Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk/Artikler
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
  
Bjørn West Muséet

Bjørn West Muséet er ei interkommunal stifting som skal ta vare på, og gjere tilgjengeleg, soga om Bjørn West. Museet skal også spreie kunnskap om den militære og lokale motstandsrørsla i Bergen, Nordhordland og Ytre Sogn, og formidle kunnskap om korleis folk levde under krigen. 

På initiativ frå ungdomslaget Framstig i Nordbygda, Masfjorden, vart ei utstilling om Bjørn West presentert i samfunnshuset på Risnes 8. og 9. april 1988. Utstillinga vakte stor interesse og vart m.a. sett av alle ungdomsskuleelevane i Gulen og Masfjorden. 

I samband med utstillinga vart ein kulturkveld arrangert 9. april. Her sette Jonas Riisnes fram ideen om eit Bjørn West-museum. 

Ei arbeidsgruppe etablerte seg som interimstyre for Masfjorden sogelag som vart skipa 1. oktober 1988. Eitt av dei viktigaste måla for sogelaget var å arbeide for eit museum. 

Året etter vart ei arbeidsgruppe peika ut med representantar frå Masfjorden sogelag. Foreningen Bjørn West, Lindås sogelag og Osterøy museum. Denne la ved årsskifte 1989-1990 fram ein rapport med tilråding om å skipe eit Bjørn West - museum som ei interkommunal stifting. 

Eit interimstyre med representantar frå Gulen, Høyanger, Osterøy museum, Foreningen Bjørn West og Masfjorden sogelag arbeidde vidare med saka. Masfjorden kommune stilte vederlagsfritt eit bustadhus med garasjar til disposisjon på Matre. Frå Hordaland fylke fekk ein arkitekthjelp til å planleggje ominnreiing av huset. Hausten 1991 starta dette arbeidet med økonomisk støtte frå Miljøverndepartementet. 

Bjørn West-museets venner vart skipa i april 1992 og løyvde same året 15000 kroner til museet. Saman med løyvingane frå kommunane og Bergenhalvøens kommunale kraftselskap hadde ein 120.000 kroner til disposisjon. 

Utstillingane vart montert i 1992 i samarbeid med Forsvarsmuseet og andre rådgjevarar. Museet vart mellombels opna til Bjørn Westmarsjen 23. august 1992. Sidan opninga har ca. 7000 menneske vitja museet. 

22. mars 1993 vart Bjørn West-museet skipa som ei interkommunal stifting med styrerepresentantar frå Gulen, Masfjorden, Lindås, Osterøy, Modalen, Masfjorden sogelag og Bjørn West-museets venner. 

Til å forebu 50- årsmarkeringa for Bjørn West, og offisiell opning av museet, valde styret ei arbeidsgruppe med Jonas Riisnes som leiar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal