Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk/Artikler
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
 
- Her sloss eg i 1945
Forfatter: Kjell Harald Lunde

Vi veit mykje om kva som gjekk føre seg på norsk side då Bjørn West kom i kamp med tyskarane i Matrefjella i slutten av april og førstninga av mai 1945. Den tyske delen av historien er meir mangelfull: Kva visste tyskarane om Bjørn West før dei gjekk til åtak, kva disposisjonar gjorde dei, kor mange tyske menn fall i kampane? 


Roland Fischer tilbake ved Fossegardane. Han var leiar for ei tysk avdeling som passerte her på veg mot Kringlebotten 29. april 1945. Foto: Kjell Harald Lunde. 

Sommaren 1998 var ein tysk befalsmann for første gong tilbake på valplassen etter invitasjon frå Bjørn West- museet - den syttitre år gamle Roland Fischer. 

Når eg sa ja til å koma tilbake til Matre, så var det ut frå eit ønske om å skapa forståing over landegrensene, seier Roland Fischer til BKK-nytt. Han ville også gjerne fortelja det han hugsar frå hendingane for 53 år sidan. Kanskje kan det vera med å gje svar på noko av det som enno synest uklart. Men han presiserer at han er ingen historikar; han kan berre fortelja det han minnest. 

Det var Einar N. R. Jakobsen som etter halvtanna år med ihuga, privat gransking fann fram til Fiseher. Jakobsen har budd i Tyskland dei siste 18 åra. Faren tenestegjorde som soldat i Bjørn West. 

Fenrik Roland Fischer var berre 19 år gamal då han slåss i Matrefjella i 1945. Han er fødd i Tuttlingen. Han meldte seg frivillig til tysk krigsteneste i 1942. Etter krigen har han vore lektor og seinare rektor ved gymnaset i heimbyen. 

Fenrik Roland Fischer fotografert i tysk marineuniform like før han vart sendt til Matre. Foto : Bjørn West-museet. 

Sendt til Matre 
Roland Fischer og ein del andre tyske soldatar kom til Matre natt til 29. april etter å ha vore innkvarterte på Stend. Sundag 29. april vart ei tysk avdeling sendt ut frå Matre mot Fossegardane. Fenrik Fischer var leiar for denne avdelinga. 

Frå Fossegardane klatra tyskarane opp bratthenget til Klavefjellet. Nokre få soldatar tok seg etterpå ned den ulendte fjellsida ved sørenden av Kriglebotten-vatnet. 

Det kom til kamp mellom Bjørn West-soldatar og tyskarane, og dei to nordmennene Jakob Åsheim og Narve Tindeland vart drepne. 

Roland Fischer var ivolvert i skotvekslinga, men unngjekk å verta råka sjølv. I skyminga etter at skytinga hadde stilna, fann Fischer dei to kameratane Heinz Seider og Otto Hoff skotne og døde. Ein annan tysk soldat låg hardt skada like ved. Fischer tok hand om den skadde tyskaren og fekk han kamuflert med småstein og lyng. Sjølv fann han seg gøymestad bak ein busk der han sat mest urørleg heile natta og heile neste dag. Han frykta at dei norske soldatane ville koma tilbake kva tid som helst. 

Han hadde smurt gjørme i andletet for å vera mindre synleg og våga snautt å nytta kikkert i otte for at sollyset ville verta reflektert i linsene og røpa han. 

Dette fotografiet av seg sjølv bar Obermat Otto Hoff på innerlomma då han vart skoten og drepen i Kringlebotten 29. april. Kula gjekk gjennom fotoet. Foto: Bjørn West-museet. 

Vond ventetid 
- Då eg sat der og venta tok, eg farvel med livet, fortel Roland Fischer. Eg tenkte at eg aldri skulle få sjå kjærasten min att. Eg la eit fotografi av henne framføre meg i lyngen. 

Men det skjedde ingen ting, og den neste natta våga Fischer seg fram frå løynestaden. Han og den skadde soldaten klarte omsider å ta seg opp på fjellet og ned til Fossegardane. Her forlangte Fischer å få hesteskyss til Matre. 
 

Likhenting 
Då Fischer kom ned til Matre, vart han sendt til fjells att for å vera med og henta ned dei 27 tyske soldatane som var drepne på Litlematrestølen den 29. april. Alle mannfolka i Matrebygda var arresterte. Dei vart kommanderte til å vera med og bera lika. 

Minne 
7. mai om ettermiddagen fekk Bjørn West-soldatane høyra særmeldinga "Sovepose og telt" på radio som fortalde at krigen var over. Roland Fiseher hamna i alliert krigsfangenskap; han slapp ut i 1947 og tok til å studera fysikk, matematikk og kjemi. 

Under vitjinga fekk Roland Fischer koma tilbake til Fossegardane, Kriglebotten og Litlematrestølen. Han møtte representantar frå Bjørn West-museet. Han utveksla informasjon med Sven Erik Grieg-Smith, ein forskar som Bjørn West-museet har engasjert på heiltid for å prøva å kartleggja Bjørn West-aksjonen sett med tyske auge. Og han fekk treffa Martin Henrik Matre, son til Åslaug og Hjalmar Matre, ekteparet som var to av nøkkelpersonane i og rundt Bjørn West. 


Einar N. R. Jakobsen, Roland Fischer og Jon Hope studerer kartet over Bjørn West - området på BKK-messa i Matre. Foto: Kjell Harald Lunde. 

Enno er ikkje alle bitane i Bjørn West-historia på plass, og det er vel truleg at somt vil verta ukjend for alltid. Det som Roland Fischer fortalde, har tilført historia nokre detaljar, særleg om hendingane i Kringlebotten. Men den største verdien av vitjinga var at Roland Fiseher viste vilje til å møta menneske over landegrensene for å snakka om vonde minne som høyrer krigsåra til, men som framleis kastar skuggar inn i vår tid. 
---------------------------------------- 
Frå BKK-NYTT, oktober 1998. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal