Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk/Artikler
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
   
Attraksjon
Forfatter: Øystein Økland

Eit typisk sel eller seterbu, slik som Bjørn West - soldatane brukte til overnatting i Matrefjella under krigen, er flytta frå Rødsetsetra innst i Hopsdalen til museet i Matre. Seterbua er ei gåve frå Arne I. Hope. 

Veteranar i selsdøra: Frå venstre Eilert Eilertsen, Ronny Blendheim og Fredrik Kayser. 

Flyttinga og rehabiliteringa er ei gåve frå BKK i samband med 50- årsmarkeringa for frigjeringa av Noreg. BKK har ytt 100 000 kroner til dette arbeidet. 

Søndag 20. august 1995, i samband med en årlege Bjørn West-marsjen i Masfjordfjella, vart marsjdeltakarar og andre inviterte til eit besøk i Bjørn West-museet i Matre. Formannen i stiftinga Bjørn West, Jon Hope, stod for den formelle overtakinga. Nestformann i BKK-styret, Johs. H. Fosse, helsa frå BKK. 

Jonas Riisnes, ein av initiativtakarane til Bjørn West-museet, kunne ved overrekkinga fortelje at slike sel i Matrefjella vart mykje nytta av soldatane til overnatting. Seterbuene var små og trange. Vanlegvis stod det berre ei seng, eit bord og ein omn i desse sela. Men opptil 10 karar kunne overnatta her. 
 
 


Fredrik Kayser helsar frå veteranane under markeringa på Bjørn West-museet. 

To til tre karar i senga, resten på golvet! Det hende også at dei måtte sova på skift. Det var rett og slett ikkje plass til alle. Det vert også fortalt at enkelte av desse sela var så gisne at det lak frå taket når det vart fyrt i omnen. Vatnet samla seg på golvet. Men karane visste råd. Dei fyrte av eit skot mot golvet med pistolen, og vart kvitt vatnet gjennom kulehola. Bjørn West-soldatane var heilt avhengige av desse sela til overnatting. Idag overnattar soldatar gjerne i telt. Den gongen fantest ikkje slik innkvartering. 

BKK-NYTT august 1995. Foto: Kjell Harald Lunde 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal