Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk/Artiklar
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
 
Kaptein Harald Risnes
Tekst: Scandion
Kaptein Harald Risnes (1914 - 1967) var sjef for Bjørn West. Som fenrik i infanteriet deltok han i krigen i Noreg 1940, kom til Storbritania i 1941, var først i Kp. Linge, sidan i brigaden og deretter i Commando - kompaniet som nestkommanderande, til han høsten 1944 vart utlånt til Kp. Linge for hemmelig oppdrag i Noreg og for Bjørn West i Masfjordfjella. 

Harald Risnes vart f. 30. mars 1914 i Skifjorden i Hyllestad kommune, Ytre Sogn. Etter folkeskulen gjekk han mellomskule, handelsskule, befalsskule og politiskule, og vart tilsett i Bergens politi januar 1937. 
Då krigen kom, kunne han ikkje halde seg i ro heime. I september 1941 drog han til England med ein motorbåt frå Kinn. Der kom han med i dei norske kommandostyrkane og vart offiser, gjekk gjennom ulike utdannings- og treningskurs og kom med på tokt heim til Noreg. Jula 1941 var han med på strandhogget i Måløy. Sidan var han med Norske Motortorpedobåtar under operasjonar på norskekysten vintrane 1942-43 og 1943-44. 


Foto: Sjefen for Bjørn West, kaptein Harald Risnes og distriktsspesialisten for Vestlandet i London, kapteinløytnant Alf Martens Meyer. 

Våren 1943 var han norsk sjef for landgangsstyrkane som sprengde kisgruvene på Stord. Og han var nestkommanderande for det norske kommandokompaniet. 

I juli 1944 låg han med kompaniet ein stad på sørkysten av England. Då vart han kalla til London og spurd om han ville gå over til ny avdeling, denne gongen heime i Noreg. Der fekk han ansvaret for organisering av heimefrontstyrken som skulle byggjast opp i Matrefjella i Nordhordland under kodenamnet "Bjørn West". Gruppa talde etterkvart 250 mann. 

Her var nye eventyr og ny innsats å gjera, og Risnes sa ja. Han vart løyst frå kommandokompaniet og fekk ny stilling i det norske rikspolitiet i London. Dette vart gjort både for å dekkja dei verkelege planane og fordi han der kunne setje seg betre inn i forholda heime i Noreg. Særleg var det viktig å skaffe seg kjennskap til trafikklinjer og tyskarar og NS-medlemmer i bygdene kring fjella der basen skulle leggast. 

Fire veker var Risnes i rikspolitiet. Då vart han kalla til oberst Øen, F.O. 4 (Forsvarets overkommando avd. 4), som arbeidde for Noreg, og no vart han send til Skottland på nye kurs. Først i oktober var Risnes i London og gjorde alt klart for den vågale ferda. Korleis det gjekk er vel kjendt. 

Bjørn West løyste oppgåva si på ein stråland måte, og avdelinga med mannskap og offiserar og kaptein Risnes til sjef har skrive eit ærefullt blad i Noregs soge. 

Harald Risnes vart gift medan han lå på skauen. Aslaug Bjordal, som etter eit opphald i konsentrasjonsleiren på Espeland reiste til Stordalen, vart fanga av Bjørn West-karene. Då dei oppdaga at ho var kapteinen sin forlovede, vart fangelenkene i ein fart bytta med hymnens lenker. Like før kampane starta, vart dei gifte av feltpresten. 


Minnestøtte ved Bø kyrkje over Harald Risnes og Hyllestad kommune sine menn som tok del i siste verdskrig. 

Høgt dekorert 
Etter freden den 8.mai 1945 reiste heile "Bjørn West"-styrken til Bergen for å halde ro og orden i byen. 
Risnes vart utnemnd til oberstløytnant og vart i 1947 kompanisjef i Tysklands - brigaden. Han var sjef for HV 10 frå 1950 til han døydde i 1967. 

Risnes vart dekorert m.a. med Krigskorset med sverd, og er saman med Bård Grotle dei einaste frå Sogn og Fjordane som har fått denne høgste norske utmerkinga for krigsinnsats. 

I 2000 vart det reist eit minnesmerke over Harald Risnes i heimkommunen Hyllestad. 
----------------------------------------------------------------- 
Kjelde: Rolf R. Skre -"Bjørn West i aktiv innsats" 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no