Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
 
VEDTEKTER FOR STIFTINGA BJØRN WEST-MUSEET 
31.01.2005

§ 1 
Bjørn West-museet omfattar eit to-etasjers trehus på Matre frå 1912 og fire garasjar med grunn, gnr. 59, bnr. 44. Ei sæterbu vart flytta til museet i 1995 og er ei gåve frå BKK. I samlinga inngår ein livbåt frå Vigra, restar av Halsøygavlen og ein god del militære gjenstandar, kart , dokument, lydband, foto og videoopptak. I tillegg kjem ei fagcelle frå Gestqpohuset i Veiten i Bergen. 
Alle våpen og millitære gjenstandar er etter lov Staten sin eigedom og vert forvalta av Forsvarsmuseet. 

§ 2 
Bjørn West-museet er ei stifting med føremål å ta vare på og gjere tilgjengeleg soga om Bjørn West. Museet skal også femna om minna frå den lokale motstandsrørsla i Bergen, Nordhordland og Ytre Sogn, både den militære og den sivile. Vidare må museet arbeide for å ta vare på og formidle minne som kastar lys over folks levekår under krigen. 

§ 3 
Bjørn West-museet er ei særskilt rettsskiping med eige budsjett og rekneskap og med ein grunnkapital på kr. 400.000,-. 
Rekneskap og årsmelding skal sendast til deltakande kommunar og til Fylkesmannen for godkjenning innan 1. mars kvart år. 
Rekneskapen skal vere revidert av ein statsautorisert eller registrert revisor. 

§ 4 
Stiftinga er oppretta 1991 av fylgjande kommunar i Nordhordland og Ytre Sogn, som for 2000 har løyvt midlar slik: 

Gulen kr. 5.000 
Lindås kr. 5.000 
Masfjorden kr. 45.000 
Modalen kr. 5.000 
Osterøy kr. 5.000 
Hordaland fylkeskommune har løyvd kr 15.000. 

Masfjorden kommune har vederlagsfritt overdrege huset og fire garasjar med tomt til stiftinga. 

§ 5 
Stiftinga vert leia av eit styre på 7 medlemer med personlege varamedlemer pluss to observatører med møte- og talerett, men som ikkje har stemmerett. 

Styret skal ha fylgjande samnasetning: 
Ein representant vald av kvar av dei deltakande kommunane (5) 
Ein representant vald av Bjørn West-museets venner (1) 
Ein representant vald av Masfjorden Sogelag (1) 

Ein observatør kan sendast av Hordaland Fylkeskommune 
Ein observatør kan sendast frå Forsvarsmuseet eller Distriktskomando Vestlandet. 

Funksjonstida for dei valde representantane er 4 år. 
Styret vel formann for to år om gongen mellom styrerepresentantane frå Masfjorden. 

I fyrste periode går tre ut etter to år, ved loddtrekkning mellom styremedlemene unntatt formannen. 
Formannen kallar inn styret med minst åtte dagars varsel. Styret vel skrivar og kasserar som ikkje treng å vera medlem av styret.

Styret er vedtaksført når minst fire av medlemmene er til stades. Ved likt stemmetal er formannen si stemme avgjerande. 

Det skal førast protokoll for kvart møte. Referat og protokolltilførslar skal vera godkjent av alle. 

§ 6 
Styret er ansvarleg for drifta av stiftinga og forvaltning av eigendomen, og vil ha fagleg samarbeid med Fylkeskommunen, Forsvarsmuseet og eventuelt andre museum innan fagfeltet. 

Bindande underskrift vert gjeven av styreformann og minst eitt styremedlem. 
Styret skal arbeide for å skaffe stiftinga økonomisk plattform for forsvarleg drift. 
Styret skal utarbeide budsjett for stiftinga innan 1. oktober og sender dette til dei deltakande kommunane. 

Museet skal vera ope for alle. Opningstider og inngangspengar vert bestemt av styret. 

Styret skal serleg arbeide for å leggja tilhøva til rette for skuleelevar. 

Styret engasjerer det nødvendige personell for drift av stiftinga og gjev reglar for deira ansvar og arbeidsområde. 

§ 7 
Museet sine eigne lutar kan ikkje avhendast eller gjevast bort. Med godkjenning frå Forsvarsmuseet kan syret gje løyve til utlån for kortare eller lengre tid. 

§ 8 
Styret kan med 2/3 fleirtal vedta å endre vedtektene. Endringsframlegget skal liggje ved innkallinga. 
Etter stiftelseslova skal fylkesmannen godkjenne endring av vedtektene for stiftinga. 

§ 9 
Dersom ikkje styret greier å drive museet, skal huset overførast til vertskommunen, Masfjorden. 
Fylkesmannen må godkjenne ei eventuell oppløysing av stiftinga. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal