Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
    
Matre - soga om bygda
Matrehola. Foto: Scandion. 

Masfjorden vart sjølvstendig kommune i 1879, og vart då utskild frå storkommunen Lindås. Kommunen er liten når det gjeld folketal - berre 1695 - men den største i Nordhordland når det gjeld areal, heile 550 km2. 

Masfjorden er ein typisk vestlandsk fjord- og fjellkommune. Han strekkjer seg frå skjergarden med idylliske holmar, øyar og sund inn mot sjølve Masfjorden, som vert smalare og trongare di lenger ein kjem inn mot botnen av fjorden - til Matre. 

I Masfjorden finn ein i alt 310 vatn og 290 øyar. Arkeologiske funn frå Matrehola fortel om busetnad i Matredalen heilt attende til 700 år før Kristus. 
 
 

Frå gamalt av var Matre ei lita bondebygd i botnen av Masfjorden, - avsides og isolert, men med godt næringsgrunnlag i : 
- gardsbruk og stølsdrift, og med lauv og furuskog 
- fisk frå fjorden og med laks og aure i elv og vatn 
- store fjellvidder med godt beite og høve til jakt på storvilt og fugl. 

Fjorden var einaste vegen til kyrkje og omverda elles, - i båt, eller på isen om vinteren. Dei gamle måtte vere dyktige i båt, både til å ro og segle. Ein båttur frå Masfjorden til Bergen var 6 mil, og kunne ta frå 2 dagar til 2 veker alt etter kor heldige dei var med vind og straum. Båten var oftast det dei kalla slagkeipingar med råsegl og 4 eller 5 par årar. Med seg frakta dei ved, smør, ost, kjøt og ymse handverksprodukt. Det var vanleg å ta seg ei byferd to gonger i året, ei før slåtten og ei før jul. 

Damarbeid. Foto: BKK 

Industrien som nesten kom 
På byrjinga av forrige århundre vart heile Haugsdals- og Matrevassdraget kjøpt opp med tanke på kraftproduksjon og storindustri. Det vart mellom anna bygd hotell, og A/S Matrefallene, som kjøpte grunnen og vassrettane, byrja så smått med førebuingane til kraftutbygginga. 

Då krigen kom i 1914, stogga arbeidet opp. Norsk Hydro kjøpte A/S Matrefallene i 1917, og dei held fram med bygging av ein kraftstasjon i Matredalen. Men etter krigen vart det dårlege tider att, og arbeidet med å reise storindustri på Matre stogga opp for godt. 
 
 

Matre vart eit kraftsenter likevel 
Matre er bokstaveleg talt kraftsenteret i indre delen av Masfjorden. Etter planar om kraft og industriutbygging heilt frå byrjinga av forrige århundre, vart den tidlegare så fredlege og idylliske bygda invadert av kraftutbyggarar i 1951. Dei to dalføra Haugsdalsvassdraget og Matrevassdraget vart lagt i lange vasstunnelar og førde fram til dei to kraftstasjonane i same hall 120 meter inne i fjellet. I tillegg er det seinare bygd tre mindre kraftstasjonar oppe i fjellet. 


Matre i gamle dagar. 

Tysk okkupasjon og russisk fangeleir 
Då tyskarane invaderte Noreg i 1940, starta dei straks å bygge festningsverk for kystartilleri, luftvernartilleri og m.a. ein svær U-båtbunker på Laksevåg i Bergen. 

Til dette trong dei mykje sand, og dette råstoffet var det rikeleg av i Matre. Uttaket av sand vart sett i gong, og det var ikkje få kubikkmeter som vart frakta til Bergen fram til slutten av krigen. 

I 1942 kom tyskarane til Matre med 200 russiske krigsfangar og 30 fangevaktarar. Dermed hadde den tyske okkupasjonen også nådd heilt ut til ei avsidesliggande lita fjordbygd. 

Tyskarane rekvirerte dei to husa A/S Matrefallene hadde bygd til funksjonærboligar. Der budde kommandanten og fangevaktarane, medan ingeniørar og høgare offiserar på vitjing budde på hotellet. Det vart bygd tre brakker til dei russiske krigsfangane. Fire av krigsfangane vart drepne av tyskarane, og dei er i dag gravlagde under ein stor stein på Solheim kyrkjegard. 


Litt av Matre sett frå taubana til BKK. Foto: Scandion. 

Ei lovande framtid 
Frå å være ei avsidesliggande bygd i enden av ein trong fjord, der båt var einaste framkomstmiddel - er Matre i dag i sentrum som aldri før. Med vestlandets hovudfartsåre E39 gjennom bygda er Bergen berre 90 minuttar unna. Med Havforskningsinstuttet si nysatsing på utbygging og forskning, er bygda sikra nye og trygge arbeidsplassar som lovar godt for framtida. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal