vore nokso godt. Etter tradisjonen hev det vore so intimt at når de hende at nokon av bøndene - der skottane var - fekk kona si i barselseng, so for der straks eit skottefarty yver sjøen etter 
"sengekonemat". Det var rjomegraut. Og dei fortel at ferdi yver sjøen hitatt, var so snøgg, at grauten var ikkje kald då dei kom her med han. (Dei må no vel ha hatt ei ekstra hiting på han då). Men visst er det at skottar og nordmenn kom godt utav det med kvarandre. Skottane hadde sikkert folk som låg yver her um vintrane, for då laut materialen hoggast og framhavast. 

Største materialane - mastetre o.l. - laut takast fram med folkemakt, og då trongst det mange mann. Skottane må ha butt på gardane, og me kan vere visse på at dei var ikkje radt passive dei lange vinterkveldane og elles når dei ikkje kunde koma i marki. Dei hev vel lært ymse av nordmennene, og truleg lært minst so mykje frå seg, både med hand og munn. Skottane var vel helst yngre spræke folk, dei var nok med i leik og gaman - noko her var mykje av då. Dei hev sunge sine songar og leika sine leikar. Nordmennene hev lært noko der og. No hev me diverre gløymt mest alt frå den tida, men endå er her sumt som hev sitt upphav frå skottetia hjå oss. 

Ein folketone
Med umsyn til den tonen, so syner det seg å vere same tonen som den til "Du gamla, du fria, - so kan ikkje eg gjeva nøgnare greide enn at eg høyrde den av mor mi, Marta Olsdotter. Eg tykkjest hugsa ho song den til ein tekst so' eg trur var eitslags sjømannssong, men det der kan eg ikkje få klårt fram i minnet. Men tonen hugsar eg godt, for eg tykte den var so vakker. Ho mor var fødd i 1845, og må ha lært tonen i 1860-åri. Kven ho hev lært den av, er umogeleg for meg å vita. Far hennar, Ole Torgersen, kunde eit utal av tonar og songar. Mor lærde dessutan mange songar av ei Lisa Solheim, so' var frå Kalhovd. Ho var noko eldre enn mor, og var so hæv å syngja. 

Sandvikebryllope
Aamund J. Birkeland (Kvamsdal) og Jetmund J. Birkeland hadde kjøpt ein skogteig hjå dei i Ynnesdalen ned med Sandvikane. Dette var i 1870-åri. Det var urete der dei skulde få veden ned til vatnet, so det var ikkje råd å kjøre. So tok desse karane og saga veden opp i alnekubbar og sette den i lad der oppe under hamrane. Der var fyrti mål ved. So laga dei seg eit par tynner godt øl, og fekk seg fat i noko brennevin. So baud dei kara ihop til duna (dugnad). Dei vilde bere veden til vatnet. 

Ein dag samlast der då i Sandvikane ein 14-15 kara og tok til å bera på denne veden. Dei tok seg vel ein og annan dram, men det vart ikkje so mykje fyrststundes, men då det leid på dag, og dei såg det vart ilt for dei å greie å få veden ned den dagen, laut dei røyne seg meir og ha meir kveikjing. For veden skulde ned den dagen. Dei vilde ikkje ha den skammi at dei ikkje skulde greie det dei hadde teke på seg. Dei sprang både opp etter byre og ned med byre på. Men drammane laut aukast for å halde stimen oppe. Der var ein stor stygg kubb so' ingen vilde ta i byrå si. Sjur Lindebotn baud seg til å ta kubben opp i byra si, hvis han fekk ein dram ekstra. Drammen fekk han, og kubben vart lagd oppå byra hans. Men då han kom ned i ei blaut myr, seig han nedi og fekk både byra og kubben oppå seg. 

Då kvelden kom, var dei ferdige - og so bar det til Byrkjeland med heile laget. Der var det å gå til bords på bryllupsvis. 
Sveitte og heite var dei, men dei spela og dansa heile natti og drakk øl og drammar med dei vann. Då ølet var ende, rusla dei heimatt kvar til seg, men dei var i eit syrgjeleg være då atterslaget etter røyningi og turingi kom. Øystein Ropehøgjen sa sidan: "Pinedeg, va eg so laoke i ryggja i fjorten dage attepao, at eg laut stao å sitje. Eg tord ikkje krukje alder so lite". 

Denne dugnaden kalla dei sidan for Sandvikebryllope. 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal