Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Vestlandet
 
 

     

 
Fjord og kyst med ferje
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 26.05.2004

Sogn og Fjordane har meir å by på enn dei fleste fastbuande og feriegjester er klar over. Fjordane og kystområda i fylket er svært ulike både når det gjeld natur og kultur. Kvifor ikkje køyre ein dagstur i «ditt næraste feriefylke» i sommar ? 


FRÅ FJORD TIL KYST. Du kan ta mange spennande dagsturar innanfor Sogn og Fjordane fylke. 
Over ser du ferja på veg frå Rutledal til Rysjedalsvika, med Lihesten i bakgrunnen. (Foto: Rolf M. Sørensen.) 

Bur du i midtre eller indre Sogn, vil du oppleve eit tverrsnitt av Vestlandet med å ta turen ut til kysten. Du kan køyre utetter nordsida av Sognefjorden og sjå korleis fjordlandskapet endrar seg i ytre Sogn. Der ligg Hyllestad under den mektige Lihesten. 
Både frå Lavik og frå Rysjedalsvika går det ferje over til sørsida av fjorden - til Gulen kommune med historisk sus frå Gulatinget. Endå meir av sørsida av Sognefjorden vil du sjå med å ta fjordvegen innover til Ortnevik. Eit anna alternativ er å køyre om Matre og ta fjellvegen gjennom Stølsheimen til Bjordal, og køyre vidare til Oppedal eller Ortnevik. 

Frå Rysjedalsvika (og frå Rutledal i Gulen) går det ferje til øyriket Solund. Her kan du køyre rundt i eit særprega landskap av naken konglomeratstein, med idylliske vikar imellom. Frå Daløy går det fylkesvegferje over til Nåra og Ytre Solund. 

Frå Hyllestad har du fleire vegalternativ nordover til det låglendte ytre Sunnfjord og den smale Dalsfjorden. Ferjene Fure - Askvoll og Dale - Eikenes fører over fjorden til kystkommunen Askvoll. Her ligg dei store og livskraftige øysamfunna Atløy, Værlandet og Bulandet. Til Bulandet - landets vestlegaste bygd - er det to timars sjøreise med havgåande ferje. 

Bur eller ferierer du i indre Nordfjord, er også ein tur til kysten ei fin avveksling. Du kan køyre til Måløy og ta ferja over til Oldeide og ytre Bremanger med badestranda Grotlesanden og det tradisjonsrike fiskeværet Kalvåg. Største øya i Sogn og Fjordane har fått ferjefritt vegsamband til fastlandet. 12. juli 2002 opna veganlegget som knyter Bremangerlandet og naboøya Frøya til resten av Bremanger kommune. Den første undersjøiske vegtunnelen i fylket er ein viktig del av vegsambandet. 

Du kan køyre den undersjøiske tunnelen under Skatestraumen, ta ein tur gjennom industristaden Svelgen og hjortebygda Ålfoten, og ta ferja Isane - Stårheim over til nordsida av fjorden att. Alternativt kan du køyre frå Kjelkenes til Eikefjord og attende til Nordfjord over Hyen eller over Førde og Byrkjelo. 

Mellom Sogn og Nordfjord er det også svært greitt å reise ved å bruke Fjærlandsvegen. Kva tid ferjene går, finn du i rutene til Fylkesbaatane. På dei mest trafikkerte sambanda er det ikkje særleg lenge mellom kvar avgang. På samband med mindre trafikk og på lange ferjestrekningar kan det vere lengre mellom avgangane. 
-------------------------------------------------------- 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal