|  Shetlandsbussane Tekst: Scandion
 Publiseringsdato: 09.07.2004
 Shetlandsbussane "Hitra", "Hessa" og "Vigra" gjorde til
saman 115 turar frå Scalloway på Shetland - og traffikerte
på norskekysten mellom Hådyret ved Egersund til Måsøy
i Nordland frå hausten 1943 og fram til krigen slutta. 
 Shetlandsgjengen var namnet på fiskarar og sjøfolk
som frå sommaren 1940 - og på oppdrag frå britane (SOE
og SIS), gjekk med agentar og utstyr frå Shetland til norskekysten.
På tilbaketuren hadde dei som regel med seg flyktningar, eller folk
som vart kalla til England av styresmaktene. 
 Sommaren 1942 kom Shetlandsgjengen under norsk leiing
med navnet Norwegian Independent Naval Unit, og dei disponerte 14 fiskefartøy.
I det lange løp var fiskeskøytene ueigna til denne farten,
og i sesongen 1942-43 var det mange forlis og tap av menneskeliv. 
 Hausten 1943 vart difor fiskefartøya bytta ut med
heilt moderne amerikanske ubåtjagarar. Då kom "Hitra" og "Hessa"
og fekk Ingvald Eidsheim og Petter Salen som sjefar, medan Leif Larsen
vart sjef for "Vigra", som kom i januar 1944. 
 Ubåtjagarane hadde ein marsjfart på 16 knop
(20 knop over kortare strekninger), eit mannskap på 24, og var utstyrt
med 
mange moderne hjelpemiddel, m.a. kanon framme og bak,
på kvar side bak brua, og i tillegg eit Colt maskingevær på
kvar bruvenge.
 "Hitra" gjekk den første turen frå Shetland
til Skorpen ved Stad 17. november 1943, og "Hessa" til Sotra 13. desember
1943. "Vigra" gjekk sin første tur til Lånan i Lofoten 17.
januar 1944. 
 Dei tre ubåtjagarane, Shetlandsbussane som dei vart
kalla, gjorde til saman 115 turar fram til krigen slutta. "Hessa" gjorde
29 turar, "Vigra" 41 og "Hitra 45 turar. Dei traffikerte mellom Hådyret
ved Egersund til Måsøy i Nordland. 
 14. mai 1945 gjekk ubåtjagarene sin siste tur frå
Scalloway, Shetland. Dagen etter kom "Vigra" og "Hitra" til Bergen. "Hessa"
kom til Ålesund same dagen. 
 Nedanfor er ei oversikt over turane til Hordaland og Sogn
og Fjordane. 
  
 Sotra - 13.12.1944 
 Hovden i Nordfjord - 09.03.1944 - 16.03.1944 - 18.08.1944
- 18.09.1944 - 26.11.1944 
 Skorpen i Sognesjøen - 07.04.1944 
 Skorpen ved Stad - 11.04.1944 - 01.05.1944 
 Dombevåg i Solund - 16.04.1944 - 18.04.1944 
 Gangsøy i Nordfjord - 07.09.1944 
 Klufti i Fensfjorden - 01.10.1944 
 Follesvåg i Korsfjorden - 20.11.1944 
 Torkildsvåg på Bømlo - 12.02.1945 -
27.03.1945 
 Årøy i Fensfjorden - 21.02.1945 - 14.03.1945 
 Kjelnesvika i Nordfjord - 04.03.1945 
 Slottet i Sunnhordland - 08.03.1945 
 Nautøy på Bømlo - 05.04.1945 
 Storsund i Solund - 23.04.1945 
  
 Batalden i Sunnfjord - 24.03.1944 - 27.03.1944 
 Bømlo i Sunnhordland - 31.03.1944 
 Torkildsvåg på Bømlo - 12.04.1944 -
16.04.1944 - 06.01.1945 
 Stavenes i Sunnfjord - 18.08.1944 
 Gangsøy i Nordfjord - 07.09.1944 
 Drønen i Austevoll - 18.09.1944 
 Horgo i Austevoll - 21.09.1944 - 08.11.1944 
 Steinsøy i Nordhordland - 06.10.1944 
 Dombevåg i Solund - 14.10.1944 
 Sløvåg i Gulen - 21.10.1944 - 23.12.1944
- 18.01.1945 
 Terneskjær i Sunnhordland - 03.11.1944 
 Leirvåg i Nordhordland - 08.12.1944 
 Føllesvåg i Austevoll - 15.01.1945 
 Hernar i Øygarden - 24.01.1945 
 Kjelnesvika i Nordfjord - 01.02.1945 
 Røytingen i Gulen - 12.02.1945 
 Årøy i Austrheim - 21.02.1945 - 14.03.1945 
 Kvalosen i Øygarden - 24.03.1945 
 Nautøy i Sunnhordland - 05.04.1945 
 Storsund i Solund - 14.04.1945 - 04.05.1945 
 Stadlandet - 24.04.1945 
  
 Stavenes i Sunnfjord - 22.08.1944 - 14.03.1945 
 Gåsvær i Solund - 21.11.1944 
 Mjømna i Gulen - 15.10.1944 
 Klufti i Fensfjorden - 05.02.1945 
 Staksvåg i Øygarden - 06.12.1944 
 Kvalosen i Øygarden - 14.04.1945 
 Langøy på Sotra - 21.02.1945 - 10.03.1945
- 04.05.1945 - 09.05.1945 
 Bergen - 14.05.1945 
 Drønen i Austevoll - 26.02.1944 
 Føllesvåg i Austevoll - 11.10.1944 - 23.12.1944 
 Torkildsvåg på Bømlo - 08.11.1944 -
06.01.1945 
 Melingsvåg på Bømlo - 23.02.1944 -
17.08.1944 
 Slottet i Sunnhordland - 25.04.1945  |