Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

 

    
Nordbygda Samfunnshus
Forfatter: Klaus Nordli
Publiseringsdato: 29.11.2000

Reising av samfunnshuset var ei stor og viktig sak for Nordbygda. Ikkje berre krevde det stor innsats frå innbyggjarane i form av arbeidsdugnad, materialer og pengar, men også ein stor porsjon mot og optimisme. 

Klaus Nordli som vart vald til leiar for arbeidet og formann i styret ved starten i 1976, har skrive denne orienteringa om Samfunnshuset på Risnes. 

Det var Ungdomslaget Framstig som tok initiativet til nytt samfunnshus på Risnes. I 1928 hadde UL Framstig fått bygt seg ungdomshuset dei kalla Bygdarheimen. Det seiest at det var lensmann Riisnes som ga ideen til dette huset ved at han tilbaud seg å gje trematerialen som skulle til. 
Bygdarheimen var i mange år det største forsamlingslokalet i Nordbygda, men på 1960-talet førde nye og betre kommunikasjonar til krav om eit større hus og plass for bilar å parkere. Ungdomslaget fekk laga teikningar for påbygg av Bygdarheimen i fleire alternativ. Den mest omfattande planen vart lansert som Lars Børnes-planen. Men ved skifte av leiing i Ungdomslaget, skifte også planane for påbygg. 

Tidleg på 1970-talet tok Gunnar Daae som då var ordførar, opp forslag om samfunnshus saman med planlagt ny barne- og ungdomsskule for Nordbygda. I eit valgt styre for dette prosjektet sat Gunnar Daae som leiar, Martin Haugsdal, Magnus Midtbø, Roald Reknes og Sjur N. Kvamsdal. Dei tok kontakt med bygdefolket om dugnadsinnsats og gåver i form av materialer og pengar. Dei skreiv også utkast til vedtekter for Samfunnshus, som seinare er nytta av noverande samfunnshus. 

Saka fekk motbør av fleire årsaker. Først vart ho avvist i skulestyret, og då ho kom opp i kommunestyret som sak nr. 104/74, vart det tommelen ned for kombinasjonen skulehus / samfunnshus. 
Saka låg på is til UL Framstig tok ho opp på nytt hausten 1975. Dei skrinla no planane om sjølve å byggje på Bygdarheimen. Dei meinte det var viktig for Ungdomslaget å samarbeide med andre lag og organisasjonar slik at ein kunne få statsstøtte frå Statens ungdoms- og idrettsutval, STUI. 

Dåverande formann i Ungdomslaget, Johnny Birkeland, fekk fem personar til å gå rundt i bygda å lodde stemninga om bygging av samfunnshus utan at dette lenger var kopla til skulen. Det tidlegare nemnde styret for sambygging med skulen, hadde rådd til å prøve med eit frittståande hus dersom dette var mogeleg. 

Det synte seg at interessa for nytt samfunnshus var stor, både hjå den enkelte og i lag og organisasjonar. Ungdomslaget kalla så inn til bygdemøte på Bygdarheimen for å ta stilling til plassval og finansieringsmåte. Det vart sett fram 3 alternativ til plass: 

1) Hostelandsmarka ved Storstemvatnet, 
2) Skogedalsreset og 
3) Tilbygg til Bygdarheimen etter Lars Børnes-planen. 

Etter ein mindre diskusjon vart det stort fleirtal for tilbygg til vestre enden av Bygdarheimen. Oppe eller i 1. etg. ville ein ha sal og scene, og i underetasjen skulle det vere matsal. Den bygningen som stod der, ville ein oppe nytte til toalett og garderobe, og heile underetasjen til kjøkken. Det vart så kalla inn til nytt møte for valg av styre for bygging av nytt Samfunnshus i Nordbygda, og desse vart valde slik : 

Klaus Nordli, leiar 
Ivar Haukeland, nestleiar 
Rigmor Andersen, skrivar 
Jetmund Andvik, kasserar og 
Inga Sleire, styremedlem. 

Dette styret fungerte frå det vart vald i 1976 til huset vart opna i 1986. Klaus Nordli var formann like til 1992. Styret gjekk inn som byggjenemnd, og i denne var til ei kvar tid formannen i Ungdomslaget med. (I reine styresaker var han ikkje med). 

Under arbeidet med å få det formelle i orden, så som byggjemelding og liknande, kom det protest frå ein av naboane. Odd Holmås som hadde gjeve tilbod om tomt for tilbygget, tok klagen til fylgje og trekte attende tilbodet om tomt. Grunn til tilbygget måtte i så fall oreignast. Men Odd Holmås la samstundes fram tilbod om tomt der samfunnshuset no står. 
Det nye styret kalla no inn til nytt bygdemøte. Det var ein full sal i Bygdarheimen og ei ganske oppheta stemning, særleg blant dei eldre som hadde vore med på reisinga av Bygdarheimen. Dette å gå inn i ei oreigningssak som sikkert ville ta lang tid, og fordelane ved å få byggje nytt der ein kunne forme det heile som ein ville, var for mange tungtvegande. Når alle som ville hadde hatt ordet, vart det stort fleirtal for det nye tilbodet frå Odd Holmås. 

Det vart så møte med arkitekten Mindor Lågeide, der våre ynskje vart framlagde for korleis me ville at huset skulle vere. På dei teikningane me sende inn til STUI for godkjenning, måtte kjøkkenet reduserast slik at sideromma vart gjorde større. 

Når så teikningane var godkjende, kunne arbeidet i marka ta til. Samstundes arbeidde me med finansieringsplanen. I 1978 rekna me med ein kostnad på 2 millionar. Me rekna med å få ca 500 000 frå STUI. Resten måtte kommunen og folket i Nordbygda skaffe. Då var ikkje ventilasjon rekna med i det omfanget det til slutt fekk og 15 cm isolasjon i veggane, som det kom påbod om i 1979/80. Ein valde her å leggje seg på dei nye reglane for isolasjon når huset vart bygt. 

Arbeidet tok til med boring av tomt i september 1977. Det vart leigd rigg frå Vegvesenet som då arbeidde på Masfjordvegen i Rekneset. Ein starta opp ein torsdagskveld, og mandagen var tomta oppbora. Det var endå same mandagen det var Stortingsval 1977. 

I 1978 vart tomta sprengd og planert, og vegen ned til fylkesvegen vart utvida. 
I 1979 vart det støypt fundament for kjellar, murt veggar og montert spennkonbjelkar som dekke over kjellaretasjen. Bygningen begynte å vise i terrenget. Samtidig med dette gjekk det føre seg hogging av tømmer og saging av material. All material vart gjeven gratis, bortsett frå laminerte 
konstruksjonar. 
På dette tidspunkt var det kome eit nytt styre for Ungdomslaget som ikkje likte det som føregjekk. 

Eg som formann vart kalla inn \"på teppet\", og fekk beskjed om at det me dreiv med ikkje var lovleg. Eg tok til motmæle og viste til årsmøte i Ungdomslaget frå 1976, der årsmøtet gav alle si eige over til Samfunnshuset, men med rett til å rå over Bygdarheimen inntil Samfunnshuset kunne takast i bruk. Dette årsmøtevedtaket var endåtil underskrive av alle som hadde vore til stades på møtet. Eg nemner dette for å syne at me hadde ikkje berre medvind i arbeidet vårt med det nye Samfunnshuset. 

I 1980 vart det arbeidd med å få fram material og med fundamentering av inngangspartiet og garderobeanlegg for publikum og skodespelarar. I 1981 vart huset reist, og det var under tak med dører og vindauge på plass i november 81. 
Arbeidsstokken var då ei blanding av dugnads- og leigefolk. Ingvar Sleire og Klaus Nordli hadde permisjon frå vegvesenet frå august til desember. Ingvar Sleire var bygningsteknisk leiar. I tillegg til Ingvar og Klaus, var Leif Inge Fagervik med som løna person. 

Den dagen takstolane skulle reisast, måtte arbeidet gå fram til klokka 0300 om natta, då sjåføren som leverte takstolane måtte nå ferja frå Duesund kl. 0600. Og då troet vart spikra på taket, var heile 24 mann med. Det var då ikkje råd å få \"ørens lyd\" til ein samtale, for hamrane gjekk kontinuerleg. Det vart ein svært triveleg dag. Om kvelden var troet kome på plass, og eldste deltakar var 76 år gamle Martinus Børnes. 

I 1982 vart takstein frå Wergeland lagt på, og innreiinga av huset var i full gang. Det var mange og store rom å kle inn, og då arbeidet fortsatt skulle gå på dugnad, gjekk åra fort. 
Kostnadsoverslaget på 2 millionar frå 1978 viste seg å verta for knapt, mellom anna på grunn av prisstigninga frå 1978 og til frampå 1980-talet. I 1983 kom nye reglar om at STUI kunne auke toppfinansieringa frå 500 000 til 1 million, og etter råd frå Karl Andersen skreiv styret i 1986 til STUI om tilleggsløyving på 500 000 kroner. Det første svaret var ikkje negativt, men då formell søknad vart sendt fram, såg det ut som Hordaland fylkeskommune var bremsekloss for tilleggsløyving. Søknaden vart avvist, men med rett til å klage. Og klaga gjorde me. 

Så vart det nytt Fylkesting med nye folk Fylkeskulturnemnda, og då vår klage vart handsama der, vart det eit heller stort mindretal som støtta oss for tildeling, men me fekk avslag. Med det var det fortsatt klagerett. 
Samfunnshusstyret var no gått trøytt og meinte det ikkje lenger nytta å klage. Men leiaren fekk fullmakt til å klage dersom han fortsatt trudde det var håp. Og klage vart sendt. I rettleiinga for klage vart det gjeve opning for advokathjelp i forbindelse med klage. 

Etter erfaring frå andre hald var eg merksam på at når advokat vart nemnd, skjerpa ein seg i avgjerder som vart tatt. Om det var dette som vart utslagsgjevande, torer eg ikkje påstå, men i det endelege vedtaket frå fylkeskulturutvalet heiter det. -Med dei nye opplysningane i klagen går fylkeskulturstyret samrøystes inn for ny tildeling med ein tredjepart av utlagde pengar/dugnad etter 1.1.1983 med maksimalt 500 000 kroner-. 
Medrekna verdien av dugnadsinnsatsen viste eg at til 1986 låg utgiftene på kring 2 millionar kroner. 

Det var ein glad Klaus Nordli som mottok brevet om ein ny halv million kroner i støtte frå Staten. Denne siste halve millionen kom ca. to år etter at huset var opna 25 oktober 1986. 

Eg har her ikkje nemnt dei som var sterkast med i røysing av huset, men viser til dugnadsbok som er i Samfunnshusstyret si varetekt. 

Klaus Nordli. 

--------------------------------------------------------------------------------

Dugnadsboka har me ikkje fått tak i, men Klaus Nordli meiner det dreier seg om temmeleg nær 20 000 timar og at det er svært mange i Nordbygda som var med og teikna seg for dagsverk og som utførte dugnad. Klaus meiner han sjølv har utført ca, 6000 timar. Harald Børnes og Ingvar Sleire hadde fleire tusen timar kvar. I tillegg til desse var det over 20 personar som gjorde betydeleg dugnad. Samfunnshuset hadde då det vart opna i 1986 totalt kosta kr 4.000.000,- Midlane vart hovudsakleg skaffa til veie slik : 

Tilskot frå staten i 1981/82: kr 500.000,- 
Tilskot frå Masfjorden kommune kr 550 000,- 
Byggelån kr 300 000,- 
Lån i Masfjorden Sparebank kr 150 000,- 
Lån frå Masfjorden Næringsfond kr 180 000,- 
Totalt : kr 1.680 000,- 

Differanse som styret måtte skaffe : kr 2.320.000,- 

Det vart sett i gang innsamling av pengar frå bygdefolket, og rekneskapen syner at det til dømes i 1977 vart gjeve 34.400 kroner av i alt 61 personar med summar frå kr 50,- til kr 3.000,- 

Folket heldt fram med å gje gåver både i 1978 og 1979 og ved utgangen av 1979 var det kome inn på denne måten ca. 70.000 kroner. Ein del lag og organisasjonar hadde då også teikna seg for partar. 
Nemnast må også dei mange arrangement som krinsane, Samfunnstreff og andre organisasjonar stelte til for å samle inn pengar til Samfunnshuset. Men største tilskotet fekk ein gjennom materialleveranser og dugnadsinnsats; ca 20.000 timar som også inkluderer arbeid med maskiner. 

Det tok 10 år frå styret var valt i 1976 til huset vart opna i 1986. Det tok nye to år før sluttfinansieringa var klar og siste tilskotet frå STUI kom. 

I alle desse åra var Klaus Nordli formann i styret og ansvarleg leiar for arbeidet. Det er eit stort og imponerande arbeid Klaus Nordli har gjort for folket i Nordbygda. Me kan i dag alle gle oss over det tenlege og flotte Samfunnshuset vi har fått. 

Jonas Riisnes 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal