Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
 
Våpensamling
Tekst og foto: Scandion

Bjørn West Museet si våpensamling inneheld mange typar våpen som vart brukt av Bjørn West og dei tyske soldatane under kampane våren 1945. Restane av eit Gewehr 43 er eit av dei. 

På biletet viser Leidulv Solheim, ved Bjørn West Museet, fram restar av eit tysk halvautomatisk gevær av typen Gewehr 43.

Våpenet vart funne av Hjalmar Matre i elva mellom Kringlebotnvatn og Hummelvatn i 1970-åra og har tilhøyrt ein av dei tyske elitesoldatane, MEK-soldatar. (Marine Einsatz Kommando). Nederst på biletet ser du våpenet slik det er orginalt. 

Ved to høve deltok det MEK-soldatar i trefningar i Kringlebotn. 

Våpenet var eit gassdrive, halvautomatisk gevær i kaliber 7.92 mm, og avansert for si tid. Det kom så seint i krigen at det vart relativt lite utbreidd. Ein kunne også montere på kikkertsikte. 

Det var i første omgang berre eliteeiningane, som MEK-soldatar, som fekk dette nye våpenet. 

Spesifikasjonar: 
Lengde: 1130 mm 
Løp: 546 mm 
Vekt: 4,1 kg 
Sikte: Skur og korn/kikkert
Kaliber: 7.92 x 57 mm 
Vo: 745 m/s 
Magasin: 10 skudd 
Ildhastighet: 40 skudd pr. minutt
Effektiv rekkevidde: 800 m 
Maks rekkevidde: 2200 m 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no